kronikk-svein-lund

Fossilsamfunn, grønt skifte eller det tredje alternativ?

Dei aller fleste norske parti og miljøorganisasjonar ønsker seg eit "grønt skifte", i form av utbygging av "fornybar" energi. Mens nokre av dei vil at dette skal komme i staden for olje og gass, vil regjeringa og dei største opposisjonspartia ha begge delar.

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

27. mai 2021

Del:

Av Svein Lund

Dei aller fleste norske parti og miljøorganisasjonar ønsker seg eit «grønt skifte», i form av  utbygging av «fornybar» energi. Mens nokre av dei vil at dette skal komme i staden for olje  og gass, vil regjeringa og dei største opposisjonspartia ha begge delar. Felles er at dei meiner  den økonomiske veksten må halde fram. Forskjellen er at nokre vil ha større, andre vil ha  mindre forskjell på fattige og rike. Felles er at ingen tar konsekvensen av at menneska lenge  har overforbrukt verdas naturressursar og at Noreg hører til dei som har overforbrukt mest.  

Gjennom tre artiklar vil eg vise at «det grøne skiftet», slik det no blir praktisert, er eit  gigantisk feilsteg og at det er heilt andre tiltak som må til. Tiltak som svært mange innser at er nødvendige, men som ingen organisasjonar på landsplan hittil har hatt mot til å fremme.

1. alternativ. «Det grøne skiftet» – Frå fossil til mineral

Grøn energi1, grøn gruvedrift2 på grøne mineral3, grøn transport4, grøn olje5, grøn gass6, grønt kol7, grøn vekst8, grøne investeringar9 og grøn kapitalisme10. Det er ikkje grenser for kor  grøne vi skal bli. I Noreg er alle stortingspartia samde om at vi skal ha ein grøn politikk. Det  same er statsleiarar i dei fleste land i verda og ikkje minst verdas rikaste kapitalistar. Men  kva betyr da grønt?

Wikipedia nemner at grønt kan stå for alt fra klorofyll til umogen, gift og islam, men  forklarer den politiske bruken slik: «Det grønne representerer natur, liv og vekst. Den er derfor  valgt til miljøvernets farge, og ordet «grønn» brukes også som et synonym for miljøvennlig.» 11 Korleis kan det da ha seg at natur i dag over heile kloden blir rasert i eit tempo som aldri før, når  alle skal være så grønne?

Nyord eller nytale?
Uttrykket «det grønne skiftet» blei i 2015 utnemnd til årets nyord. Språkrådet definerte det da slik:  «Det grøne skiftet viser til omstillinga til eit samfunn der vekst og utvikling skjer innanfor  tolegrensa til naturen.» Rådet hevda samtidig at «Språket vårt vert rikare gjennom nye ord, nye  ordsamansetningar og nye faste uttrykk.»12 Skal tru det? Tru om det ikkje heller i dette tilfelle må  karakteriserast som «nytale»13, dvs. ord som dekker over at innhaldet er det motsette av den  tilsynelatande meininga?  

Definisjonen kan ein stille spørjeteikn ved, men la oss no i denne omgang ta utgangspunkt i  denne. Indirekte seier ein da at vi må omstille oss frå eit samfunn der veksten er utafor tolegrensa  til naturen. Dette kan illustrerast ved berekningar som viser at menneska frå 1970 kvart år har  belasta jordas naturressursar meir enn jorda kan fornye. Den dagen da årets tilgjengelige ressursar er brukt opp kallast for verdas overforbruksdag og var i 2019 så tidlig som i starten av august.14 Det einaste som har klart å halde litt tilbake i auken i overforbruk er kortvarige økonomiske kriser  og seinast koronapandemien.

Erobringa av «grønt» 
Noko «grønt skifte» har ikkje skjedd i praksis, verken i Noreg eller globalt. Men det har skjedd eitt  viktig skifte, nemlig bruken av ordet «grønt». I løpet av dei siste 5-6 åra har dette blitt erobra av alle  som ønsker å hindre ei reell endring av politikken, men halde fram som før med ny farge og i tillegg utnytte grønfargen til å gjøre nye profitable investeringar og forsvare desse politisk. Gjennom å  stele miljørørsla sine klede og sjølve kle seg i dei har dei erobra eigedomsretten til ordet grønt,  legitimert eigen praksis og skapt stor forvirring langt inn i miljørørsla. Det er ein genistrek av dei  heilt store.  

