«Berekraft ER viktig, men vi held på å sverte heile omgrepet fordi vi brukar det til å kamuflere rasering av natur», påpeikar Ruth Maria Tøfte Heimlid i dette innlegget. Foto: Privat

ER HAGEN MIN PÅ SAL?

Det grøne skiftet handlar om meir enn kraftproduksjon, det handlar […]

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

6. april 2024

Del:

Det grøne skiftet handlar om meir enn kraftproduksjon, det handlar om eit skifte i oss som er oppvaksne i forbrukartida.

Tekst: Ruth Maria Tøfte Heimlid


Dette er ein kronikk. Kronikken gjer uttrykk for haldningane til skribenten. 

Det bankar på døra mi. Der står det ein kjekk og venleg kar. Eg slepper han inn og byr på kaffi, kanskje fekk han eit rømmebrød attpå jula òg. Praten sprett lett mellom ymse tema, som meg mellom grastuer i fjellet. Han har eit tilbod til meg, fortel han. Han kan gjere meg rikare. Han fortel meg at om han får gjere som han vil i hagen min, skal eg få 20 millionar. Eg vil dessutan gjere ei velgjerning for andre menneske, for min hage vil bidra til at dei kan bruke energi på andre og fleire ting dei neste tiåra. Og eg undrar «kva er hagen min verdt eigentleg? Neppe 20 millionar, dette er eit godt tilbod. Kan eg la det fare?»

For kva finst i hagen min? Jau, gras og blomar, stein, jord og tre, fuglar og insekt, grønsakskassene og fotballmålet, bærbuskene og ugras. Det er nok ikkje verdt 20 millionar eigentleg, har eg råda til å la vere? Men han vil ha full kontroll over hagen min, resten av mi levetid og lenger enn så. Kva brukar eg eigentleg hagen til? Eg slår plenen, viss eg har lyst, men dei pene blomane som dukkar opp gjer at eg iblant lar vere. Eg forar fuglane, og kosar meg med synet av dei. Eg hjelper dei gjennom mørketida og dei hjelper meg med å sjå at det er håp om vår og lyse kveldar.

Eg kan dyrke litt salat og kanskje ein squash. Eg plukkar bær, eller gjev dei til vengevenene mine. Tidvis jagar eg sau og høner utav plenen, andre tider let eg dei gå. Eg ser ungane leike seg med fotballen, eg ser dei set opp teltet i sommarferien. No og da kan eg berre sitje og la sola steike og humlene suse, dei finst fortsatt, såvidt. Også kjem eg på at kloakkrøra går i grunnen. Om det blir styr med dei, må eg setje av litt pengar til slikt. 20 millionar. Er hagen min verdt det?

Han som sit framfor meg ser ikkje desse verdiane, for dei fins i meg. Dei er lagt lag på lag i sjela mi, akkurat som myra er laga.

Eg skal altså ikkje skal plukke rips i hagen med barnebarn og sjå dei skrukke på nasa. Eg skal selge hagen min og sørge for at neste generasjon ikkje får moglegheita til fotball, leik, telting, blomstrar, ripssaft i sola, dyrkingsprosjekt, nærnatur og heimleg friluft? Og den vil aldri, ALDRI, kunne bli til ein hage igjen. Kan eg leve med det? Kan eg få tilbake alt dette for 20 millionar?

-Nei! For dette KAN IKKJE kjøpast for pengar. Dette er ikkje til sals, det betyr for mykje for meg og dei som kjem etter. Han som sit framfor meg ser ikkje desse verdiane, for dei fins i meg. Dei er lagt lag på lag i sjela mi, akkurat som myra er laga. Denne seljaren har eg no allereie slept inn, klarer eg å hive han ut? For det er det eg vil, kaste han ut, låse døra og varsle alle naboane, IKKJE OPNE DØRA DI, PASS PÅ HAGEN DIN, PASS PÅ HEIMFJELLA DINE!

Eg høyrer og les om menneske som søv dårleg berre ved å tenke på kva som trugar fjella deira. Og eg blir sint av å lese om at ein kallar dette «grønt skifte», og at ein må bygge ned meir natur for å få reinare kraft. Eg er så provosert og kjenner meg så makteslaus i denne drakampen. Kor korttenkte skal vi vere? Berekraft ER viktig, men vi held på å sverte heile omgrepet fordi vi brukar det til å kamuflere rasering av natur.

Berekraft, slik eg først lærte det å kjenne var planet og profitt, dei skulle gå hand i hand. Men eg trur profitten har skvisa den planethanda vel hardt. Også måtte vi ta eit steg bakover, for kva er vi menneske? Jau, vi er natur, ein del av planeten, det hadde vi gløymt ei stund, for pengar og forbruk var så kjekt. Så tok ein menneske ut av planeten og sa at berekraft skal vere omsyn til planet, profitt OG menneske. Og menneska treng planeten for dei er ein del av den. Eg er sikker på at om vi seier nei til utbygging i natur, så vil den i retur inspirere oss til nye måtar å oppnå profitt på. For eg stolar på at planeten vil oss vel, om vi syter for å passe på den. Å kunne lene seg mot ein stein, kjenne sola varme og sjå myrulla buste seg det kan ein ikkje kjøpe for pengar. Og vi menneske er meir enn berre kjøt og blod, vi har eit sinn som også skal leve godt.

Det grøne skiftet handlar om meir enn kraftproduksjon, det handlar om eit skifte i oss som er oppvaksne i forbrukartida.

Det er ingen skam å snu.

Ruth Maria Tøfte Heimlid. Foto: Privat


 

Nye innlegg