Bremangerlandet vindkraftverk

Foto: Jørund Nygård, Kjell Aga Ulvestad, Svenn Petter Kjerpeset, Jostein Nygård

Saken

Kontroversar

Trekkfugl: Vil stenge flaskehalsar i hovudruta for fugletrekket frå Afrika til arktiske områder
Klimaavtrykk: Store deler av området er terrengdekkande myr
Rasfare: Inngrep i myr vil auke drenering til elv med registrert høg flaumrasfare mot busetting
Naturmangfald: Inngrepsfri natur (INON), hubro, kongeørn, havørn, høyfjellsarter av fugl, flaggermus
Naturvern: Grenser til foreslått verneområde under behandling i regjeringa
Telekommunikasjon: Konflikt med nasjonal hovedsendar
Luftfart: Potensiell forstyrrelse av luftfartskommunikasjon via hovudsendar
Forsvaret: Forsvaret meinar delar av anlegget vil forstyrre deira radarsystem
Friluftsliv: Lokalt viktig friluftsområde. Grenser til regionale og nasjonale friluftsområder
Turistattraksjoner: Vetvika, Hornelen, Tongane Kystfort
Kulturminner: Varpestølen, Rugsund handelstad, steinalderbuplassar i Skatestraumen
Helse: Drikkevannskjelder, støy, skyggekast
Transport: Massetak fjernar vinddempende massar ved fylkesvegen. Kan isolere øysamfunnet i uvær
Miljøkategori: D/E. Riksantikvaren og Miljødirektoratet har frarådd prosjektet. Innsigelse fra Fylkesmannen. Stor konflikt i fylkesplan for Sogn og Fjordane.

NVE gav avslag på konsesjon i 2015 på grunn av konsekvensar for fugl, tap av inngrepsfri natur, friluftsliv og sumvirkning andre vindkraftverk i regionen.
OED ved Terje Søviknes overprøvde NVEs avslag og ga konsesjon.

Området og landskapet

Langs fjorden og Dalevatnet er bygder, gardar og fiskevær som alle er kjent som Bremanger. Namnet kjem av norrønt «Fjorden der båra bryt». Langs kystlinja er store sandstrender, brutt opp av skjær. Bremanger er blant annet kjent for Hornelen, Nord-Europas høgste sjøklippe og Vingenfeltet, et av Nord-Europas største helleristningsfelt. Kalvåg på naboøya Frøya er Sør-Norge sitt største og best bevarte fiskevær. Kommunen var en del av Terra-skandalen fra 2007

Fjellplatået på Bremangerlandet er det vestlegaste og sørlegaste kystplatået i Norge, det er også det høgaste. Her er dei vestlegaste høge fjell i landet, der Blånibba, 1 670 moh. er det høgaste. I aust, nord og vest endar øya i enorme havklipper, inkludert Hornelen som er den høgaste havklippen i Europa og har  imponerande overheng og stup på 860 meter. Fjellet er kjent for troll, jotnar og hekser som vikingkongar prøvde å beseire i fleire segn og soger. Dei store klippene blir i vest brutt opp av Vetvika, med ei av dei mest spektakulære sandstrendene i verda.

I kvar retning er det panoramautsikt. Sørover ser ein Frøyalandet og Florø-skjærgården med sine fjelløyer. I aust ser ein Nordfjord, Sunnmørsalpane og isbreane på fastlandet. I nordaust ser ein Vågsøyplatået og Stadtlandet reise seg frå havet. Vestover er det endelause storhavet. Her står du lengst vest i landet og høyrer bølgene drønne i klippeveggane 400 meter under deg.

