7-av-10-eierskap-spores-til-skatteparadis

7 av 10 største eierselskap er knytt til skatteparadis

I rapporten “Vindkraftens skyggesider - Tiltak mot overskuddsflytting og skjult eierskap”, har Tax Justice Network – Norge, TJN, kartlagt eigarforholda i vindkraftverk i drift.

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

26. mars 2021

Del:

Økonomiprofessor Guttorm Schjeldrup er kritisk til korleis vindkraftnæringa i Noreg er finansiert. Foto: Robert Reinlund / TV 2

I rapporten “Vindkraftens skyggesider – Tiltak mot overskuddsflytting og skjult eierskap”, har Tax Justice Network – Norge, TJN, kartlagt eigarforholda i vindkraftverk i drift. Rapporten viser at 7 av de 10 største eigarselskapa kan knyttast til skatteparadis, enten gjennom eigarstruktur eller finansiering. Totalt kan 42% av vindkrafta her i landet knyttast til skatteparadis.

Vindkraftinvestorane får operere slik vestlege stormakter og kyniske kapitalselskap har utnytta naturressurser i «u-land». Dei tar ut all forteneste, og ikkje éi krone av overskotet vil gå i skatt til Norge, viser ein ny rapport fra Tax Justice Network – Norge (TJN)

I november 2019 avslørte TV 2 at ingen norske styresmakter visste kven som eigentlig eide ein av dei største vindkraftanlegga i Noreg, Tellenes vindkraftverk. TV 2 spora også pengestraumen frå anlegget til den skattefrie øygruppa Cayman Islands. Vindkraftverket var finansiert med store interne lån. Slik kunne morselskapet på Caymanøyene sikre seg skattefrie renteinntekter og samstundes redusere skattbart overskot i Norge. Konsekvensane kan være at nordmenn må betale meir skatt, meiner professor.

Ifølgje TJN – Norge er Luxembourg eit av landa der dei fleste direkte investeringar i Noreg kjem frå. Økonomiprofessor ved NHH og leiar for Norwegian Center of Taxation, Guttorm Schjeldrup, seier at det er eit dårleg teikn at slike strukturar som ein ser i tilfellet med Luxcara er involvert i norsk vindkraft. – Det er umogleg å finne fram til kven som eig selskapa og kva økonomi selskapa har, seier Schjeldrup.

Rapporten “Vindkraftens skyggesider – Tiltak mot overskuddsflytting og skjult eierskap”, Tax Justice Network – Norge, TJN, mars 2021

TV2 Nyhetene 25.03.2021 Ny rapport: Nesten halvparten av norsk vindkraft er eigd frå skatteparadis

Reagerer etter nye funn: – Dette må vi ta tak i

Nye innlegg