«Feilslått energipolitikk»
«Tida for å la marknaden rå er forbi», mener Ingrid […]
«Tida for å la marknaden rå er forbi», mener Ingrid Fiskaa (SV). Fotoet ble tatt i forbindelse med Motvindfestivalen i Haugesund 9. august. Foto: Silje Kolnes-Schouwstra
«Feilslått energipolitikk. Ja, det forstår dei aller fleste etter kvart», mener Ingrid Fiskaa (SV). Vi gjengir her appellen hun holdt i forbindelse med Motvindfestivalen som gikk av stabelen i Haugesund 9. og 10. august.
Tekst: Ingrid Fiskaa
Skribenten er ansvarlig for innholdet i teksten.
Feilslått energipolitikk. Ja, det forstår dei aller fleste etter kvart. Me har ein energipolitikk som raserer naturen, som sender rekninga til innbyggarane og som vil øydelegga grunnlaget for industrien vår.
Dei som vil halda fram som før, har vikla seg inn i eit hjørne. Dei tyr til flåsete kommentarar om at kritikarane vil «kutta kablane» og «mura oss inne». Det er eit teikn på at dei er på defensiven.
Me har ein energipolitikk som raserer naturen, som sender rekninga til innbyggarane og som vil øydelegga grunnlaget for industrien vår.
Løysinga dei prøver å lansera er å bygga ut mykje meir kraft. Men det vil gi null effekt på dei høge straumprisane så lenge me er så tett knytt til den store EU-marknaden, der me importerer europeiske straumprisar.
Derfor må me knyta saman kampen for naturen og kampen for levelege straumprisar. Løysinga er å innføra nasjonal kontroll og politisk, demokratisk styring med krafta vår. Berre slik kan me sikra norsk industri OG norsk natur. Tida for å la marknaden rå er forbi.
Løysinga er å innføra nasjonal kontroll og politisk, demokratisk styring med krafta vår.
Appellen ble først publisert her.