Dette tjuveriet blei eg første gong klar over da eg deltok på ein gruvekonferanse i 2016. Der  heldt ein representant for miljøstiftelsen Zero føredrag med tittelen «Mineralenes betydning i det  grøne skiftet».15 Representantane for gruveselskap, konsulentselskap, leverandørindustri og  investorar klappa entusiastisk. Frå den dagen var dei også grøne.  Bruken av ordet grøn om gruver er inga særnorsk oppfinning. Finland var tidlig ute med sitt  «Green Mining Programme», 2011-16, med målsetting intet mindre enn «make Finland the global  leader of the sustainable mining industry by 2020».16

Når gruveselskapa får definere 
I mai 2021 arrangerte det portugisiske presidentskapet i EU eit ope webinar om grøn gruvedrift og  grøne mineral.17 18 På nettstaden mining-technology.com blir grøn gruvedrift definerert slik: «Grøn gruvedrift  er definert som teknologiar, beste praksisar og gruveprosessar som er implementerte som middel til å redusere miljøpåverknade knytt til utvinning og prosssering av metall og mineral. Eksempel  inkluderer reduksjon av drivhusgassar, utvalde tiltak for å redusere dei økologiske fotavtrykka av  gruvedrift og reduksjon i bruk av kjemikaliar.»19 Det kan vel alle vere enige om? Eller kva? Ser vi  nærare etter er denne definisjonen som skapt for gruveselskapa. Og det er nettopp det han er. Kan vi redusere naturskadene har vi med ein gong fått grøn gruvedrift. Redusert i forhold til kva? I forhold  til mengden av utvunne berg? Det er ikkje særlig vanskelig å redusere f.eks. klimautslipp pr. tonn  berg ved bruk av større maskinar, eller ved elektrifisering av desse. Samtidig må det drivast på  stadig fattigare malm, noko som gjør at innsatsen og naturskadane aukar pr. tonn metall. I tillegg  kjem at forbruket og etterspurnaden etter metall og andre mineral aukar enormt. Om koppargruvene i verda i dei neste 10 eller 20 åra, bl.a. med elektrifisering, klarer å redusere utsleppet av  klimagassar pr. tonn utvunne berg til halvparten, mens kopparinnhaldet i malmen samtidig blir  halvert og produksjonen av koppar dobla, er resultatet at samla utslepp frå kopparutvinning ikkje  blir halvert, men dobla.

Eit materialintensivt system 
Tilbake til Zero og minerala si rolle i det grøne skiftet. Vi har vel alle fått med oss at overgangen frå kolkraft og forbrenningsmotorar til elektrisitet vil føre til behov for andre metall, som neodym,  litium og kobolt. Det som er mye mindre kjent er at det også vil føre til langt meir bruk av metall, også av dei som er i vanlig bruk i dag. Det internasjonale energibyrådet IEA omtalar dette som  «Overgangen frå eit drivstoff-intensivt til eit material-intensivt energisystem»20. Kan eit  materialintensivt system kallast fornybart når ingen av desse materiala er fornybare? IEA viser at ein elbil samla treng omlag 6 gongar så mye ikkje-jern-metall som ein bensin eller dieselbil, mens ein havvindturbin pr. MW vil trenge omlag 6 gongar så mye slike metall som  eit kolkraftverk eller 11 gongar meir enn eit gasskraftverk.21 Dette er pr. installert effekt i MW, men  sidan vindkraft bare produserer 30–50 % av tida, kan desse tala minst doblast. Her er altså ikkje  rekna med jern, men vi kan trygt gå ut i frå at det også der vil bli auka etterspurnad med «det grøne  skiftet», om ikkje i like stor grad. Det er nok å nemne alle vindturbintårna og armeringsjern for  fundamenta. Den einaste gruvedrifta av betydning som kanskje kan bli redusert, er kolgruver, men  heller ikkje det er så opplagt som vi gjerne vil tru. Så langt går kolkraftverka for fullt og nye former  for energiforbruk, som kryptovaluta aukar etterspurnaden meir enn den «fornybare» krafta kan ta  unna.22 Om alle bensinbilane i Polen no blei bytta ut med elbilar, ville kolforbruket auke, ettersom  kolkraft er einaste aktuelle større energileverandør i overskodelig framtid. Det illustrerast ved at dei  få elbilane i landet på folkemunne omtalast som «samochody na węgiel» eller «bilar på kol».

Dobbeltgrøne gruver
For så godt som alle andre metall og mineral som blir utvunne i verda i dag, vil elektrifiseringa føre  til auka etterspurnad, auka utvinning, auka naturinngrep til gruver og avgangsdeponi og auka  forureining til jord, vatn og luft. Trass i dette blir slike mineral framstilt som grøne og utvinning pr.  definisjon som grøn. Eit eksempel er NHO sine regiondirektørar for Nord-Noreg som uttalte:  «Nord-Norge har forekomster av grønne mineraler som kobber, jern, grafitt, olivin og høyren  kvarts.»23 I mange hundre år har koppar og jern blitt tatt ut her, men først no har desse minerala blitt  grøne. Grøn betyr altså miljøvenlig, og med denne definisjonen blir da dei mange millionar av tonn  med gruveavfall som koppar- og jerngruver i Nord-Noreg har sluppe ut eller planlagt å sleppe ut i  Bøkfjorden, Repparfjorden og Ranfjorden med eitt også grøne og miljøvenlige. Dei to tydingane av  «grøne gruver» blir stadig blanda saman, trulig ikkje heilt utan hensikt. Nye gruveprosjekt kan da  framstillast som dobbelt grøne.

