Dalsbotnfjellet vindkraftverk

Foto: Tor Høvik, Astrid Sandvik, Wenche Midthun, Linda Hantveit

Saken

Kontroverser

Grunneigarane, ca 80% seier NEI, og det har dei gjort frå starten.
Kommunestyret har sagt nei og da i fleire vedtak
At naturen vår skal ofrast! Naturen er ikkje til sals!
Sjå Zephyr sitt utbyggingskart

Området og landskapet

Sognefjorden er rekna som verdas lengste fjord og er eit internasjonalt ikon som symboliserer Norge sin natur, både fjell og fjord. Prosjektområdet ligg på sørsida av Sognesjøen , mellom Sognefjorden og Austgulfjorden. Og er ei kysthøgfjellslette. Det er eit INON område, dvs.  Her fins ingen menneskeskapte inngrep.

Zephyr AS har tatt prosjektnamnet Dalsbotnfjellet som er namn på eit lite fjellparti i planområdet og som vegen er planlagd i nærleiken av. Men det er mange andre fjell i området som er høgre og betre kjende enn Dalsbotnfjellet;  som Skåldalsnova, Arnipa, Storeggene, Såta, Blåfjellet, Tjørnefjellet, Nova og Berghaugen.

Opp mot fjellet er utmarka felleseige , og fjellbeitet er brukt i uminnelege tider. I dag har fem grunneigarar sau på beite; kring 220 sau og lam frå Breidvik, Bålen Hjartholm og 80 frå Tveit. Her er ein stor hjortestamme og sjølvsagt hjortejakt.  Pr 2019 var det 146 fellingsløyve av hjort knytta til det planområdet. Hjortestammen er no så stor at det vil bli aktuelt med sal av løyve/kjøt.

Her er fem stølar med stølshus som vert nytta til rekreasjon og er viktig kulturhistorie. Sjå bilete frå selet i Litlebotn og frå Breidvikstølen, frå det årlege arrangementet til tur-, idretts- og grendelaget.

Breidvikdalen og Breidvikvatnet, Tjørna, Breidalen, Langevatn, Blåfjell, Skåldalen, Litlebotn, Tungebotn, Skåldalsnova og opp Tveiteskaret er kjende og kjære turmål. Turistforeininga, Kystarven og Idrettslaga i Eivindvik og Brekke krins har skilta turløyper på kryss og tvers i fjellet. Frå høgsletta ser vi langt innover Stølsheimen, Fjonfjella, Ådneburen, innover Sognefjorden til Jostefonni ved Balestrand og Ålfotbréen. På våren kan me sjå ut Tveitakvitingen ved Kvamsskogen med si flotte kvite kappe.

Sognefjorden sitt innløp er viktig for reiselivet i heile Sogn og for markedsføringa av FjordNorge. Her er det mykje cruisetrafikk. Her er hytteutleige og hytter, campingplass, gardsbutikkar, Ytre Sogn Turlag som nyttar naturen mykje. Gulen har ein fantastisk skjergard med eit rikt båtliv. Kajakklubbar og Gulen dykkersenter har internasjonalt klientell.

Nasjonalt symbol landskap

Gulatinget blei samla årvisst på vårparten, på gården Flolid, som er tusenårsstaden i Gulen. Gulatinget har namn etter halvøya Guløy og lendet innafor som enno heiter Tingvollane. Tinget var lovgjevande, utøvande og dømmande makt, og lovområdet femna kysten fra Agder til Sunnmøre samt Hallingdal, Setesdal og Valdres. Tinget var forbilde da islandske Alltinget blei oppretta i 930. Gulatinget var i Gulen i om lag 400 år, gjennom borgarkrigstida og høgmiddelalderen, til det blei flytta til Bergen omkring år 1300. Gulatingslova vart rekna som ei av dei friaste og mest demokratiske lovene i Europa for tusen år sidan, og Gulatinget danna utgangspunkt for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat med representative samlingar. Samstundes gav tinget vårt første organiserte sjøbaserte forsvar med skipinga av Leidangen. 

Les om Gulatinget.