Bremangerlandet har fleire omliggande fuglefjell, og heile området er rekna som eit av dei viktigaste for sjøfugl i landet med kritiske bestandar av lundefugl, ærfugl, tjeld, fiskemåke, gråmåke, svartbak, makrellterne, rødnebbterne samt lommar, lappedykkarar og andefuglar. Bremanger er sørlegaste lokalitet for mange av artane, og hit trekker større mengder sjøfugl frå koloniar lengre nord for å overvintre. Tilstrømminga av sjøfugl trekker også til seg store ørnebestandar fra indre fjordstrøk. På platået er det hekkande bestandar av høgfjellsfuglar som boltit, lappspurv, bergirisk, sanglerke og lirype. Artsmangfaldet av fugl vert rekna for  unikt i Norge, etter Finnmarkskysten. I tillegg til å være et eit viktig område for havørn, kongeørn og vandrefalk, er Bremanger kjerneområde for hubro i ein ellers svak region, med fleire hekkeplassar konsentrert i Skatestraumen og Frøysjø-området som skil øya frå fastlandet.  Øya har viktige bestandar av flaggermus. Hjortebestanden er ein av dei største i landet, og ellers beitar sau og geiter på platået.

Fjellplatået på Bremangerlandet er det største inngrepsfrie området på kysten av Sør-Norge. Det er samanhengande urørt frå «hav til fjell», og dermed den mest sjeldne og verdifulle typen urørt natur i Norge. Det er ope, trelaust og småkupert, dominert av store terrengdekkande myrer, fjellvatn og steindekte knausar med innslag av lynghei. Det pågår ein prosess i regjeringa med å gjere akkurat dette området til nasjonalpark og nasjonalt kulturområde.

Stien til Vetvika er den raskast veksande turistattraksjon i regionen. Platået er ein ressurs med sjeldan natur som vert stadig meir verdifull, og byr stadig fleire besøkande på store naturopplevingar. Det varierar frå populære stiar og stølar, til store områder knapt med menneskeleg påverknad.

Reiseliv er ei viktig vekstnæring i Bremanger, og mange fryktar konsekvensane ved ei utbygging. NHO Reiseliv har ytra sterk motstand mot utbyggingsplanane.

Fiskeværet Kalvåg er ei populær gjestehamn som har ein av dei beste sjømatresturantane i landet. Frå den vil utsynet om vindkraftverket blir realisert, bli tre vindkraftverk; Bremangerlandet, Hennøy og Guleslettene.

Saka

Utbyggar SFE vil bygge ut vindkraft på øya Bremangerlandet; i unik kystnatur, midt i fugletrekket, i CO2-rik torvmyr – mot Bremanger kommune si vilje.

Den aukande motstanden mot vindkraftverket er ikkje berre ein lokal kamp for å bevare livskvalitet og friluftsglede. Viktige nasjonale interesser er i sterk konflikt med vindkraftverket, og ei realisering vil svekke naturmangfaldslova i så stor grad at det er vanskelig å sjå at den vil vere relevant i framtidige utbyggingssaker.

Dette er truleg den mest skadelege plasseringa av eit vindkraftverk som er mogleg for trekkfugl i Norge. I radarmålingar vart det i 2018 dokumentert at ein av verdas viktige trekkvegar – hovudtrekket mellom Afrika og arktiske områder, går konsentrert gjennom flaskehalsar i dalfører på Bremangerlandet. I utbyggingsplanane er det turbinar eller kraftlinjer i samtlege områder med konsentrerte fugletrekk på øya. Sjølv NORWEA, bransjeorganisasjonen for vindkraftprodusentar uttalar at vindkraft ikkje kan plasserast i fugletrekk. I konsesjonsbehandlinga la både NVE og OED til grunn at fugletrekka gjekk lenger vest, over ope hav, på tross av at det fanst radarmålingar frå 2012 som viste det motsatte.