Ei slik dobbeltgrøn gruve er no under etablering i Kvalsund i Finnmark. Denne skal  produsere koppar for det grøne skiftet og alle gruvemaskinane skal vere dreve på grøn straum.24 Om gruva skapar store problem for reindrifta, fyller opp ein fjord med avgang og tar knekken på ein  nasjonal laksefjord og ei nasjonal lakseelv, det spelar mindre rolle, grønt skal det vere.  

Jern blir altså rekna som eit grønt mineral, på grunn av at det trengst mye jern i vindturbinar  og elbilar. Men så langt er så godt som all jernproduksjon drive med kol, og denne står for omlag 8  % av verdas CO2-utslepp. Og behovet for metallurgisk kol for stålproduksjon blir no brukt som  grunngiving for å gi løyve til opning av nye kolgruver i USA.25

Møter seg sjølv i døra
Over heile verda har miljøorganisasjonar engasjert seg mot dagens gruvedrift og planar om utviding av denne. Samtidig har størstedelen av miljørørsla gått inn for «det grøne skiftet» og heia på  utbygging av vindkraft og solkraft, samt elektrifisering av transport. Slik har dei støtta opp om noko som er å gå frå aska til elden. At dei slik møter seg sjølv i døra synest få å innsjå.  

Kva er så alternativet? Det kan da ikkje vere å halde fram som før? Meir om det i neste  artikkel.

2. alternativ – eit samfunn med mindre fotavtrykk

Dersom vi ikkje kan halde fram å brenne olje, gass og kol, og ei utskifting til «fornybare»  energikjeldene og elektrifisert transport vil gi eit utolelig høgt mineralforbruk, har vi da noko alternativ?  

I førre artikkelen viste eg til til denne definisjonen: «Det grøne skiftet viser til omstillinga til  eit samfunn der vekst og utvikling skjer innanfor tolegrensa til naturen.» Eg viste også at tolegrensa  for lengst er sprengt. Likevel tviheld dei fleste forsvararane av «Det grøne skiftet» på at det framleis  må vere plass for økonomisk vekst og auka produksjon. Veksten skal bare bli grønare. Dette har gått igjen frå Brundtlandkommisjonen sine idear om bærekraftig utvikling26, til MDG sin tidligare stortingsrepresentant Per Even Stoknes si bok «Grønn vekst»27, som kom ut i fjor.

Grenser for vekst
I motsetning til denne tankegangen er det mange som har påpeika grensene for vekst og at desse no  er forlengst er overskrida. Allereie i 1972 blei dette vist i boka Limits to Growth (Norsk utgåve  Hvor går grensen?) med seinare oppfølgingar The Limits to Growth: The 30-Year Update i 2004 og  seinare 2052: A Global Forecast for the Next Forty Years. av Jørgen Randers.28 I forhold til  mineralressursar er overforbruket grundig dokumentert bl.a. av Ugo Bardi i boka Extracted: How  the Quest for Mineral Wealth Is Plundering the Planet29 og av Simon Michaux i hans skrifter om Peak Mining.30 Likevel opererer leiande politikarar og kapitalistar over heile verda som om det  skulle vere både mogleg og forsvarlig å ikkje bare skifte ut all fossil energi med «fornybar» energi,  men samtidig auke energiproduksjonen kraftig, ikkje bare skifte ut dagens fossile bilpark med  elbilar, men halde fram å auke talet på bilar. Energiforbruket og ressursforbruket skal halde fram å  auke i all framtid, og ein skal kjøre på utan å ta til seg at det er grenser for vekst.

Verdas befolkning går raskt mot 8 milliardar, og det er eit ope spørsmål om auken lar seg  stanse før vi passerer 10 mrd. Da vil jorda si bærekraft forlengst vere sprengt og det vil vere enno  mindre intakt natur og ville dyr igjen enn i dag. Skal det bli levelig for det store fleirtalet av  menneske og det som er igjen av ville planter og dyr, må folketalet ned. Det finst bare to alternativ:  Organisert regulering med ein bevisst politikk og regulering gjennom krig og katastrofer. Sjølv om  alle kan vere enig i at det første er å føretrekke, er det lite som tyder på at dette skjer.

