«Det grønne skiftet» – frå aska til elden!

Nyheter fra FN om klima er godt stoff for valkampen her på berget, og saka fikk store oppslag i media 9. august. Teknisk Ukeblad valde å illustrere oppslaget med bilde av skogbrann i USA.

Av Svein Lund

Frå internasjonale klimaforskarar kjem det stadig nye åtvaringar om jordkloden sin feber, sist frå FNs klimapanel, IPCC, no i august.  Medisinen som blir føreskrive kallast «Det grøne skiftet», og blir omfamna av dei fleste politiske parti, LO og NHO, størstedelen av miljørørsla, gruveselskap og oljeselskap – og media. Hovudingrediensen i den føreskrivne medisinen er å auke produksjonen frå «fornybare» og «utsleppsfrie» energikjelder som sol- og vind og skifte ut bensin- og dieselbilar med elektriske.  Spørsmålet er om dette kan gjøre pasienten frisk, eller om biverknadane kan vere vel så skadelig som sjukdommen.

Slikt er godt stoff foran valkampen, og saka fikk store oppslag i media 9. august, som i NRK Politikere skremt over ny FN-rapport: – Dette gjør meg livredd, FNs klimapanel: Økning i ekstremvær over hele kloden og Teknisk Ukeblad Konsekvensene kan nå observeres over hele kloden: – Klimaendringene er her nå

Det er ingen tvil om at både Noreg og verda treng eit skifte til ein grønare politikk, som set naturen og langsiktig ressursforvaltning i høgsetet. «Det grøne skiftet», slik det no blir praktisert, dreier seg om ikkje om dette, men om ei omlegging frå stabil til ustabil energiforsyning, og om at gruvedrift som tidligare har blitt sett på som eit miljøproblem, no skal omdefinerast til grøn og dermed miljøvenleg.

Om denne prosessen vil eg påstå:

1. Forutsatt stadig aukande folketal og forbruk i verda er «det grønne skiftet» fullstendig urealistisk som global strategi.

2. I den grad det lar seg gjennomføre vil skadeverknadane for menneska og naturen vere langt større enn fordelane.

3. «Det grøne skiftet» slik det blir praktisert i dag, aukar klasseforskjellane i verda.

Derfor er det nødvendig å avvise heile «Det grøne skiftet» og komme opp med alternativ.

Ingen energi er fornybar!

Solkraft, vindkraft og biobrensel blir gjerne omtalt som fornybar energi. Biobrensel har allereie ført til store naturøydeleggingar og avskoging, og gir minst like store CO2-utslepp som tilsvarande bruk av petroleum. Solkraft og vindkraft krev enorm utvinning av absolutt ikkje-fornybare metall, med tilsvarande enorm produksjon av avfall og forureining frå gruver, samt øydelegging av natur og jordbruksland. Ein elbil er knapt meir fornybar enn ein bensinbil, han bare flyttar utsleppa, gjerne frå brukslandet til produsentlanda. Og ikkje minst: Vindkraftanlegg og elbilar har langt kortare levetid enn energiformene dei skal erstatte.

Statistisk svindel

Heile grunnlaget for det internasjonale klimasamarbeidet med konferansar i Tokio, Paris osv. er statistisk svindel. Målsettinga for kvart land blir grep som kan gi gode utslag på statistikken, ikkje effektive tiltak som kan redusere utslepp og temperaturauken. I staden for å redusere eigne utslepp, kan ein kjøpe kvotar i andre land og meir eller mindre reelt bidra til å redusere utslepp der. Ved å flytte produksjon ut til andre land, kan ein eksportere utslepp forårsaka av eige forbruk. I eit globalt perspektiv gir det minst utslepp om kvart land så langt som råd produserer eigen mat og eigne klede, men for norsk statistikk er det betre om vi importerer mat frå Afrika og klede frå Kina og elektrifiserer sokkelen så gassen blir brent i andre land.

Når eit tysk eller norsk selskap produserer industrivarer på kolkraft i Kina, kan dei «toe sine hender» og klage over dei fæle kinesarane som driv industrien sin på fossilt brennstoff og har verdas største utslepp.

Eit spørsmål om klasse

Verda har avgrensa ressursar, og verdsbefolkninga har allereie for lengst vakse ut over det som det er grunnlag for at heile menneskeheita kan leve i samsvar med naturen og samtidig forsørge seg på forsvarlig vis. Når nokon da har eit forbruk på mange gongar gjennomsnittet, vil det seie at dei må ta dette frå dei fattige og/eller frå livsgrunnlaget vårt i framtida. I praksis gjør dei begge delar.

I «Det grøne skiftet» ligg det ikkje noko krav om betre fordeling av den skeive rikdomen i verda. Snarare tvert om. Blant dei aller rikaste finn vi investorane bak vindkraft og elbilar, enkeltpersonar som eig milliardar av dollar og har eit forbruk som vi knapt kan førestille oss. Desse folka driv klassekamp. Dei påverkar statar og internasjonale organ til å føre ein politikk for større klasseskilje. I Noreg er eit vesentlig ledd i «det grøne skiftet» å subsidiere rikfolk sine elbilar.