I dette unike området er det altså gitt konsesjon til vindindustri. Godkjenninga blei gitt på bakgrunn av ei konsekvensutredning frå 2011 der konsulentselskapet brukte kun ein dag på naturundersøking. OED hadde ei synfaring i 2017 som blei gjennomført i tjukk tåke. Området er aldri blitt undersøkt etter nyare naturtypekartlegging og sopp og moseartar har aldri vert undersøkt. Bremangerlandet blir rekna for å ha viktige bestandar av raudlista artar flaggermus, men heller ikkje dette er undersøkt. OED innrømte at kvaliteten på undersøkelsane var mangelfulle, men gav konsesjon likevel.

I utbyggingsområdet ligg det største myrområdet i regionen. Høg årsnedbør betyr at myrene følger terrenget. Vegskjæringar og oppstillingsplassar i denne typen myr gjev drenering av store areal. Resultatet blir rask omdanning av karbonrik torv og store CO2-utslepp. Forskning frå Skottland viser at vindkraft i slike områder vil kunne ha eit negativt klimabidrag over heile konsesjonsperioden, og myrtypen kan aldri restaurerast til naturtilstanden.
Utbygging av Bremangerlandet vindkraftverk vil altså sannsynlegvis auke norske CO2-utslepp.

Like alarmerande er det at NVE har registrert størst mogleg flaumrasfare i ei elv som rasar ned mot bebyggelsen i Bremanger. Elva får vassføringa frå myrområdet, og ei utbygging vil redusere den flaumdempande effekten av myra – med potensielt fatale følger.

Utbygginga vil utsette lokalbefolkninga i Bremanger for høg støypåverknad, særleg gjeld dette langs Dalavatnet, ein arm av fjorden Bremangerpollen som delar opp øya.

Klimatiske forhold tilsier at anlegget vil bli eit av dei med størst utfordringer med iskast i Norge. Risikoen for iskast er størst i områder med temperaturar mellom 5 og 0 grader, høg luftfuktigheit og høg årsnedbør. Her ute i havgapet er høy det luftfuktighet og mildt året rundt. Samtidig er det såpass høgt oppe på platået at frost er vanlig i alle månader utanom sommaren. Årsnedbøren er svært høg.

Vindkraftverket vil dermed ikkje berre gjere populære friluftsområder og turistattraksjonar lite attraktive, det vil også gjere det farleg å ferdast der utanom sommaren. Området er i dag det mest snøsikre på øya og er viktig lokalt rekreasjonsområde på vinteren. Størstedelen av utbyggingsområdet er registrert som viktig lokalt friluftsområde og grensar til regionale og nasjonalt viktige friluftsområder. Idrettslaget og DNT har til saman seksten turpostar på øya, samtlege vil få utsikt til turbinar, og fleire turmål vil bli sterkt støypåvirka.

Stien til Vetvika er planlagt avstengt av vindkraftverket. Stien blei verken nemnt eller vurdert av OED når det blei gitt konsesjon. Det same gjeld pilgrimsleden Kinn-Selja.  Langs sherpastien opp, vil utbyggerane ha kraftlinjer for å koble på vindkraftverket.

Ei rekke hytter og bustadar vil komme innanfor maksimale støygrenser på 45 dba. Spesielt er utfordringa stor for kulturmiljøet Varpestølen. Her kjem næraste turbin berre 120 meter frå, noko som vil ødelegge stølen som kulturminne og fritidsbustadar med aktiv bruk.

I nasjonale retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraft er det skissert kva konflikter med andre interesser som talar mot vindkraftutbygging. Dette er: Vern, landskap, biologisk mangfald, inngrepsfrie areal, kulturminner og kulturmiljø, friluftsliv, støy, reiseliv, forsvarshensyn, landbruk, sivil luftfart og samiske interesser. Alle skal vektleggast, og ei sterk nok konflikt med berre ei av dei, skal i utgangspunktet bety avslag. Bremangerlandet er i ein unik situasjon, med store uavklarte konflikter på alle punkt utanom landbruk og samiske interesser. Området var òg avmerka med høg konflikt i fylkesplan for vindkraft.