Ekstrem skeivfordeling  
Forureining og belastninga på ressursane er ekstremt skjeiv, både mellom og innafor land. Eit lite  mindretal er ekstremt rike, har eit vanvittig sløsande forbruk og står for mesteparten av  klimautsleppa. Den rikaste prosenten står for dobbelt så mye utslepp som den fattigaste halvdelen  av befolkninga på jorda.31 Dei 25 rikaste i verda har kvar ei formue på over 300 mrd. kroner. Den  aller rikaste er oppe i 1,5 billionar kroner.32 Kva har gjort det mogleg for han å tene så mye? Jo, det  grøne skiftet sitt flaggskip, elbilen. Denne har gjort det mogleg for han å bruke milliardar på  bitcoin, ha fleire private jetfly og sende satelittar ut i verdsrommet. Bærekraftig grønt skifte?  Samtidig har også eit fleirtal i rike land og ein veksande mellomklasse i nyindustrialiserte land eit  aukande forbruk som er alt anna enn «bærekraftig», og dei som har mindre drøymer om å komme  dit. Alle vil opp, ingen vil ned. Det kan ikkje gå.

Behov = etterspurnad?
Dagens universelle løysing er at ved hjelp av ein kapitalistisk marknad skal alt ordne seg til det  beste for alle. Det er det motsette som skjer. Kapitalen trekkast dit det er pengar å tene, ikkje dit det  er behov. Kapitalen sine forsvararar seier som Norsk Bergindustri sa da dei forsvarte gullutvinning: Der det er etterspurnad, er det behov. Samtidig blir det jobba iherdig for å skape nye behov, som ein så kan fylle med nye produkt som ein kan tene på. Og motsett: Der det ikkje er kjøpekraftig  etterspurnad, der er det heller ingen som vil investere.

To grunnleggande sanningar
Det er nokre elementære sanningar som er så enkle at det ikkje skulle vere nødvendig å seie dei. For eksempel:  

  1. Samfunnsmessige problem må løysast med samfunnsmessig samarbeid og planlegging.
  2. All produksjon og alt forbruk belastar ressursar.  

Samfunnsplanlegging må ta sikte på å redusere eller unngå unødig produksjon for å ha plass til  nødvendig produksjon og bevare ressursar og natur for framtidige generasjonar.  Så enkelt, men samtidig så stikk i strid med dagens praksis.

Fridom og nødvendigheit
I artikkelen «Om motsigelsen mellom nødvendighet og frihet» skreiv Eystein Kleven i 2014: «De massive miljøproblemene og virkningene av menneskelig virksomhet på klima, er ikke minst  resultat av manglende innsikt i det nødvendige.»33 Når vi så har skapt desse problema blir rammene  for det nødvendige trongare, vi står ikkje like fritt til å velje.  

EU og EØS er bygd på dei såkalla fire fridomane, fri rørsle av varer, tenester, personar og  kapital. Fridomar som formelt gjeld for alle, men som i første rekke er fridomar for kapitalen og for  mange andre slår ut som «frivillig tvang». Ikkje minst er det fridomar som bidrar til å auke  produksjonen av unødvendige varer og tenester, auke transporten og med det auke belastninga på  ressursane og naturen.

Vi er fora opp med store ord om einskildmennesket sin fridom til å kjøpe og forbruke nesten  alt som kan kjøpast for pengar. Ei rekke komplett unødvendige varer og tenester er tillatt i  fridomens namn, sjølv om dei ofte er skadelige for helse og natur. Dersom vi innrømmer at verda  står midt oppe i ei alvorlig natur-, klima- og ressurskrise, er vi nøydd å sette jordas framtid over  retten til å produsere og forbruke ein del unødige varer.  

«Sosialismen er spranget frå nødvendighetens til frihetens rike», skreiv Friedrich Engels for  godt over hundre år sidan. Dette har sidan vore ein leietråd for mange sosialistar. I draumen om eit  betre samfunn blir lett fordelane hausa opp og utfordringane tona ned. «Aldri har vel  forutsetningene for å nå frihetens rike vært bedre enn i vår del av verden i vår tid.»34 skreiv i 2007  Audun Lysbakken, som seinare blei partileiar i SV. Spørsmålet er om ikkje no kapitalismen har ført  verda så galt av stad at vi må gå den motsette vegen – til nødvendighetens rike, sjølv om dette vil  måtte avgrense nokre fridomar vi har blitt vant til.  

Eit kvart samfunn har nokre reguleringar av kva som skal vere lov å produsere og selge og  kor og når det kan gjørast. I Noreg har vi forbod mot narkotika og visse tilsettingsstoff i maten. Vi  har krav om autorisasjon for utøving av visse yrke, reklameforbod mot tobakk og alkohol osv. I  prisippet har vi dermed anerkjent at fridomen må ha visse grenser, og koronapandemien har gjort at  dei fleste har akseptert midlertidige forbod som vi under normale forhold aldri ville godtatt.  Natur-, klima- og ressurskrisa er ei mye meir grunnleggande krise enn koronakrisa. Om vi hadde  latt koronaen spreie seg fritt utan hinder for reiser og normal omgang mellom folk, hadde ein stor  del av verdas befolkning blitt sjuke og nokre prosent fått ein tidligare død. For det store fleirtalet  som overlevde ville livet ha gått vidare. Om vi ikkje tar natur-, klima- og ressurskrisa på alvor kan  verknadane bli langt større. Likevel har denne ikkje ført til at nødvendige tiltak har blitt gjort.