Sognefjorden – Norgesreklame

Sognefjorden er 205 km, lengste fjorden i verda og djupaste i Norge. Omringa av vakker natur med snødekte tinder, djupe dalar, fossefall og trolske skogar er Sognefjorden ofte omtalt som eit av dei vakraste reisemål i verda. Sognesjøen er den ytre delen mellom øyene i Sollund i nord og tusenvis av øyer, holmar og skjer i Gulen i sør. Fjordarmane i ytre delen er korte, i indre delen lange.

Prosjektområdet er ei kysthøgfjellslette uten menneskeskapte tekniske inngrep, på sørsida av Sognesjøen, mellom Sognefjorden og Austgulfjorden. Dalsbotnfjellet er eit lite fjellparti i planområdet. Skåldalsnova, Arnipa, Storeggene, Såta, Blåfjellet, Tjørnefjellet, Nova og Berghaugen er betre kjende.

Opp mot fjellet er utmarka felleseige, og fjellbeitet er brukt i uminnelege tider. I dag har fem grunneigarar sau på beite; kring 220 sau og lam frå Breidvik og  Bålen Hjartholm og 80 frå Tveit. Her er ein stor hjortestamme, og i 2019 var det fellingsløyve av 146 hjort knytta til planområdet. Her er fem stølar med stølshus som vert nytta til rekreasjon og er viktig kulturhistorie. Sjå bilete frå selet i Litlebotn og frå Breidvikstølen, frå det årlege arrangementet til tur-, idretts- og grendelaget.

Breidvikdalen og Breidvikvatnet, Tjørna, Breidalen, Langevatn, Blåfjell, Skåldalen, Litlebotn, Tungebotn, Skåldalsnova og opp Tveiteskaret er kjende turmål. Turistforeininga, Kystarven og idrettslaga i Eivindvik og Brekke krins har skilta turløyper på kryss og tvers i fjellet. Frå høgsletta ser vi langt innover Stølsheimen, Fjonfjella, Ådneburen, innover Sognefjorden til Jostefonni ved Balestrand og nord til Ålfotbréen i Nordfjord. På våren kan me sjå ut Tveitakvitingen ved Kvamsskogen med si kvite kappe.

Sognefjorden sitt innløp er viktig for reiselivet i heile Sogn og for markedsføringa av Fjord Norge. Fjorden inngår i Fjord Norge med stor cruisetrafikk til havnene i Gudvangen, Flåm, Skjolden. I Gulen og Hjartholm er turistar store deler av året. Det er natur som er attraksjonen, blir det vindkraft vil turistane finne andre stader å feriere.

Her er hytteutleige og hytter, campingplass, gardsbutikkar, og Ytre Sogn Turlag som nyttar naturen mykje. Gulen har ein fantastisk skjergard med eit rikt båtliv. Kajakk klubbar og Gulen dykkersenter har internasjonalt klientell.

Les om  Sognefjorden i et nøtteskall

Les meir om cruisetrafikken i FjordNorge og Sognefjorden her

Saka

Saka utmerker seg ganske enkelt: Dette er natur!!!! Natur som me ferdast i og er glade i, som er livsviktige for oss og er identiteten vår!

Spesifikt om politikken i kommunane og fylkeskommunen.Det er fantastiske politikarar i Gulen og nabokommunane. Denne konsesjonen har kommunen alltid sagt nei til. Siste vedtaket 5.9.2019 var samrøystes.

Zephyr kontakta grunneigarane første gong i 2009. Sidan har dei vore aggressivt pågåande med brev og «infomøte». NVE ved Arne Olsen har også vore her og hatt folkemøte i Eivindvik. Det er verdt å merka seg at sjølv om det er grunneigarar som har tatt initiativ til nokre møte, vil ikkje Zephyr godta at andre enn dei sjølve skriv referat frå møter, og viss andre referat vert lansert vert dei ikkje godtekne av Zephyr som «gyldige».