Denne saka latterleggjer heile konsesjonssystemet og er ein åpenbar svikt som illustrerar at godkjenning av vindkraftverk er politisk motivert, ikkje fagleg fundamentert. I tillegg til at NVE opprinneleg ga avslag i 2015, fjerna NVE området frå nasjonal ramme for vindkraft i 2019. Dette i samråd med Miljødirektoratet og Riksantikvaren på grunn av fugletrekk, sjeldne landskap og flaggermus. Området er altså offisielt vurdert som ueigna til vindkraft på grunn av store konflikter.

Forsvaret har varsla at vindkraftverket vil svekke radarsystemet deira og er negative. Norges Televisjon, som har konsesjon på hovudsendaren på Bremangerlandet, meiner at forstyrrelsane frå turbinane vil bli så store at sameksistens er umogleg. Denne hovudsendaren har digitalt bakkenett, radio, naudnett, mobilnett, luftfartskommunikasjon og forsvarskommunikasjon. Ei utbygging vil altså betydeleg svekke samfunnstryggleiken for store delar av kysten av Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

Ein stor kontrovers lokalt er massetak som er plasserte slik at dei vil gi avrenning til drikkevasskjelder. Konsulentselskapet har anbefalt flytting av massetak, så langt er dette ikkje hensynstatt. Mattilsynet er kritiske til ivaretakinga av drikkevatn sjølv om den tilrådde flyttinga vert gjennomført.

Eit massetak ved tilkomstvegen der den utledar frå fylkesvegen er også kontroversielt. Staden er utsatt for turbulente vindkast, og der har vert ulykker med tungtransport. Utbyggar vil sprenge ut masser fra knausar som i dag dempar vinden mot fylkesvegen.  Gjennomføring av planane vil dermed kunne isolere øysamfunnet og gi store utfordringar for eksportindustrien når det er mykje vind.

Kraftlinja som trengs for å kople anlegget på sentralnettet er svært kontroversiell. Den bryt både med signerte grunneigaravtaler og vilkåra frå kommunen. Den vil gå gjennom nasjonale/internasjonale friluftsområder ved Hornelen, i luftspenn over hovedskipsleia langs kysten, gjennom den største konsentrasjon av steinalderbuplassar i Norge – med tilknytning til bergkunstfeltet Vingen som det blir jobba med UNESCO-verdensarvstatus for, forbi Tongane Kystfort, det største tyske fortet på Vestlandet og eit av dei få med aktive krigshandlingar, den freda Rugsund Handelstad frå 1600-tallet og hekkeplassar for hubro i urørt natur. Allereie i 2007 ropte Riksantikvaren varsku for området, og erklærte det som eit av 27 områder langs norskekysten der ein under ingen omstendighetar kunne etablere vindindustri.

Status

Eit klart politisk flertall i Bremanger kommune er mot utbygginga. Bremanger kommune har stilt seg negativ til vindkraftverket og har formidla sine argument i møte med OED.

Kommunen har avslått søknad om dispensasjon fra kommuneplanens arealdel. Utbyggar har påklaga avslaget og saka ligg til behandling hos Fylkesmannen.

MTA-plan og søknad om konsesjonsendringer blei tatt til behandling av NVE 01.11.2019. I dei endra planane er det forutsatt auka installert effekt fra 80 til 86.4MW, auka turbinhøgde frå 130 til 150 meter og 20% samla auke i sveipareal. Saka ligg framleis til behandling i NVE.

Den Norske Turistforening, Naturvernforbundet, Norges Jeger og Fiskeforbund og Norsk Ornitologisk Forening sier i brev til OED at konsesjonen har blitt gjeve på grunnlag av manglende opplysninger, og saman med ei rekke nye vurderingar tilsier dette at konsesjonen må trekkast. Subsidiert gjer dei store endringene at ny konsesjonssøknad og ny konsekvensutredning er nødvendig.