Den nødvendige prioriteringa
Når menneska no overbelastar jordas ressursar slik at vi tar ut meir enn 150 % av det som er  forsvarlig, betyr det at det samla forbruket må ned med minst ein tredel. Skal jorda samtidig kunne  fø 8-10 milliardar menneske utan gigantiske katastrofar i form av krig og hungersnaud, vil det vere  naudsynt med ei streng prioritering av kva ressursane skal brukast til. Da kan vi ikkje bruke  ressursar på tiltak som ikkje har anna formål enn at nokon skal bli rike på det. Da blir det ikkje eit  spørsmål om personlig fridom å ha retten til å investere i kryptovaluta, reise på ferie frå Noreg til Thailand eller kjøre motorcross. Ikkje alt skadelig forbruk kan forbyast med eitt slag, men vi kan i  første omgang sette forbod mot investeringar for auke produksjon på desse områda, og gjennom  lovverk og kampanjer påverke til redusert bruk. Vi kan sjølvsagt ha delte meiningar om kva som er nyttig og unyttig, men det bør vere eit mål å komme fram til:

– Kva område av produksjon og forbruk som skal prioriterast
– Kva område vi med fordel kan redusere, evt. legge ned eller forby
– Korleis vi kan ta vare på bruksgjenstandar lengre og legge til rette for meir reparasjonar og  mindre bruk-og-kast.
– Kor vi kan redusere transport og verdshandel ved at importerte og langtransporterte varer blir  erstatta av eigenproduserte eller lokalproduserte.  
– Korleis vi kan gi noko av det vi har beslaglagt tilbake til naturen ved oppreinsking, revegetering35, restaurering av elver og våtmarker osv.  

Dette vil seie ganske gjennomgripande endringar i samfunnet. Mange av oss vil måtte legge om livsstilen, men i stor grad til det helsemessig betre og ikkje minst vil fotspora våre i naturen og  på jorda bli mindre. Kjøpekrafta må for mange bli mindre, men livskvaliteten vil i mange tilfelle bli  betre når vi vender oss til nye forhold. Ei slik omlegging på verdsbasis er ikkje mogleg dersom det  finst ein elite av superrike på toppen som kan halde fram å sløse og kjøpe seg fri frå dei tiltaka som  andre må slite seg gjennom. Det krev ei utjamning både mellom land og innafor land. Det er ikkje  gjort over natta, men det må leggast ein plan for ei systematisk utvikling i retning av utjamning.

Sosialisme som alternativ?
Kapitalismen har forlengst vist seg udugelig til å redde naturen og verda, ein kan ikkje løyse eit  problem med dei same midla som har skapt det. Det må grunnleggande endringar til, men det er  ikkje nok å seie at eit sosialistisk styre vil løyse problema. Land som har kalla seg sosialistiske har  ikkje vist så mye betre forståing for natur og ressursar. Dei partia i Noreg som kallar seg  sosialistiske er alle for fortsatt økonomisk vekst, bare denne er grøn eller jamnare fordelt. Det er dei som burde gått foran, men dei gjør det ikkje i dag.  

Kva manglar miljøorganisasjonane og miljøpartia?  
Miljøorganisasjonar har ofte bidratt til å rekke fram overforbruket av ressursar, men synest ikkje å  tore å ta konsekvensane av sine eigne analyser. Når såg vi ein miljøorganisasjon angripe overklassa  sitt vanvittige luksusforbruk? Når hørte vi miljøpartia Venstre og MDG snakke om fordelinga av  rikdom og økologisk fotavtrykk? Så seint som på Naturvernforbundet sitt landsmøte i april avviste  fleirtalet eit forslag om redusert forbruk. Er tankane på den nødvendige omstillinga så skremmande  at det ikkje er nokon organisasjon som tør å fronte dei?

3. alternativ. Ein dyd av nødvendigheit

«De massive miljøproblemene og virkningene av menneskelig virksomhet på klima, er ikke minst resultat av manglende innsikt i det nødvendige.»36

Utryddinga av mesteparten av det ville livet på jorda, trugsmålet om store  klimaendringar og overbelastninga på naturressursar har ført til at vi må ta skjeia i ei anna  hand og gjennomføre ei drastisk nedskjæring i arealinngrep, ressursbruk og forbruk. Det  finst ingen rein eller fornybar energi, det finst ikkje noko forbruk utan økologisk fotavtrykk.  Spørsmålet er ganske enkelt korleis kan vi redusere mest mogleg utan at det går for mye ut over menneskas liv, helse og velferd, samtidig som det må vere plass for at dei aller fattigaste må ha ein sjanse til å rykke eit hakk opp i levestandard.