Frå 2009 til 2013 var SAE vind prosjektansvarleg for planprosjekt av Brosviksåta, dette er naboplatået til Dalsbotnfjellet. Begge fekk konsesjon i 2013. Det var -i konsesjonen- skrive at begge var for små til å kunna få konsesjon aleine, det vart derfor gitt konsesjon til begge, dette pga stor kostnad med linjetrase til Frøyset trafostasjon i Masfjorden. På Brosviksåta står Gulensendaren, og Norkring krevde at SAE vind måtte flytta sendaren dersom dei skulle bygga ut. Dermed trakk SAE vind sitt prosjekt og Dalsbotnfjellet vart ståande aleine, likevel vart konsesjonen vidareført.

NVE si handsaming:

  • På folkemøte i 2012 sa Arne Olsen at dersom kommunestyret sa nei til utbygging på Dalsbotnfjellet, ville det ikkje bli gitt konsesjon. Kommunen sa nei. I 2013 gav NVE konsesjon.Olsen har sidan nekta for at han har sagt dette, over 70 personar i salen høyrde kva han sa.
  • Olsen sa, på spørsmål om synfaring ville skje på kart i Oslo eller i terrenget, at NVE alltid hadde seriøse synfaringar i terrenget i planområdet med kjentfolk. NVE si synfaring skjedde først i 2018 etter påklage frå grunneigarar – altså 5 år etter gitt konsesjon.
  • Det vart også i klagen påpeika at NVE hadde sagt at Dalsbotnfjellet var for lita utbygging til å bera kostnaden av linjenettet som må byggjast. Dette har NVE ikkje tatt omsyn til i klagebehandlinga, og stod fast ved konsesjonsvedtaket.
  • Vidare ser vi at ein del av klagene som er sendt inn er omskrivne i NVE sin summering til OED. Det er derimot mykje som er klipt og limt frå Zephyr sine tilsvar til klagene. Der meiner vi at NVE har tatt utbyggjar sitt parti. Alle klagene ligg som heilheit ved som vedlegg i saka til OED.
  • Frøyset trafostasjon kan ikkje ta imot meir enn 130 Mw, Zephyr har fått konsesjon på 150Mw. Det er altså ikkje kapasitet for mottak for heile konsesjonen.
  • Zephyr AS har vore aggressive overfor ein del grunneigarar og kommunar. NVE vart førespurt om det var mogeleg å dempa/ forby dette. NVE har anten ikkje svara eller svara med skuldertrekk.
  • Det hadde vore svært interessant å få ei objektiv gjennomgang av prosessen.
  • Då SAE vind og Zephyr la fram sine konsekvensutredningar/fagrapportar på møte i 2012, var to nyutdanna ingeniørar med oss. Dei var svært overraska over kvaliteten. «Dersom eg hadde levert noko slikt til eksamen, hadde det blitt stryk», sa dei. NVE godtok fagrapportane.

Til slutt gjekk 6 ordførarar frå kommunar på nord- og sørsida av Sognefjorden saman og skriva brev til Zephyr sine eigarar, og til OED og Stortinget. Dette for at eigarane av Zephyr skulle halda styr på eige selskap, og for at det politiske Noreg skulle vite korleis dette selskapet går fram. Dette i motsetnad til kva Rommetveit seier på selskapet si heimeside om «harmoni, kommunikasjon og tillit».

Slik framgang gjer at vi ikkje har tillit til NVE.

Vi opplever NVE som ein etat utan integritet når det gjeld vindkraft. Gulen og alle nabokommunane har sagt nei til vindkraftutbygging. Både kommunane og Nei til vindmøller i Gulen, Folk For Fjella (FFF) og VON (Vern om Nordhordlandsfjella) har sendt brev til OED, Stortingets energi- og miljøkomité, eigarane av Zephyr AS og stortingspolitikarar frå Vestland. Ordføraren i Gulen og Masfjorden hadde møte med statssekretæren i OED 25.2.2020. Aksjonsgruppa til Nei til vindmøller i Gulen, FFF og VON hatt i februar og mars 2020 møte med stortings- og fylkestingsrepresentantar frå Vestland frå partia H, SP, Krf og AP, der både representantar frå energi og klimakomiteen og finanskomiteen var representerte. Me fekk presentert fjellområda våre og kampen vår mot utbygging. Fleire lova «å ta saka vidare». Særleg vart Dalsbotnfjellet framheva, sidan det ligg til klagehandsaming i OED. Aksjonsgruppa og Nei til vindmøller i Gulen melde seg på til «Høyringa» i OED den 11. mars 2020. Samstundes leverte me OED skriftleg høyring på NVE rapport 3/2020. Møtet vart avlyst. Vestland fylkeskommune har me sporadisk kontakt med.

