Det «grøne skiftet» er ikkje grønt
Vindkraftutbygging gjer arealendringar som er mykje farlegare no enn dei [...]
Vindkraftutbygging gjer arealendringar som er mykje farlegare no enn dei var for 50 år sidan, då vi hadde meir intakte landskap og meir talrike artar.
Tekst: Erik Solheim, Førde
Det «grøne skiftet» handlar om å gjere det som er grønt i landet om til noko anna. Grøne lier og fjellvidder vil regjeringa smadre for å få vindvengjer på plass og støype enorme fundament for dei. Til havs vil dei reise turbinar utan at nokon anar konsekvensane for livet der.
Det mest mystiske er korleis dei styrande får seg til å kalle vindkraft og meir straum for klimatiltak. Dei trur visst at ny kraft vil dytte olje ut av samfunnet. Men sidan 1990 har Norge alt fått rundt 30 ekstra TWh (milliardar kilowattimar) på nettet, mest frå små elvekraftverk og vindturbinar. Straumen har gått til heilt andre ting enn å redusere innsatsen av fossil energi. Utsleppa av klimagassar var akkurat like store i 2020 som i 1990, med 30 TWh meir kraft tilgjengeleg.
Påstanden om at meir elektrisitet i nettet vil presse ned forbruket av fossil energi, står seg ikkje mot det realitetane viser. Vi held fram på same livsfarlege galeien som før. Samfunnet har slukt stadig meir energi dei siste 30 åra – transport opp 32 prosent, tenesteyting 12 prosent og på toppen bygg og anlegg med 105 prosent, meir enn dobling.
Det meste av denne veksten kjem nettopp frå fossil kjelder og gjev stigande utslepp. Stadig større utslepp gjer det vanskelegare å nå det ambisiøse og fiktive målet om å halvere tilskota av karbon til atmosfæren i løpet av nokre få år. Kvar dag vert det meir å ta igjen. Vi treng ikkje tvile på at regjeringa meiner alvor med sine mål, men vi må konstatere at dei får ikkje prosjektet til.
Det «grøne skiftet» handlar om å gjere det som er grønt i landet om til noko anna.
Kanskje er det ikkje så rart: Klimaet er sikkert viktig nok, men i politikken er økonomisk vekst endå meir vesentleg. No er det ny industri – enorme energisluk som fabrikkar til batteri og hydrogen – som skal suge elektrisitet og pengar. Norge og andre land har satsa alle kort på at ny teknologi og fornyeleg energi skal berge klimaet. Statsfinansane renn ut og utsleppa stig likevel opp som før. Vår hardt pinte natur ligg att med fleire opne sår. Vår eiga historie er tydeleg: Gjennom tidene vart utsleppa større etter kvar som vi fekk meir elektrisk kraft i nettet.
Billeg kol og olje har drive rikdommen hemningslaust høgt opp i Vesten og seinare andre stader, så høgt at den tynne hinna med liv på jorda ikkje lenger toler såra og skadane av moderne samfunn. Rikdomen klipper kvar dag sund den veven av liv som nettopp held livet gåande i eit økologisk samspel.
For tida er planane om vindkraft det mest trugande skadeverket for vår natur og grunnlaget for liv. Inngrep i dag er mykje farlegare enn for 50 år sidan. Då hadde vi meir intakte landskap, meir talrike artar og større leveområde for dei. Vindkraft parterer dei små restane vi har att av lite forstyrra landskap opp i endå mindre restar. Der visnar livet og døyr. Vindkraft er regelrett land-drap i stort omfang. Småstykke ligg igjen her og der, men dei er ikkje store nok til å gje dyr og planter levelege kår. Splittinga tek i staden liv. Men utbyggjarane gjev seg sytten i slikt. Det er drepande inngrep dei tener pengar på.
Økonomisk er vindkraft på land eit subsidiesluk, og endå verre er det til havs. To svenske professorar – ein av dei er Christian Sandström – har studert økonomien i svenske vindkraftverk. Frå 2017 til 2021 har alle dei tusen tårn austanfor Kjølen hatt underskot på sju-åtte og opp til 25 prosent, sjølv med økonomisk støtte frå folket gjennom elsertifikata. Dette er altså forsorgsstøtte til ein industri som kvart år går med tap. Eigarane betaler heller ingenting for plagene dei påfører folk, heller ikkje for drap av fuglar og flaggermus – og partering av lendet. Land-drapet er gratis.
Vi har aldri fått vite korleis politikarane som sit med ansvaret skal klare å halde liv i eit moderne samfunn med så ustabil kraft som vinden gjev.
Etter rundt 20 år er maskinene utslitne. Nye midlar må til for å skifte dei ut. I Tyskland har eigarane stansa mange kraftverk av økonomiske grunnar. Kostnadene til nytt utstyr har stige kraftig og subsidiane har falle. Hos oss vil kraftbransjen tyne det norske folket med fleire titals milliardar kroner i nettleige for å dimensjonere opp linjene til å tole effekttoppane i sterk vind. Om det ikkje vert gjort, i rasande fart, kan forsyninga dette ut. Det har dei opplevd på kontinentet.
Vi har aldri fått vite korleis politikarane som sit med ansvaret skal klare å halde liv i eit moderne samfunn med så ustabil kraft som vinden gjev. Tyskland prøvde. I møte med realitetane måtte dei fyre opp att mange kolkraftverk for å halde samfunnet gåande medan vindturbinane stod i ro eller sveiv nølande.
Skal utsleppa nemneverdig ned, må vi nok nøye oss med mindre energi som drivkraft i økonomien. I 1970 brukte vi her til lands halvparten av dagens energiinnsats. Då hadde Norge og verda eit rikare liv av dyr og planter. Tapet av artar er minst like alvorleg som ein litt varmare atmosfære, er den dystre åtvaringa frå Dei sameinte nasjonane. Ikkje eit einaste nytt inngrep i mitt skinn over kloten vil eg kalle grønt, seier Jorda. Mot denne alarmen tek dei styrande på seg øyreklokkene for å sleppe å høyre sirenene.
Meir energi inn i vårt samfunn vil setje større fart på den dramatiske utviklinga. Jorda vil nok vise seg som ein nådelaus kreditor om vi held fram med å forsyne oss utan hemningar. Då vert makthavarane ståande utan å kunne svare for seg. Og korleis skal folk flest klare seg? Eit utal av meir og meir klare åtvaringar har kome i over 50 år, utan å prege politikken nemneverdig. Dei styrande gjer sitt beste for å kopiere dramatiske hendingar i historia: Knapt nokon rik sivilisasjon har klart å stanse i tide.
Tapet av artar er minst like alvorleg som ein litt varmare atmosfære, er den dystre åtvaringa frå Dei sameinte nasjonane.
Kronikken blei fyrst publisert i lokalavisa Firda.