Korleis styre produksjonen?
Kva som blir produsert blir i dag vesentlig avgjort av etterspurnaden på marknaden. Vel å merke  den kjøpekraftige etterspurnaden. Ingen vil sette i gang ein produksjon utan å ha rimelige sjansar til  å få seld produkta, minimum til ein pris noko over utgiftene som går med til råvarar,  produksjonsmiddel og arbeidskraft. Dei svingande prisane gjør at kapital flyttar seg mellom  bransjer og produkt. Lønner det seg å utvinne gull for spekulasjon eller diamantar for dei superrike,  så trekkast kapitalen dit i staden for der han kunne gjort langt meir nytte for seg.  

Målet må vere eit system som sikrar at det vi treng blir produsert, men at det ikkje blir  produsert ein masse unødige ting som bare reduserer natur, belastar ressursar, gir utslepp og  forureining. Da kan ikkje økonomien overlatast til marknaden, det krev ein form for overordna  statlig planlegging og styring.  

Vi kan starte med å sjå på kva som kan gjørast med dei verkemidla som vi langt på veg har  om vi ønsker å bruke dei. Statlige og internasjonale organ kan på eine sida gi retningslinjer for  avgrensing av produksjonen, dels ved forbod der det er nødvendig, dels ved avgifter og skattar som  forskyv lønsemda ved forskjellige produkt. Fordi staten har meint at noko er for skadelig for  menneske, dyr eller natur, har han sett forbod mot pelsdyravl og mot visse giftstoff som DDT og  KFK37. For medisinar og alkohol er det sett restriksjonar på salet, for motorferdsel i utmark  restriksjonar på bruken (som med fordel kunne vore skjerpa). Avgifter kan påleggast stoff som er  helseskadelige, som tobakk, alkohol og sukker38. På andre sida kan letting av moms gjøre visse  varer og tenester billigare, eller dei kan bli direkte subsidierte. Nokre slike tiltak har hatt positiv  verknad, mens andre må seiast å ha vore meir til skade enn til gagn, som norsk subsidiering av vindkraftutbygging og EU si tilrettelegging for auka gruvedrift.

Omfattande omlegging av næringar

Nødvendig omlegginga til mindre natur- og klimaskadelig produksjon og forbruk vil måtte omfatte  alle sider av samfunnet, eg vil nemne nokre eksempel:

– Jordbruk: Auke graden av norsk sjølvforsyning av mat for folk og husdyr, med hovudvekt på  økologisk og kortreist mat. Forbod mot kjemiske «plantevernmiddel», avgift på kunstgjødsel, dyrare frakt.  
– Fiskeri og oppdrett: Fisken må reserverast for kystflåten, med prioritering av fiske i nærområde og med lite drivstofforbruk. Trålfisket må avskaffast. Veksten i oppdrettsnæringa må stansast og all  oppdrett må inn i lukka anlegg.  
– Skogbruk: Planen om freding av 10% av skogen må gjennomførast snarast. Flatehogst, pløying  etter hogst og sprøyting av skog må bli forbode. Gjenreising av mindre fabrikkar for skogprodukt.
– Reindrift: Sikring av areal, forbod mot ytterligare inngrep. Tilbakevending til tradisjonell samisk  flokkstruktur. Tiltak for å redusere bruk av motorkjøretøy.
– Gjenreising av norsk industri: Tidligare industribransjer som produserte vesentlig for  heimemarknaden, og som i seinare tiår har blitt utflagga til lågkostland, må få støtte til å  gjenetablere seg i Noreg. Det gjeld bl.a. konfeksjons- og skoindustrien og delar av  næringsmiddelindustrien.  
– Kraftkrevjande industri: Smelteverk må ikkje få subsidiert kraft ut over dagens kraftforbruk og  motiverast til energisparingstiltak. Eventuelle nye smelteverk må bygge på foredling av norske  råvarer og/eller produksjon for norsk marknad.
– Olje og gass: Stans i all leiting og nye konsesjonar.

Busetting og samferdsel
Sentraliseringa som har pågått i Noreg i varierande grad sidan 2. verdskrigen er eit gigantisk ressurssløseri. Jord ligg brakk, fornybare naturressursar blir ikkje utnytta, godt brukbare hus, skolar  osv. blir fråflytta, mens store ressursar blir brukt på nybygging i og rundt byane, der natur blir lagt  under betong og asfalt. Sentraliseringa må snuast og det må leggast til rette for tilbakeflytting til  fråflyttingsområde. Offentlige arbeidsplassar må desentraliserast.  

