crypto-blog-featured-image1

Åpent brev til Tina Bru!

Kjære Tina Bru Eg har fått med meg at du […]

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

14. juni 2020

Del:

Kjære Tina Bru

Eg har fått med meg at du vart trua og kalla med ukvemsord, på kaien i Haugesund, fredag 12.juli. Slik oppførsel er ikkje greit, og vaksne folk burde halda seg for gode til det. Eg var sjølv med på denne demonstrasjonen, men fekk ikkje med meg denne episoden. Denne personen som laga uro, er ikkje ein del av gruppa, og hadde heller ikkje på seg gul vest eller T-skjorte med motvind-logo.

Me som er med i Nei til Vindkraft i Tysvær, har hatt fokus på nettopp dette, at trass i sterk uenighet, så skal me møta alle med høflighet og respekt. Bruk av bannord og ukvemsord skal me halda oss for gode til. Og derfor synest eg det er litt dumt at denne episoden vart tillagt gruppa vår.

Dagens kamprop frå oss var: «Tina Bru, du må snu» , dette vart repetert ein  del gonger. Dette vil nok også opplevast som støy.

Men saka er så alvorleg, at me må få kommunisert det ut. Du har tidlegare uttala at støynivået mot vindindustrien må reduserast.  Skal det skje så er det utan tvil du, Tina Bru, og regjeringa, som sit med nøkkelen.

Og kva er vel litt støy under ein kortvarig demonstrasjon, målt opp mot den støyen som ein del får nær heimane sine, når dei får nye «naboar – vindturbinar, mot sin vilje. Dei som såg debatten på NRK, 4.juni, fekk høyra eit sterkt innslag frå Lisa Svalestad i Egersund. Som kommentar til dette, uttala både direktør i NVE, Kjetil Lund og du, at her var det sterkt behov for endringar. Men likevel «står de med opne auger» og godtek at nye slike «spesielle tilfelle» vert bygd. Vår venn, Nils Bjørklund, får næraste turbin, i Tysvær vindkraftverk, ca. 500 meter frå bustadhuset sitt. Enno er ikkje maskinane komne ut i terrenget, så det er ikkje for seint å stoppa dette. I same debatten forklarte du «slike spesielle tilfelle» med at sidan teknologien hadde hatt så stor utviking, og turbinane var blitt så mykje større, så kunne dette skje. Og akkurat her peikar du på sakens kjerne. Det anlegget som Tysvær kommune gjekk inn for i 2004/05, er noko heilt anna enn kva som no skal byggjast. Derfor burde de sett foten ned forlengst. Det har vore fleire søknader om større turbinar og forlenga oppstartstidspunkt. Hadde de ikkje heile tida innvilga desse søknadane, så ville me sannsynlegvis ikkje vore i denne fortvila situasjonen som me er i, i dag.

Då det vart oppdaga at Hersdalsvegen ikkje var med i planen, så jobba ditt departement veldig effektivt, trur berre det var snakk om timar, før statleg plan over Hersdalsvegen var bestemt. Og det vert «skrytt om» det gode samarbeidet OED og NVE har med vindindustriutbyggjarane. Dette står i sterk kontrast til dei ca.30 ordførarane, som skreiv brev til OED og som så vidt eg veit, enno ikkje har fått svar, 5-6 månader seinare.

Her er rikeleg med motargument, for å vera i mot vindkraft utbyggjinga. Skal ikkje ta med alle punkta her. Men for eigen del, så er omsynet til naturen, fugle-og dyrelivet, veldig viktig. Det å vera ute i naturen, å sitja i ro,  høyra stillheten, og oppleva skaparverket sine mange «juvelar» på nært hald, har for meg vore eit av dagens/vekas høgdepunkt gjennom eit langt liv.

Sjølv har eg aldri vore med på noko som helst slags demonstrasjonar før. Men eg ser på dette som så viktig at eg berre må stilla opp. I «Hersdalsgjengen» har me også med fleire eldre, mellom anna ei dame på 84 år, som heller aldri har vore med på ein demonstrasjon før. Men sist veke var ho i leiren kvar dag frå måndag til fredag. Kvifor? Jo, fordi ho meiner at dette er så viktig!

I arbeidet mitt på sjøen, så har eg utallige møter med havørna, på «minnebrikka» mi. Denne fantastisk flotte fuglen som kan liggja å flyta på luftstraumane i timevis. Spesielt no i hekketida på våren, er der ein del fuglar som «prøver seg» med småangrep, for å få ørna bort frå sine hekkeområder. Men oftast bryr den seg ikkje så mykje. Tek berre nokre kraftige vengeslag og seglar vidare. Men med vindturbinar i området, så er risikoen for å bli truffe av eit vindturbinblad tilstades. Er den heldig, får den eit dødeleg slag, og dei evige jaktmarker er umiddelbart  inntekne. Skulle den derimot vera uheldig, får den kanskje «berre» eit slag over vengene, som knuser alt bein , og fuglen er nøyd til å krypa i skjul, og går ein langsam og smertefull død i møte. Dette hender utan nokon som helst reaksjon mot vindturbinselskapet. Som ein parantes, kan eg nemna, at strafferamma for å skyta eit freda individ, er på inntil 6 år.

Mange av fugleartane som har vore relativt vanlege før, slit i dag. For eksempel så er bestanden på lerke halvert på få år. Årsaka til dette er nok sikkert samansatt, men når fuglane må gjennom «skogar» av vindturbinar, så er det i alle fall ikkje med og aukar overlevelsesprosenten.

Ein båttur frå sør til nord, i vårt langstrakte land, har for inntil få år sidan, vore ei fantastisk oppleving. Men verdien av opplevinga vil nok bli kraftig redusert, når dei bortimot100 gitte konsesjonane vert bygde. Ei slik «teppebombing» av norskekysten, vil nok kunne bli ein tragedie for trekkfuglane også,  som har sine ruter langs vår langstrakte kyst.

Så til deg Tina Bru. På kaia i Haugesund lova du Hildegunn Flengstad, å bli med på tur til Gudbrandsfjellet. Det synest me i gruppa var flott! Håpar været blir bra, så du verkeleg får sjå kva kvalitetar «Hertervigs landskap» har å by på. Og kor stort område, på Haugalandet og innover Ryfylke, som vil bli påverka av denne visuelle forsøplinga.

Og til slutt. Den støyen og det ubehaget du opplevde på kaia i Haugesund, er nok dessverre for ingenting å rekna, samanlikna med dei som får støy og infralyd, skyggekast og iskast i nabolaget. Det gjeld både mennesker, fuglar, insekter og dyr. Naturmangfaldet er viktig for vår eksistens. Så eg gjentek det gjerne: Tina Bru, du må snu!

Tysvær 14.06.20
Andreas Lund

Les mer om Tysvær vindkraftverk.

NRK debatten 4. juni 2020

Nye innlegg