Status

NVE gav konsesjon, sjølv om fleirtalet av grunneigarane og heile kommunestyret gjekk imot. Saka ligg til klagebehandling i OED.

Ordførar i Gulen kommune har vore tydeleg frå starten av. Kommunestyret har alltid sagt nei til utbygging, sist 5.9.2019 da alle i kommunestyret sa NEI.

Lokal motstand

I Gulen er ikkje motstandarar av vindkraft berre naturvernarar og grunneigarar. Kommunestyret har sagt nei fleire ganger.

Ordførar Hallvard Oppedal reagerte sterkt på NVE sitt forslag til nasjonal rammeplan som famna store delar av Gulen kommune.

Eg er ikkje glad for det. Vi er ein av dei få kommunane som har handsama slike saker og har vore tydelege på at vi ikkje vil ha vindkraft.

Kommunen har også klaga konsesjonen som Zephyr fekk på Dalsbotnfjella inn for departementet, legg han til.

Zephyr AS har halde informasjonsmøte og vore pågåande med grunneigarane.  To grendelag får kr 2 000 pr år pr grunneigar som inngår avtale. Fire grunneigarar i Nordgulfjorden grendelag og fem i Breidvik og Bålen grendelag har signert, i 2010 og 2011 Sidan har fleire snudd og ville ikkje ha skrive under i dag .

Zephyr hadde i februar 2019 ei «spørjeundersøking» hjå grunneigararne om kva dei meiner, og korleis dei stiller seg til vindkraftutbygging på Dalsbotnfjellet. Ca 50% svarte, og av dei svarte 50% at dei var positive. Zephyr har gått ut i pressa og sagt at 50% av grunneigarane var svært positive til utbygging. I realiteten var berre 25% muligens positive.

I ei sending frå NRK Hordaland sa Rommetveit i Zephyr at dei aldri ville gå i gang med planar for vindindustri i kommunar som ikkje ville ha vindkraft. Dei har lova, og dei lyg.

Sjå meir om motstandsarbeidet i Tidslinja.

Foto: Wenche Midthun

Lenker

NVE konsesjonssak Konsesjonssak 132 kV kraftledning Nei til vindmøller i Gulen Kommentar til NVE rapport 03 2020 Zephyr AS Dalsbotnfjellet Zephyr AS visualisering

Tidslinje

2009 - 2018

2009

Første brev og møte

2011

April 2011 Melding

2013

Sept 2013 Konsesjon gitt Dalsbotnfjellet Vindkraft

2018

Mai 2018 Konsesjon for trasé kraftleidning
Aug 2018 Første synfaring på både vindkraftanlegget og linjetraseen var
Sept 2018 Klage på både vindkraftverket og linjetraséen sendt OED

Det var gitt løyve til ekspropriering i begge saker.

18.8.18 Synfaring med NVE om vindkraftverket og linjetrasé

2019 - 2020

2019

9.3.2019 Vindkraftseminar, Skjerjehamn – i samarbeid med FNF, La Naturen Leve, DNT mfl.

12.5.2019 Landsomfattande markering mot vindindustri – i lag med Folk For Fjella. Samlinga  vår var den mest folkerike i landet. Etter marsjen var det aksjonstreff, med over 600 deltakarar. Her var sterke appellar, m.a. frå 5 ordførarar og 4 listetoppar til nye Vestland fylke.

23.5.2019 OED si regionale innspelssamling i Bergen.  Både ordførar i Gulen  og Nei til vindmøller i Gulen heldt innlegg.