– Bustadpolitikken: Gjennom avgiftslette og tilskot må det bli lønsamt å redusere energibruken  gjennom å etterisolere hus og gjennom lokal energiforsyning frå jordvarme.  
– Samferdsel: Flytrafikken må reduserast kraftig. Ingen utviding av flyplassar.

For øvrig må  kollektiv transport i størst mogleg grad overta for personbilar. Talet på personbilar reduserast  kraftig. Stopp i utbygging av motorvegar. Stopp subsidieringa av elbilar. Forbod mot motorsport.

Kva kan vi legge ned? 
Ut frå det faktum at vi overbelastar ressursane og naturen og at all privat og samfunnsmessig  aktivitet bidrar til dette, må vi spørje: Kva kan vi avskaffe? Det er mye, så her er bare tre eksempel. 1. Militæret. Både Noreg og dei fleste statar på jorda har eit enormt pengesluk og materialsluk som  stort sett har vore freda av både politikarar og miljørørsla: militærapparatet og våpenindustrien. Frå  eit miljøsynspunkt er det bare ein einaste fornuftig ting å gjøre: Legg det ned! Det vil kunne frigjøre enorme mengder med høgkvalitetsstål for omsmelting, uran til å drive kjernekrafta i mange år utan  ny utvinning, store areal som kan tilbakeførast til naturen eller brukast på betre vis og store  menneskelige ressursar til betre oppgåver. 

2. Plast. Eit av dei mest alvorlige forureiningsproblema i verda er forureining av plast og andre  kunststoff, som blir liggande i sjøen og naturen på land i all overskodelig framtid. Vi kan gjøre noko med å rydde på overflata, men det stoppar ikkje den stadige tilførselen og det stoppar ikkje den  enorme mengden av mikroplast som slitast av alt frå bildekk og sminke til kunstgrasbanar og  vindturbinar.  

3. Reklame. I det meste av offentlig rom blir vi møtt av prangande reklameplakatar, mange av dei  elektrisk opplyst frå innsida eller utsida. Reklame overfaller oss på nettet og i det meste av media.  Reklamebransjen fungerer også som ein samla propagandist for bruk-og-kast-samfunnet. Bransjen brukar enorme ressursar i form av materiale, energi og arbeidskraft, og bidrar såleis til auka  naturinngrep og forureining. Ingen treng dei for å finne fram til det dei treng å kjøpe, dei er bare  uttrykk for kapitalismens overproduksjon i forhold til marknaden og ønsket om å erobre  marknadsandelar frå konkurrentar.

Ta vare på det du har!
Denne parola, som bl.a. er brukt av Naturvernforbundet, står for det motsette av bruk-og-kast kapitalismen. Ho seier at før du kjøper ein ny bil, mobiltelefon, bukse eller spisebord, skal du spørje deg sjølv: Kan eg ikkje klare meg med den gamle? Har støvlane, datamaskina eller vaskemaskina gått i stykker: Kan det reparerast? Når du ikkje lenger har bruk for brukbare ting: Kan du levere det  til ein brukthandel? Når du MÅ kjøpe noko, kan du finne noko brukt i staden for nytt? Og når det er ugjenkallelig øydelagt: Kan du levere det til resirkulering?

Parola peikar på det personlige ansvaret, men har også ei klar samfunnsmessig side. Når det  i dag ikkje løner seg å reparere datamaskina er det fordi ho er masseprodusert av asiatiske  arbeidarar på minimal løn, mens reparasjonen må gjørast i Noreg til norsk løn og utgifter pluss  moms. Eit godt bidrag ville vere å fjerne moms på reparasjonar. Samfunnet har eit ansvar for å  legge til rette for at det løner seg å reparere framfor å kaste, for fungerande kjeldesortering av søppel og lettvint innlevering og panteordningar for saker som kan resirkulerast.

Kutt toppane!
Den rikaste i verda har ein formue på godt over ein billion norske kroner, eller nært eit norsk  statsbudsjett. Dei ti prosent rikaste eig 89 % av verdiane i verda, mens den fattigaste halvparten av  har under 1 % 39. Det er ei vanlig misforståing at rikdomen i Noreg er relativt jamnt fortelt, men den rikaste i landet har ei formue på godt over 100 milliardar. Forskjellen i inntekt og formue har auka  og det er ein bevisst politikk frå regjeringa at slik skal det vere. Eit resultat av politikken med  skattelette for dei rike er at dei 0,1 % rikaste betaler gjennomsnittlig 11 % skatt, altså langt mindre  enn vanlige arbeidarar.  

