Brev til Tina Bru: vedtaket i 2009 var i strid med lova

14.12.2009 gjorde Olje- og energidepartementet vedtak om konsesjon, utan at § 2-1, 7. ledd var følgt opp. Einar Landmark sende 13.07.2020 brev til statsråd Bru om dette lovbrotet, 09.10.2020 purra han på svar.
Arne Nævra stilte Tina Bru grunngitt spørsmål om saka 12.04.2021.


Historia som elles kan kome til å bli ståande att, vil vere at departementet ignorerte lovverket for å oppnå sine mål og deretter feiltolka lovverket for å skjule sine feil. Vi må attende til futeveldet i dansketida for å finne verre overgrep mot lokalbefolkninga på Nordøyane. Både demokratiet og rettsstaten er avhengig av at statsforvaltninga respekterer det lovverket som Stortinget vedtek.
es Einar Landmark brev av 03.05.2021 sendt statsråden nytt brev om saka.


Til Statsråd Tina Bru

Eg er så fri å ta statsråden sitt svar på skriftleg spørsmål frå Arne Nævra som delvis svar også på min e-post av 13.07.2020, som eg aldri har fått svar på, trass purring 09.10.2020. Det er overraskande at statsråden framleis ikkje tek ansvar for å rette opp den feilen som departementet gjorde i 2009. Eg skal freiste å forklare feilen på nytt.

Energilova § 3-1, 4. ledd opna med verknad frå 01.07.2009 for at departementet kunne bestemme at vindkraftanlegg med endeleg konsesjon kunne ha verknad som statleg arealplan. Den 01.07.2009 låg det ikkje føre endeleg konsesjon for Haram Kraft. NVE sitt vedtak i saka var under klagebehandling i departementet. Når formuleringa i § 3-1, 4. ledd er at det skal ligge føre «endelig konsesjon etter denne lov» før statleg arealplan kan nyttast, så betyr sjølvsagt «denne lov» den gjeldande energilova slik den var med verknad frå 01.07.2009, som inkluderte plikt for departementet til å sørge for at motsegnsretten vart ivareteken, ref. § 2-1, 7 ledd, som også trådde i kraft 01.07.2009.

I saker der det ikkje låg føre endeleg konsesjon 01.07.2009 var altså departementet pålagd i § 2-1, 7. ledd å sørge for at reglane om motsegn i plan- og bygningslova skulle gjelde så langt dei høvde ved behandling av søknadar om konsesjon. Klagebehandling er sjølvsagt ein del av behandlinga av søknaden. 

Departementet fatta endeleg vedtak om konsesjon 14.12.2009, utan at § 2-1, 7. ledd var følgt opp. Det var feilen, lovbrotet. Uavhengig av om departementet ville bruke statleg arealplan eller ikkje, var § 2-1, 7 ledd gjeldande for alle konsesjonar som vart endeleg vedtekne etter 01.07.2009. 
Når departementet valde å ta i bruk statleg arealplan samtidig med at det vart innvilga endeleg konsesjon 14.12.2009, er det endå meir klart at departementet gjorde ein alvorleg feil med ikkje å rette seg etter § 2-1, 7. ledd. Departementet tok dermed over planmyndigheita frå kommunen, og det er nettopp i plansaker at motsegnsretten har sin viktige plass. At § 3-1, 4. ledd og § 2-1, 7. ledd trådde i kraft frå same dato, var sjølvsagt ikkje tilfeldig. Det var departementet sin heimel i energilova til å bruke statleg arealplan, som kravde at motsegnsretten vart sikra i den same lova, frå den same datoen. Og så har statsråden rett i at motsegnsretten vart knytt til behandlinga av sjølve konsesjonssøknaden, ikkje til bruk av statleg arealplan.

I Haram Kraft si sak kunne departementet i 2009 naturleg nok ikkje følge NVE sin praksis i dag og kreve at motsegn skulle settast fram i høyringsperioden for konsesjonssøknaden i 2005, fire år før motsegnsretten kom inn i energilova. Konsesjonar som ikkje var endeleg vedtekne innan 01.07.2009, kunne kort og godt ikkje vedtakast utan at motsegnsretten var ivareteken. Sjølv om konsesjonen hadde blitt endeleg vedteken før 01.07.2009, kunne ikkje departementet ha brukt statleg arealplan etter 01.07.2009, for endeleg konsesjon måtte ha blitt behandla etter lova slik ho var etter 01.07.2009, altså med motsegnsrett.