Motvind Norge

Der kommunane ikkje vil omklassifisere LNF-områder i kommuneplanens arealdel, skal statleg arealplan ikkje vurderast av OED. Sjå Faurefjell (Bjerkreim) og Skorveheia (Flekkefjord).

Motvind Norge ser saka om Bremangerlandet som ei viktig prinsippsak med særleg store negative miljøkonsekvensar og manglar i prosessen ,der OED oppheva NVE sitt avslag. Vi vil vurdere rettslege grep mot en eventuell statleg arealplan i samråd med den lokale motstandsgruppa.

Motvind Norge avventar behandling av MTA-plan og konsesjonsendringar hos NVE og OED, men grunna kommunen sitt avslag på dispensasjon fra kommuneplanens arealdel, vil ei eventuell godkjenningar uansett ikkje medføre byggestart.

Vi meiner at konsekvensutredninga frå 2011, forutan å vere av dårleg fagleg kvalitet, ikkje er relevant til det omsøkte endra tiltaket. Dermed vil ei eventuell godkjenning av MTA-plan og konsesjonsendringar vere ugyldig etter norsk lov.

Foto: Kjell Aga Ulvestad

Lenker

NVE konsesjonssak NVE Konsesjonssak kraftlinje Nei til vindkraft på bremangerlandet Høyringsinnspel - Nei til SFE, BKK

Tidslinje

1990 - 2016

1990
Planene om vindkraftverk på Bremangerplatået er gamle. Den første konsesjonen blei gitt tidlig på 90-tallet, heilt ytterst på platået. Dette skulle bli dåtidas største vindkraftverk i landet, men blei stogga av Forsvaret på grunn av tap av radarsignal.

2002
SFE med hovudeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune kjøper opp Ytre Fjordane Kraftlag og blir største kraftselskapet i Bremanger.

SFE og Zephyr lanserte nye planar om eit vindkraftverk som inkluderar mesteparten av fjellområda på øya. Vindkraftplanar blir også lansert på naboøya Frøya. På dette tidspunktet var dette det største planlagte vindkraftverket i Norge.

2005
Vestavind Kraft AS stifta av SFE, BKK, Tafjord Kraft, Sognekraft, Sunnfjord Energi, Sunnhordland Kraftlag og Haugaland Kraft. Vestavind Energi overtok vindkraftprosjekta til SFE, inkludert Bremangerlandet.

2006
Etter stor motstand frå dei fleste grunneigarane, blei nedskalerte planer lansert saman med lovnader om utbetring av fylkesvegnettet til 2-felts veg. Planene besto då av to vindkraftverk. Det eine blei seinere fjerna, mens det andre, midt på platået, vart utvida.

2007
Vestavind Kraft AS og Zephyr AS stifta Bremangerlandet Vindpark AS

Finanskrisa råka Bremanger hardast av alle norske kommunar. Kommunen har gjort spekulative milliardinvesteringar gjennom Terra med lånte pengar med garanti i framtidige kraftinntekter frå vasskraft. Frå å vere ei av dei rikaste i landet, hamna kommunen på ROBEK-lista.

2009
Elkem selde kraftproduksjonen i Bremanger til SFE som stifta Svelgen Kraft Holding AS saman med Tafjord Kraft og Sognekraft som medeigerar.

Vindkraftforum Sogn og Fjordane stifta. Dette er ein lobbyorganisasjon for vindkraft som blir tildelt over 3 millionar frå fylkeskommunen. Årleg? Fleire sentrale politikarar får betalte verv og har dobbeltroller i vindkraftforum, kraftselskap og fylkeskommune.

2011
Sogn og Fjordane vedtok fylkesplan for vindkraft. Vindkraftforum fikk ei særrolle til å nedjustere konfliktnivået i områder for vindkraftplanar. Mange av politikarane som vedtok planen hadde anten verv i Vindkraftforum eller i kraftselskapa som eig Bremangerland-prosjektet. Heile Bremangerlandet blei vurdert som for konfliktfylt av Fylkesmannen, men den vedtatte planen har delar av øya som akseptable utbyggingsområder. Prosessen fekk skarp kritikk frå Naturvernforbundet, Fylkesmannen og juristar.

