haramsoya-nyhetssak-klage-paa-nve-vedtak

Ålesund formannskap klagar på nytt NVE-vedtak

Ålesund kommune meiner støyforhold og skredfaren ikkje er godt nok undersøkt og klagar på NVE sitt vedtak om å godkjenne endra detaljplan og MTA for Haram vindkraftverk.

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

29. september 2020

Del:

Kart: Turbinplassering i endringssøknad av 6.5.2020.

Ålesund kommune meiner støyforhold og skredfaren ikkje er godt nok undersøkt og klagar på NVE sitt vedtak om å godkjenne endra detaljplan og MTA for Haram vindkraftverk.  

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har godkjent Haram Kraft AS sin justerte detaljplan og miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) for Haram vindkraftverk. Mot to stemmer fra Høgre, ber formannskapet kommunedirektøren klage på vedtaket.

– I juni vedtok kommunestyret stans i påvente av ny støyrapport. Vi meiner dette ikkje er teke omsyn til, seier Geir Ove Leite (Ap).

 – Vi har tidlegare sagt at skredfaren må utgreiast nærare. Rapporten frå NVE og Multiconsult AS endrar ikkje dette inntrykket. Vi har peika på det vi meiner er stor skredfare i heile området, sa Leite, som la fram felles forslag fra alle partia.

Tore-Johan Øvstebø (KrF) peika på at støy er vanskeleg å måle og at lyd ber betre over vatn.

– Målingane er avhengig av tid på året og temperatur. Då er det påfallande at ein har valt sommaren som eit worst-case-scenario i støyberekninga, seier Øvstebø. Han viser til at NVE skriv at dei ikkje finn støtte for at worst-case er på sommaren.  Også turbulens er lite greia ut for, meiner Øvstebø.

Birgit Oline Kjerstad i Nei til vindkraftverk på Haramsøya er svært nøgd, og ho håper kommunen vil be om at vedtaket til NVE ikkje trer i kraft før klagen er behandla.

– På ein sånn stad som Haramsøya, med hav på alle kantar og høge turbinar i fjellet, er det all grunn til å vere merksam på fenomen som kan auke støyen, seier ho.

I godkjenninga frå NVE er det eit vilkår at støynivået ikkje skal overstige eit worst case-nivå på Lden 45 desibel. NVE skriv at med dei nye turbinplasseringane vil færre bustadar kunne få støy over grenseverdien. «… det alltid er usikkerheit knytt til berekning av støy frå vindturbinar», …  « … omgjevnadane vil oppleve støy frå vindkraftverket, og nokre kan føle dette som ei belastning også der støyen er under grenseverdien». NVE meiner støyprogrammet er i tråd med rettleiar, og at vilkåret er oppfylt.

Les meir i Sunnmørsposten

Nye innlegg