Den fremste drivkrafta for gruvedrift

Menneska har drive mineralutvinning i tusenvis av år. Frå den industrielle revolusjonen har vi sett ei enorm auke i mineralutvinninga, både i talet på mineral vi utnyttar og i mengden vi tar ut. Det er ikkje overdrive at den moderne sivilisasjonen, på godt og vondt, er bygd på mineral og gruver.

Denne utvinninga har også ført med seg store naturskadar, og trass i alle store ord har skadane auka år for år. Dette har ført til motstand, og internasjonal gruveindustri har fått problem med å legitimere seg politisk.

Her har «Det grøne skiftet» gitt gruveindustrien ei dobbel gåvepakke. På eine sida har det ført til auka etterspurnad og auka prisar, på andre sida har det ført til større politisk aksept, fordi minerala skulle brukast til tiltak som i skal gjere verda grønare og betre.

Fram til omlag 2015 fanst det knapt spor av «grønt skifte» i offentlige mineralstrategiar eller i gruveselskapa og organisasjonane deira sin argumentasjon for auka utvinning. Så kom ideen om mineral for grønt skifte, som no finns overalt i både private og offentlege planar for mineralutvinning, frå Nussir ASA ved Repparfjorden som etter qå års planlegging brått blei grøn, til Sintef sin propaganda for gruvedrift på havbotn.

«Urban mining» som alternativ?

Mange framstiller det som vi gjennom resirkulering kan fortsette å forbruke som før. Ein sirkulær økonomi skal liksom gjøre at vi sluttar å belaste ressursane. Det er sjølvsagt eit hakk betre om metall og andre materiale blir gjenbrukt enn at dei bare blir kasta, både frå eit ressurs- og eit forureiningsperspektiv. Men – resirkulering kan i beste fall bidra til å redusere problemet, fordi:.

  1. Ingen materiale kan gjenvinnast 100 %. Mykje blir slitt bort, rustar, irrar eller brenn opp. For kvar resirkuleringsperiode blir det mindre og mindre igjen. Om vi resirkulerer 50 %, er det etter tre periodar bare 12,5 % igjen av det opprinnelige.
  2. Resirkuleringsprosessen krev stort forbruk av energi og arbeidskraft.

derfor – om ikkje vi gjer noko med levetida til produkta, vil resirkulering bare vere ei sovepute. Når varer som kjøleskap og komfyrar, som med litt reparasjon kan vare i 40 år, no gjennomsnittlig blir kasta etter 6-7 år, hjelper det lite om metalla i dei blir omsmelta. Elbilar blir no vraka etter få år fordi subsidiering av nye bilar gjør at det ikkje lønner seg å reparere.

Renewables and reliables

Ein kan grovt snakke om to hovudformer for energiproduksjon: med eit engelsk ordspel «Renewables and reliables», eller “Fornybare og pålitelige”. Bakgrunnen er at dei «fornybare» som det blir satsa på, vind- og solkraft, er avhengig av været for å virke, dei kan ikkje gi stabil pålitelig straumforsyning og kan ikkje regulerast etter behov. Dei straumkjeldene som kan gi jamn tilførsel av energi, og regulerast etter behov, er dei kolkraft, gasskraft, oljekraft, samt kjernekraft og tildels vasskraft. Di meir kraftforsyninga blir basert på dei «fornybare» kjeldene, di meir upålitelig blir ho, di meir må vi rekne med straumbrot og utkoplingar, med store samfunnsmessige skadeverknadar. Tyskland, som går foran i «det grøne skiftet» og no er basert 55 % på vind- og solkraft, har allereie store problem med å levere sikker straumforsyning. Kva vil det bli når dette aukar til 90 %?

Kvifor urealistisk?

Fordi, kort oppsummert:

– Vind- og solkraft bare kan gi væravhengig og ustabil kraftforsyning, som gjør at dei maks. kan yte 30-40% av full kapasitet. Dette kan dels kombinerast med effektkjøring av vasskraftverk med dammar i Noreg og nokre få andre land, men vil auke naturskadene i vassdraga. For dei fleste land vil sol og vind måtte kombinerast med kraft frå dei kjeldene ein vil avskaffe, som kol, gass og kjernekraft, og desse må gå på tomgang i lange periodar for å kunne sette i gang produksjonen ved behov. Altså dei vil gi mindre effektgrad enn i dag. Skal ein fase desse kraftformene heilt ut, vil det bare gjenstå gigantiske batterilager, som vil trenge enorme mengder metall – som det er stor mangel på.

– Dei «fornybare» kjeldene vil kreve nedbygging av enorme areal med skog, fjell, myr jordbruksland og havområde, som vil redusere leveområda for ville dyr og hindre dagens bruk av desse områda til alt frå fiske og sjøfart til beite og friluftsliv. Dette vil skape stadige konfliktar over heile verda og vil bidra negativt til den karbonbalansen som det hevdast å skulle redde.