Konsekvensutredning kom for det eine vindkraftverket og tre alternative kraftlinjer til fastlandet. Planane vart meldt inn til NVE for eit vindkraftverk med 80MW effekt. Trass i nedjusteringa av konfliktnivå i fylkesplanen, er størstedelen av vindkraftarealet lagt i område med høg konflikt.

2012
Kommunestyret i Bremanger sa ja, trass stor motstand og fraråding frå administrasjonen. Alle representantar frå Bremangerlandet stemte mot. Tilrådinga var på strenge vilkår om gjennomføring av den lova vegutbetringa, at kraftlinja helst skal leggast i kabel og ikkje komme i konfliktområder, samt at regjeringa må innføre eit skatteregime for vindkraft som sikrar kommunen større inntekter. To andre vindkraftprosjekt på fastlandet, Guleslettene og Hennøy, blei også vedteke einstemmig – grunna kommunen sin vanskelege økonomi.

I samband med Havvind – Strategisk konsekvensutredning (NVE) blir det gjennomført fugleradarmålingar ved Bremangerlandet. Norsk institutt for naturforskning (NINA) slo fast  at dei store fugletrekka langs norskekysten går over, og ikkje rundt Bremangerlandet.

2014
Svelgen Kraft Holding AS tok over eigarskapet i Vestavind Kraft AS.

2015
NVE avslo konsesjonssøknaden etter stor lokal motstand og protestar fra Miljødirektoratet og Fylkesmannen og på grunn av landskap, tap av inngrepsfri natur, lokal fuglestamme og visuelle sumvirkninger med andre vindkraftanlegg. Avgjerda kom altså på trass av at NVE antok at fugletrekka gjekk utanfor kysten av øya. NVE avslo også alle alternativ for 132kV kraftlinje til Bremangerlandet. Motstanderane i Bremanger feira og trudde at saka var død.

Vestavind Kraft AS, Vindkraftforum og Sogn og Fjordane fylkeskommune klagde NVE sitt avslag til OED. Naturvernforbundet skulda fylkesordførar Jenny Følling for inhabilitet, då ho hadde styreverv i Vindkraftforum og klaga for begge partar samstundes. Bremanger kommune klaga ikkje på avslaget med grunngjeving i at planane var kontroversielle og at regjeringa ikkje hadde innført eit skatteregime for vindkraft som kommunen vil tjene på.

2016
Fylkesmannen spela inn fugleradarmålingane frå 2012 og ba OED om å avvise klagane på avslag. Fylkesmannen meinte på grunnlag av lokal topografi og generell kunnskap om fugletrekk at fugletrekka sannsynleg vil gå direkte gjennom vindkraftverket.

I epost til OED lova Vestavind Kraft AS å fjerne turbinar dersom det blir påvist at det er større omfang av trekkfugl i området.

2017 - 2020

2017
OED oppheva vedtaket til NVE og ga konsesjon til Bremangerlandet vindkraftverk. Vestavind Kraft AS hylla fleire fylkespolitikarar for solid innsats som lobbyistar. Olje og Energiminister Terje Søviknes annonserte avgjerda som ei «gladmelding til alle i Bremanger», til trass for at kommunen ikkje hadde klaga på NVE sitt avslag. Søviknes blei hylla av vindkraftbransjen. NVE blei samstundes instruert om å godkjenne planene om 132kV overføringslinje og søknad om ekspropriering.

Italienske Falck Renewables kjøpte opp 80% av Vestavind Kraft AS og stifta Falck Renewables Vind AS. Vindkraftprosjekta Lutelandet, Haramsøy og Bremangerlandet blir unntatt salg og eit nytt selskap under Svelgen Kraft Holding blei oppretta – Vestavind Energi AS, med dei same prosjektutviklarane som før.

