landsmote-illustrasjon

Ekstraordinært landsmøte 7. november 2020

Styret innkalte 17.10. alle medlemmer til ekstraordinært landsmøte i Motvind Norge etter vedtektenes § 7.

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

27. oktober 2020

Del:

Styret  innkalte 17.10. alle medlemmer til ekstraordinært landsmøte i Motvind Norge etter vedtektenes § 7.

Tid og sted
Lørdag 7. november 2020 kl. 15:00-18:00,
Frøya kultur- og kompetansesenter, Nordfrøyveien 411, 7260 Sistranda

Frist for å fremme forslag
Tidspunktet er ikke regulert i vedtektene og er av praktiske grunner satt til 24. oktober 2020 som er 1 – en – uke før saksdokumentene skal sendes ut.

Saksdokumenter
Saksdokumentene sendes som e-post innen 31. oktober 2020.

Informasjon
Henvendelser og spørsmål
landsmoetemn2020@gmail.com

Påmelding
fra mandag 19. oktober kl. 09:00 til kvoten er oppfylt.
landsmoetemn2020@gmail.com

Vedtekter
Vedtekter for Motvind Norge vedtatt på landsmøte 16.11.2019

Spørsmål omkring gjennomføringa av landsmøtet

Det har vært stilt spørsmål rundt innkallinga av landsmøtet som styret ynskjer å klargjere for medlemmene:

Kvifor fysisk, ikkje digitalt landsmøte?
I april vart det kalla inn til landsmøtet 2020 i Sandnes. Etter  corona-restriksjonane gjorde slike arrangement midlertidig forbode, hadde styret to val; anten digitalt landsmøte i april, eller å utsette møtet til eit fysisk møte kunne vere mogleg på hausten.

Styret landa på at eit digitalt møte ville gje eit demokratisk problem. Med mange deltakarar, vil diskusjonar vere vanskeleg. Ein frykta og tekniske problem, og at teknisk kompetanse til å delta digitalt vil vere ein terskel for mange. Når ein samlast fysisk får alle som er med, utveksle erfaringar og kontakter, som gir betre motstandskamp og fornya entusiasme i grasrota. Ein får også vist fram organisasjonen på ein heilt anna måte enn eit digitalt møte, noko som er viktig for ein ung organisasjon.

Med stram tidsplan, avgrensing av fri debatt på grunn av høgt deltakartal – der deltakarane vert isolerte frå kvarandre, er det enklare å manipulere eit digitalt møte. Eit fysisk landsmøte har vore planlagt heile vegen, men uroen har forsterka behovet for eit fysisk møte og den truverda det gjev.

Landsmøtet blir streama live.

Kvifor Frøya?
Frøya er både fødestaden til Motvind Norge og opphavet til det store folkelige engasjementet mot vindkraftregimet. Det er ei vanskeleg tid på øya, når det sterkt uønska vindkraftverket no står ferdig. Her får vi leie store og moderne fasilitetar rimeleg, og dugnadsgjengen på Frøya var dei beste vertane i 2019.

Covid-19
Vi set smittevern høgt. Frøya har pdd ingen aktive smittetilfeller, noko som gjer det svært sannsynleg at arrangementet lar seg gjennomføre som planlagt. Vi får eit viktig ansvar på at vi ikkje blir kjelde til noko utbrot. Dei som kjem fra røde områder kan gjerne teste seg for sikre at dei ikkje kan bære smitte.

Landsmøtelokalet er dimensjonert til å følge 1-meters regelen strengt.
Nærare retningslinjer kjem.

Kva med lokale og regionale val av delegatar?
Motvind Norge har ikkje formaliserte lokal- eller regionlag i vedtektene.

Sjølv om fleire regionale og lokale grupper/organisasjonar sidan har knytt seg tett opp mot Motvind Norge, så er delegat val ikkje aktuelt i hht. vedtektene.

Om vi skal ha ein organisasjonsstruktur med lokale og regionale lag, må landsmøtet vedta å endre vedtektene.

Kan styret påverke kven som blir deltakarar i landsmøtet?
Det kan styret ikkje. Det er administrasjonen som tar mot påmeldingane.

Tal deltakarar med møte- og stemmerett frå kvart fylke er avgrensa av medlemstal i fylket, på same måte som på landsmøtet på Frøya i 2019, og slik det ville ha vore for eit landsmøte i Sandnes i april 2020. Dette for å sikre at ikkje landsdelen eller staden som arrangerar, sikrar seg urettmessig høg representasjon i styret, noko som ville generert misnøye i resten av landet.

Den store medlemsauken gir auka tal deltakarar i forhold til landsmøtet i 2019, likevel utan å overstige grensa på 200 deltakarar.

Som i 2019 nyttas påmelding tidspunktet for å avgjere kven som blir deltakarar frå kvart fylke. Dersom påmeldinga overstig talet på deltakarar i fylket, blir deltakarar fordelte proporsjonalt etter kommunar. Eit konkret døme: Trøndelag har 2 524 medlemmer, det gir 25 deltakarar. Trondheim har 40% av medlemmene i fylket. 40% av 25 deltakarar blir 10. Dei 10 første som melder seg på frå Trondheim, blir med om det kjem mange påmeldingar frå Trøndelag.

Stemming via fullmakt er eksplisitt forbode i vedtektene.

Styret har vedteke at styremedlemmer og varamedlemmer ikkje skal ha stemmerett på landsmøtet.

Berre betalande medlemmar kan melde seg på.

Kvifor kort tid frå innkalling til påmeldingsstart mandag kl 09:00?
Dette var gjort for at folk skal få rask bekrefting på om ein vert deltakar, og ha god tid til å organisere reise og opphald. 

Kort varsling gir flest mogleg reell sjanse til å bli deltakar utan å måtte sitte foran dataen eller mobilen på eit gitt tidspunkt.
 
Uavhengig om nokon fylker har fleire påmeldte enn deltakar plassar, vil ein få plass om ein bur i ei kommune med mange medlemmer og få påmeldte.

Det er framleis ledige plassar.

Nye innlegg