– Denne utbygginga vil krevje mineral i slike mengder at det ikkje er mogleg utan å ta ut stadig fattigare malm, noko som vil gi absolutt og kraftig auke i avgangsmassane frå gruver.

– Ei avslutning av all forbrenning av olje, gass og kol vil kreve ei total omlegging av infrastrukturen i mange land. Dei fossile kjeldene er ikkje bare grunnlaget for elektrisitetsproduksjon og bil-, båt- og flytransport, men også for matlaging, framstilling av jern og andre metall og for tusenvis av produkt av ulike plaststoff, kunstgummi og ei rekke andre produkt vi brukar til daglig. At vi må redusere kraftig på forbrenning av fossile brennstoff kan ikkje bety at vi samtidig sluttar å bruke olje, gass og kol som råstoff for anna produksjon.

Klimafornektarar og klimaprofitørar

Dei som åtvarar mot globale oppvarming vil satse på ei gigantisk utbygging av «fornybar» kraft på kostnad av natur, ressursar og forsyningssikkerheit og laste byrdene av dette på arbeidsfolk og forbrukarar, mens klimaprofitørar får håve inn milliardar. Dette opprører stadig fleire, over heile verda, som ofte blir kalla for klimafornektarar. Likefullt når profitørane får styre politikk og forvaltning og med bruk av makt, gir dette eit raskt veksande demokratisk problem.

Derfor er det heilt nødvendig at å finne andre alternativ enn skadelige tekiske og politiske blindvegar som vindkraft og elbilar.

Kva er alternativa?

Uavhengig av årsak,  klimaendringar kan sjølvsagt ikkje løysast ved å auke belastninga med overforbruk av både fornybare og ikkje fornybare ressursar.

Det finst ikkje eitt enkelt alternativ, ein smart teknologi som skaffar all den energien vi treng utan å belaste ressursar, natur og klima. Den grunnleggande utfordringa ligg i det økonomiske og politiske systemet, noko som har vore tabu å seie i miljø- og klimarørsla. 

Når saka er at jorda ikkje har overskot, men underskot på ressursar i forhold til behova til menneska og naturen, har vi ikkje råd å sløse. Vi har ikkje råd til å halde oss med ein nasjonal og internasjonal overklasse med luksusyachtar og privatfly, vi har ikkje råd til å vinne ut gull for spekulasjon, vi har ikkje råd å sløse bort materiale, arbeidskraft og kapital på varer som blir laga for å slitast raskt ut, bare for at det skal seljast meir. Vi har ikkje råd til opprusting og krig. Vi har ikkje råd til at store mengder mat blir kasta, vi har ikkje råd til å la verdsøkonomien og dermed politikken bli styrt av internasjonale kapitalistar med og utan namn. Vi har kort og godt ikkje råd til kapitalismen.

Det samla forbruket av varer må ned. Nedskjæringa må skje både på produksjons- og forbrukssida, ved at det blir forbod mot produksjon av unødvendige varer, ved krav om at produkt skal vare lenger og ved at kjøpekrafta til dei rikaste blir kraftig redusert.

Dei tiltaka vi skal gjere lokalt/nasjonalt må vere vurdert BÅDE ut frå lokal, regional og global verknad.

Den samla transporten må ned. Land og regionar må i større grad bli sjølvforsynte med både mat og industrivarer. Avstanden mellom bustad og arbeidsplass må reduserast. Internasjonal turisme reduserast.

Energiproduksjonen må reduserast, særlig for rike og nyindustrialiserte land som må satse på sparing og effektivisering av energi. For den energiproduksjonen som likevel er nødvendig, må ein satse på forbetring av eksisterande energiformer, som oppgradering av vasskraftverk, sikrare atomkraftverk, reinsking av kol- og gasskraftverk, samtidig som forsking på nye kraftkjelder blir intensivert, f.eks. tidevasskraft, termisk energi og fusjonsenergi. Vind- og solkraft kan dekke lokal kraftforsyning, ikkje byggast vidare ut som hovudkjelder for nettet.

Folketalet i verda er allereie alt for høgt, og vil  vekse enno ei stund. Samtidig som vi må forsøke å skaffe levelige forhold til alle, må det arbeidast for å stoppe auken og etter kvar redusere folketalet på jorda. Kanskje den tidlegare kinesiske eittbarnspolitikken må gjennomførast som global norm?

Mange vil seie at dette heller ikkje er realistisk, men det er faktisk lettare gjennomførbart teknisk og økonomisk enn «Det grøne skiftet», og ikkje minst, det er langt mindre skadeleg for natur, ressurser og menneske. Tiltak som vil hjelpe er diverre urealistisk under vårt noverande politiske system. Skal vi løyse natur- og klimaproblema og samtidig sikre menneskeheita ei stabil og forsvarlig energiforsyning trengs grunnleggande samfunnsmessige endringar.