NVE godkjente 132kV overføringslinje via luftlinje frå Hornelen over Skatestraumen. Bremanger kommune klaga på vedtaket til OED og krevde sjøkabel. Kraftlinja og vindkraftverket var aldri blitt vurdert som eit samla inngrep. OED avviste kommunen og andre klagerar.

2018
Vestavind Energi AS selde sin 46% stor eigarandel av Haramsøy-prosjektet til Zephyr for å finansiere vidareutvikling av Bremangerlandet og Lutelandet.

OED hadde i 2017 gjort vilkår om radarundersøkingar av fugletrekk over 6 månedar etter påtrykk frå Fylkesmannen. NINA gjennomførte dette, men grunna tekniske problem og røffe vêrforhald blei undersøkingane kun over 3,5 månedar der kun en liten del av perioden er typiske trekkperiodar på våren og hausten. Likevel viste målingane det høgaste antallet fuglespor i Norge til då og eit konsentrert fugletrekk nattestid gjennom dalfører som utgjer flaskehalsar i utbyggingsområdet. NINA anbefalte storstilt fjerning av turbinar av omsyn til fugletrekk og stor lokal ørnestamme og også periodisk stenging av turbinane.

2019
Miljødirektoratet anbefalte Bremangerlandet ekskludert frå nasjonal ramme for vindkraft, i stor grad grunngjeve med sjeldan inngrepsfri natur, viktige flaggermusbestandar fugleradarundersøkingane frå 2012 som OED ignorerte i 2017. Miljødirektoratet var enno ikkje kjend med dei nye målingane som viste enno større konsentrasjon av fugl. NVE fjerna Bremangerlandet frå nasjonal ramme.

Vestavind Energi AS stevna grunneigerar for tingretten for å ekspropriere utmarka til dei som nekta å signere kontrakter.

Nasjonale protestar mot vindkraft tok til, og Tafjord Kraft og Sognekraft trekte seg ut av vindkraft. Eigarskapet i Vestavind Energi AS blei overført frå Svelgen Kraft Holding direkte til SFE. SFE eig no 100% av Bremangerlandet Vindpark AS.

Bremanger kommune inngjekk avtale der bortfall av vegutbetring og djupvasskai skulle  bli kompensert med 32,5 millionar i frie investeringsmidlar til kommunen. Avtala inneheld også sikring av kompensasjon på 7 promille av takstverdi i tilfelle bortfall av eigedomskatt.

SFE lanserte i mai utvida planar med oppgradert effekt til 92MW, større turbinar, større inngrep i myr, ingen utbetring av fylkesvegen og ingen ny djupvasskai. Rapportane frå NINA om fugletrekk blei ikkje tatt omsyn til, trass lovnadar til OED i 2016.

SFE leverte MTA-plan og søknad om konsesjonsendring til NVE, men NVE vurderte søknadane som mangelfulle og tok dei ikkje til behandling.

Miljødirektoratet leverte anbefalingar til Klima- og miljødepartementet om vern av størstedelen av Bremangerplatået og Vetvika som landskapsvernområde og Hornelen-området som nasjonalpark.

Som eit ledd i den voksande nasjonale motstanden mot vindkraft organiserte ildsjeler i Bremanger ei facebookgruppe som raskt vaks til fleire tusen medlemmar. Eit folkemøte blir arrangert på øya saman med Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet med 200 deltakerar. Dei politiske partia blei utfordra til å gå tydeleg i mot prosjektet.

Nei-grunneigerar annonserte at dei vil erklære ekspropriasjonsløyvet ugyldig i retten.

Høgre, Venstre, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Ventreparti lovte før valet å kjempe mot etablering av vindkraftverket og vann eit stort fleirtal. Det nye fylkestinget i Vestland Fylke gjekk i mot all vindkraft i naturen.