18.6.2019 Innlegg på folkemøte i Gaular kommune, saman med FNF, Fylkesmannen, Naturvernforbundet, m fl. Zephyr heldt og innlegg

20.6.2019 OED si synfaring i lag med turlaga, demonstrasjon, me marsjerte 45 personar til fjells, mange i bunad. Trompetspel, song og appellar. God dekning i Bergens Tidende og NRK.

5.9.2019 3 representantar frå Nei til vindmøller i Gulen i Gulen kommunestyre og overleverte 1570 underskrifter mot vindkraft i kommunen . Det er meir enn tal innbyggarar over 15 år, hytteeigarar ønskte også å skriva under. Listene var adresserte til OED og levert ordførar i kommunestyremøtet. I dette møtet sa kommunestyret samrøystes 8.9.2019 Markering mot vindkraft på Stortingsplassen i Oslo, Nei til vindindustri i Gulen saman med VON.

1.10.2019 Frist for innspel til Nasjonal ramme for vindkraft på land. Både Nei til vindmøller i Gulen og «Underskriftskampanjen mot vindmøller i Gulen» sende ein omfattande høyringsuttale. Spesielt uttalte me oss i høve fjella i Nordhordland, Gulen og Høyanger.

15-17.11.2019 Nei til vindmøller i Gulen og Folk For Fjella var samen med VON på landsmøte på Frøya for å stifta MOTVIND Norge og fekk ein representant for fjella i Nordhordland, Gulen og Høyanger med i styret.

Des 2019 Adventskalendar på facebook.Nei til vindmøller i Gulen, Folk For Fjella og VON

2020

18.1.2020 Marsj til turlaget si dagsturhytte med «vindkafe» i lag med turlaget, sjå bilete.

25.2.2020 Ordførarane i Gulen og Masfjorden hos statsekretæren i OED og sa tydeleg i frå at dei ikkje ville ha utbygging i kommunane  og leverte underskriftslister  med 1200 frå Masfjorden og 1570 frå Gulen ( innbyggartal ca 1700 og 2300)

11.3.2020 Innspelmøte i OED. Nei til vindmøller i Gulen og Aksjonsgruppa (for Folk for fjella, Vern om Nordhordlandsfjella, Nei til vindmøller i Gulen) reiste til Oslo for å halde innlegg i OED. Møtet vart avlyst same dag

Fakta

Tekniske fakta

Effekt MW – installert effekt: inntil 150 MW, med 1 transformatorstasjoni konsesjonsområdet.
Årsproduksjon: 350 GWh
Antall turbiner: ca 30
Navhøgde: 80 m
Rotorspenn diameter: 152 m
Totalhøgde: 156m, etter siste beskjed, opphaveleg 130 m
Anleggsveg/internveiglengde: ca 24 km
Atkomstveg lengde: ca 2,5 km (2 alternative traséar)
(MTA-plan ikkje lagd)

Overføringslinjer og nett tilknytning:
Det må byggjast ny trase til Frøyset trafostasjon i Masfjorden. Trasé ca 20 km i urørt natur, noko som er svært omstridt.

Selskap

Eigarselskap: Zephyr AS
Zephyr AS er eigd av:
Viken fylke 50% A-aksjar
B- aksjar: Sarpsborg kommune, Moss kommune, Halden kommune, Fredrikstad kommune, Aremark kommune, Skiptvet kommune, Våler kommune,  Drammen kommune,  Flesberg kommune, Flå kommune, Gol kommune, Hemsedal kommune,  Hol kommune,  Hole kommune, Kongsberg kommune, Lier kommune, Nes kommune,  Modum kommune, Ringerike kommune, Rollag kommune, Sigdal kommune, Krødsherad kommune, Nore og Uvdal kommune, Øvre Eiker kommune, Ål kommune, Asker kommune

Konsulentselskap:
Utbyggerselskap: Zephyr AS
Entreprenørselskap:

Foto: Wenche Midthun, Ivar Rutledal 

Denne siden ble publisert 02.04.20. Sist oppdatert 28.04.20 kl 14.55