Okla-galleri-1

FEM VINDTURBINAR FÅR TRUMFE NASJONALE NATURSKATTAR

I dag kan anleggsarbeidet på tilkomstvegen til Okla vindkraftverk på Stadlandet starta opp.

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

31. august 2020

Del:

Foto: Ivar Hoddevik

Av Arnold Matre, Folk For Fjella

I dag kan anleggsarbeidet på tilkomstvegen til Okla vindkraftverk på Stadlandet starta opp.

Fem vindturbinar skal rasera dette ikoniske kystlandskapet. Meiningsløysa kan nesten ikkje verta større.

Med dette viser forvaltning, Regjering og Storting korleis dei verdset natur, friluftsliv, fugleliv, myr; kort sagt naturen sin eigenverdi og naturen sin verdi for oss menneske.

Svaret på Stadlandet er så konkret: Verdien av fem vindturbinar! NVE (konsesjonsavdelinga)/OED kjenner me – dei har ingen tillit lengre. Der har utbyggjarar og deira interesseorganisasjonar tatt over kontrollen for lengst.

Regjeringa med statsråd Bru i spissen har også vore tydeleg på at natur og lokaldemokrati ALLTID betyr mindre enn vindkraftlobbyen sine nasjonale og internasjonale bakmenn.

Det som er trist og skremmande er at resten av Stortinget ser ut til å akseptera at deira vedtak av 19. juni galant vert ignorert. Riktig nok påpeika Folk For Fjella at dette var eit «god-dag-mann-økseskaft-vedtak» alt same dag, men me hadde likevel ei von om at dette vedtaket ikkje berre var eit spel for galleriet.

20. juni skreiv Folk For Fjella m.a. dette:
«Forslag nr 6: Stortinget ber regjeringen vurdere hvorvidt behandlingen av gitte vindkraftkonsesjoner  har fulgt energilovgivningen og forvaltningslovens krav. Dersom det skulle foreligge feil eller mangler i konsesjonen som er i strid med lovgivningens krav, skal forvaltningen stanse vedtaket. Forslaget gjev regjeringa «alle fullmakter» til å vurdera sitt eige arbeid. Ingen tidsfrist og inga føring om ei uhilda vurdering. Siste setning kan sjåast på som ei sjølvfølgje, det skal ikkje av byråkratiet eller politisk leiing fattast vedtak som har feil eller manglar. Eit slikt vedtak ville vore i strid med lova. At eit samla Storting ser det som naudsynt å presisera dette er urovekkande. Det ser Folk For Fjella på som at fleirtalet ikkje har tiltru til at Regjeringa sine øvste statsrådar utøver sitt virke innanfor dei grensene lova sit.  Berre dette burde føra til at vedtaket var meir presis på tidsfristar og i spørsmålet om habilitet for at resultat skal ha truverd.»

I Folk For Fjella beklagar at me fekk rett, me beklagar at Regjeringa v/statsminister og (u)ansvarleg statsråd framleis gøymer seg og ikkje har ryggrad til å møta opp der kampane no står.

Er det for mykje å be om at nokon står fram og tek ansvar?
NB: Her kviler det og eit stort ansvar på alle parti som var med på vedtaket 19, juni i år – også dei største opposisjonspartia AP og SP.

Les om Stadlandet og Okla her
https://motvind.org/okla/

Nye innlegg