Fugleradarundersøkingar ved Guleslettene 20km sør for Bremangerlandet blei gjennomført av NINA. Denne fanga opp heile vårtrekket. Resultatet var over 3 millionar større fug og eit hundretusental mindre flokkar av småfugl. Dette viser dermed omfanget av fugl som vil fly gjennom flaskehalsane der det er planlagt turbinar og kraftlinjer på Bremangerlandet.

Oktober. SFE fjerna ein turbin nær bebyggelse frå planane og søkte på nytt om konsesjonsendringar og leverte MTA-plan til NVE. NVE tok denne til behandling og held høyringsrunde. NVE fekk rundt 140 innspel til behandling frå organisasjonar, aktørar og privatpersonar. Av dei var berre 2 positive til planane.

16. november Motstanderar mot vindkraftverket arrangerte demonstrasjon med rundt 200 deltakarar på Sandane, der SFE har hovudkvarter. Protestane blei støtta av ei rekke miljø og friluftsorganisasjonar.

Desember NVE godkjente MTA-plan for 132kV Ålfoten-Rugsundøy-Bremangerlandet, med unntak av delstrekninga Rugsundøy-Bremangerlandet som skal sambehandlast med MTA-plan for vindkraftverket.

Desember Bremanger kommune vedtok motstand mot etablering av vindindustri på Bremangerlandet med grunngjeving i nye kunnskapar om bevaring av myrareal, fugletrekk og uoppfylde vilkår som kommunen satte i 2012. Kommunen sendte inn negativ uttale til NVE og varsla at dei vil anmode OED om å trekke konsesjonen. Dette skjedde på trass av ei intens lobbykampanje frå SFE der dei mellom anna lovar nye millionar til kommunen til friluftslivsanlegg.

2020
Sogn og Fjordane Fylke blei oppløyst og SFE-aksjane blei fordelt ut til kommunane. Stemmemajoriteten for 49,5% av aksjane blir overført Vestland Fylke.

Norges Televisjon, som har konsesjon på Bremangersenderen ein av 47 hovedsendarar for TV, radio, nødnett, 4G, forsvar og luftfart i Norge, gjekk ut i media mot konsesjonen.

I samarbeid med mellom andre Motvind Norge arrangerte lokale ildsjeler to godt besøkte folkemøter med fokus på reiseliv, infralyd og samfunnsøkonomi. I samband med dette gjekk NHO Reiseliv ut i nasjonale medier med støtte til motstanden.

Bremanger kommune avslo søknaden fra SFE om dispensasjon frå LNF-område i kommuneplanens arealdel og SFE sin påfølgande klage på avslaget. Klaga blei sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

SFE annonserte rekordoverskot, men ville ikkje betale utbytte. Den offisielle årsaka var koronasituasjonen, men det er naturleg å sjå dette i samband med finansiering av den planlagte vindkraftutbygginga på Bremangerlandet.

På grunn av koronasituasjonen er rettsaka for å avgjere lovlegheita av SFE sitt ekspropriasjonsløyve utsatt til oktober 2020.

Fakta

Tekniske fakta

Omsøkt effekt: 80 MW – søkt utvida til 86,4 MW
Antall turbiner: 18
Tårnhøyde: 149,6m
Sveipehøyde: 16,4m over bakkenivå
Turbintype: 18 x Nordex N133 (4,8 MW)
Arealbruk: 7,1 km2 konsesjonsområde
Antall km veg: 12

Selskap

Konsesjonseier: Bremangerlandet Vindpark AS
Eier: Sogn og Fjordane Energi (SFE)
Frist for idriftssettelse: innan 1.9.2022

Media

Foto: Linda Stuhaug, Jørund Nygård, Kjell Aga Ulvestad, Svenn Petter Kjerpeset, Jostein Nygård

Denne siden ble publisert 01.05.20. Sist oppdatert 03.05.20 kl 21.06