Ei motsegn ville sjølvsagt ha vore eit mykje sterkare uttrykk for motstand mot planane om eit vindkraftverk på Haramsfjellet, enn ein høyringsuttale, og kunne ha påverka resultatet i større grad. Ei ny offentleg debattrunde ville også kunne ha påverka resultatet. Om motsegn hadde blitt reist og om det hadde påverka det endelege vedtaket om konsesjon, kan ingen vite med vissheit i dag, men det er svært truleg når les dei sterkt negative høyringsuttalane frå regionale myndigheiter og statlege fagetatar. Men det er likevel ikkje poenget, som er at det lovheimla høvet til å kome med motsegn vart eliminert som ein konsekvens av departementet sin handlingsmåte. Departementet gjorde seg dermed skuldig i eit lovbrot i 2009. Å gi konsesjon til etablering av eit vindkraftverk med statleg arealplan utan at høve til motsegn er ivareteke i konsesjonsbehandlinga må også vere eit svært alvorleg lovbrot. Om ein slik praksis skulle danne presedens, betyr det at forvaltninga kan ignorere motsegnsretten når det passar. Slik kan ein sjølvsagt ikkje ha det i ein rettsstat. I staden burde det vere departementet si klare plikt å gå i spissen for å handheve det syn, at det er i mot lovverket å etablere eit vindkraftverk i eit LNF-område, utan at regionale myndigheiter og statlege fagetatar har fått høve til å kome med motsegn

19.06.2020 fatta Stortinget eit samrøystes vedtak som kravde gjennomgang av gitte vindkraftkonsesjonar for å avklare om dei var gitt i samsvar med lovverket. Var ein konsesjon gitt i strid med lovverket, skulle han stoppast, heiter det i Stortinget sitt vedtak. Statsråden sitt svar til Stortinget hausten 2020 nemner i det heile ikkje det lovbrotet ho då kjende til, seinast i min e-post av 13.07.2020. Då Arne Nævra stilte spørsmål om dette lovbrotet i skriftleg spørsmål sendt 12.04.2021, svarte statsråden 22.04.2021 på ein måte som lèt etter seg eit inntrykk av at departementet i staden for å rette opp feilen, freistar å vri seg unna ansvaret for å sørge for lovmessig saksbehandling.

Det er opp til Stortinget å vurdere kor alvorleg det er for ein statsråd å villeie Stortinget på denne måten, mot betre vitande. Statsråden må også ta det fulle og heile ansvar for at konsesjonen til Haram Kraft ikkje vart stoppa før byggearbeida starta sommaren 2020. Men vindkraftverket er enno i ein tidleg oppbyggingsfase, så statsråden kan framleis hindre at eit vindkraftverk vert ferdig utbygd utan at konsesjonen har blitt til på lovleg vis. Men då må beskjed om stans i byggearbeidet kome straks, og departementet må rette opp feilen som er gjort.

Historia som elles kan kome til å bli ståande att, vil vere at departementet ignorerte lovverket for å oppnå sine mål og deretter feiltolka lovverket for å skjule sine feil. Vi må attende til futeveldet i dansketida for å finne verre overgrep mot lokalbefolkninga på Nordøyane. Både demokratiet og rettsstaten er avhengig av at statsforvaltninga respekterer det lovverket som Stortinget vedtek.

Med helsing

Einar Landmark


Kopi til: 
Leiar i kontroll- og konstitusjonskomitéen Dag-Terje Andersen
Stortingsrepresentant Arne Nævra

Arne Nævra – grunngitt spørsmål stilt til statsråd Tina Bru 12.04.2021.


Debattinnlegg av Einar Landmark i Sunnmørsposten
Konsesjonen på Haramsfjellet, Sunnmørsposten, 22.01.2021
Med lov skal landet byggast, og ikkje med ulov øydast, Sunnmørsposten 28.08.2020 


Om retningsliner
NVE har utarbeidd retningsliner for korleis motsegner (innsigelser) skal handterast etter energilova, gjeldande frå 01.07.2009. Dei ligg på NVE si heimeside under «Innsigelse til konsesjonssaker – praktiske rutiner». Det er ikkje tvil om at OED braut § 2-1 i energilova då dei behandla konsesjonen for vindkraftverket på Haramsfjellet i 2009. Om ein samanliknar NVE sine eigne retningsliner med saksbehandlinga av søknaden frå Haram Kraft, vil ein forstå dette. Det framgår også at motsegn er noko heilt anna enn høyringsuttale og klage. Regionale myndigheiter og statlege fagetatar som har motsegnsrett, er lista opp nederst i regjeringa sine retningsliner for motsegnsretten