Sørmarkfjellet etter utbygging, KMA

Folk må få riktig informasjon om vindkraft

Det er stor fare for at kommunar gjev etter for […]

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

2. januar 2023

Del:

Det er stor fare for at kommunar gjev etter for press frå vindkraftbransjen og bagatelliserer eit første ja til vindkraft, åtvarar Magne Vågsland. Biletet viser Sørmarkfjellet etter vindkraftutbygginga der. Foto: Kari Merete Andersen

Har kommunen gjett eit første ja til vindkraftutbygging, vil det ikkje seinare vere nokon vetorett og kommunen vil då berre vere ein høyringspart i prosessen. For alle kommunar må vi krevje at det ikkje blir opna for eit første ja før innbyggarane er godt informert, poengterer Magne Vågsland i dette innlegget.

Tekst: Magne Vågsland, leiar i Naturvernforbundet i Trøndelag


Mange har fått med seg at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) nå har opna opp for nye søknader for konsesjon til vindkraft. Vilkår for handsaming av søknader er ikkje heilt på plass ennå, men utbyggjarar finn i disse tider fram til kommunestyre og ordførarar rundt om i landet. På nytt blir det lokka med pengar og arbeidsplassar. Slik det står nå er prosessen ganske lik slik den var før. Den største forskjellen er, ifølgje NVE, at kommunane har ein reell veto-rett heilt i oppstarten.

NVE vil ikkje handsame søknader med mindre kommunen har gitt et samtykke. Har kommunen gjett eit første ja, vil det ikkje seinare vere nokon vetorett og kommunen vil då berre vere ein høyringspart i prosessen. Faren med dette er at kommunane og politikarane kan overvurdere sin rett til seinare å få stoppa eit utbyggingsprosjekt. Seier kommunestyret ja til prosjekt før valet i 2023, kan ikkje det nye kommunestyret rekne med at dei kan stoppe konsesjon for meir nedbygging av natur.

Seier kommunestyret ja til prosjekt før valet i 2023, kan ikkje det nye kommunestyret rekne med at dei kan stoppe konsesjon for meir nedbygging av natur.

Det er heller ikkje laga noko formell retningsline til korleis kommunen kan gje sitt samtykke. I verste tilfelle kan det skje at dersom areal er regulert for næring kan det bli tolka som at kommunen er positiv til nedbygging av naturen. Det er stor fare for at kommunar gjev etter for press frå vindkraftbransjen og bagatelliserer eit første ja.

Det er derfor viktigare enn nokon gong å synleggjere dette slik at kommunar ikkje går på ein smell og sit igjen med mykje arbeid med høyring og i verste fall får industrialisert sine naturområde med vindkraftverk. Vi har sett at vindkraftutbygging har ført til store motsetnader mellom folk og at utbygging har langt større konsekvensar enn det som var kjent før anlegg vart bygd.

Vi har sett at vindkraftutbygging har ført til store motsetnader mellom folk og at utbygging har langt større konsekvensar enn det som var kjent før anlegg vart bygd.

For alle kommunar må vi krevje at det ikkje blir opna for eit første ja før innbyggarane er godt informert. Det selskapet som ønsker å bygge ut vindkraft må åpent informere om prosjektet. Folk må få riktig informasjon om konsekvensar for helse, forureining og tap av naturmangfald.

Teksten blei fyrst publisert i Trønderdebatt.


Nye innlegg