Det er to grunnar til at denne rikdomen må kuttast ned. For det første brukast mange av  milliardane til totalt unødig luksus som belastar naturressursar og gir klimautslepp. For det andre  nyttar det ikkje å be butikkarbeidarar på Rema å spise mindre kjøtt og bytte ut den gamle  bensinbilen med ein elbil dei ikkje har råd til, når Rema-eigar Reitan-familien har tre private jetfly.  Så skulle vi da vente at sosialistar stiller krav om forbod mot slik sløsing. Partiet Raudt har rett nok  gått inn for forbod mot private jetfly, men grunngivinga er bare utsleppa av klimagassar. Dette blei  uttalt av nestleiar Marie Sneve Martinussen: «Hadde flyene sluppet ut luft og kjærlighet skulle jeg  ikke brydd meg, men vi vet altså flytrafikken totalt sett må ned og da må de som forurenser mest  kutte mest.»40 Ikkje eingong dei raudaste reagerer altså mot luksusforbruket, bare mot klimautsleppa som det fører til! Er det slik at når privatflya bare blir elektriske, kan luksusen halde fram?

Skal vi kunne komme ned mot noko som kan kallast eit bærekraftig forbruk, må staten gå  foran. Det første enkle tiltaket kan vere at ingen offentlig tilsette skal kunne tene over ein million kr.

Det vil bli stor motstand
Dei tiltaka som eg her har skildra som «ein dyd av nødvendigheit» vil møte motstand på mange  hald. Dei superrike ønsker sjølvsagt ikkje å gi opp verken luksusforbruket sitt eller den makta dei  har i samfunnet gjennom å styre økonomien og investeringane. Mange arbeidsgivarar vil klage  veldig over å ikkje få nytte seg av billig arbeidskraft frå Aust-Europa. Dei som er vant til å ta ein  flytur til Kanariøyane eller Thailand vil nødig gi avkall på dette. Fagorganisasjonar vil protestere  mot ei kvar nedlegging av arbeidsplassar, anten det er i olja, våpenindustrien eller reklamebransjen. EU/EØS vil ikkje godta tiltak som strir med den frie etableringsretten. NATO vil ikkje godta  nedlegging av norsk militærvesen.  

Det kan bli ein hard kamp, men det er ingen veg utanom. Vi kan ikkje halde fram som før,  og det er på tide at nokon seier ifrå om det.

1 https://gronn-energi.no/
2 https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/vil-ha-baerekraftig-gruvedrift-i-norge-1.15247687 
3 https://geo365.no/bergindustri/gronne-mineraler-pa-dagsorden/
4 https://klimapartnere.no/arrangementer/gronn-transport/
5 https://www.geoforskning.no/blogg/item/svart-og-gronn-olje
6 https://klimastiftelsen.no/publikasjoner/gass-til-varme-og-industri/
7 https://www.tu.no/artikler/har-startet-opp-fabrikken-som-lager-miljovennlig-kull/510001 
8 https://www.bi.no/forskning/business-review/articles/2016/06/gronn-vekst-eller-gront-vas/ 
9 https://www.næringslivnorge.no/invester-for-fremtiden/hva-er-gronne-investeringer/
10 https://blogg.pwc.no/styringogkontroll/er-n%C3%A6ringslivet-klar-for-gr%C3%B8nn-kapitalisme 
11 https://no.wikipedia.org/wiki/Gr%C3%B8nn
12 https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/det-grone-skiftet/
13 https://no.wikipedia.org/wiki/Nytale
14 https://www.wwf.no/nyheter/earth-overshoot-day 
15 http://gruve.info/geonor16.htm 
16 https://spinverse.com/references/tekes-green-mining/ 
17 https://www.eumonitor.eu/9353000/1/j9vvik7m1c3gyxp/vlij5j0sx9zj?ctx=vg9pjk198axu&tab=1
18
19 https://www.mining-technology.com/features/featureenvironment-friendly-mining-trends-for-2014-4168903/
20 https://www.iea.org/reports/the-role-of-critical-minerals-in-clean-energy-transitions/the-state-of-play. Originaltekst: «The shift from a fuel-intensive to a material-intensive energy system»
21 https://iea.blob.core.windows.net/assets/24d5dfbb-a77a-4647-abcc-667867207f74/TheRoleofCriticalMineralsinCleanEnergyTransitions.pdf
22 https://www.nrk.no/urix/da-kinas-kullkraftverk-stoppet-opp_-raste-bitcoin-verdien-1.15474689 23 https://www.mip.no/2017/det-gronne-skiftet-krever-vare-mineraler/
24 https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/nussir-planlegger-helelektrisk-gruvedrift_-_-de-prover-a-_gronnvaske_- miljokriminalitet-1.14453484
25 https://thenarwhal.ca/steel-coal-mining-hydrogen/
26 https://www.fn.no/tema/fattigdom/baerekraftig-utvikling 
27 https://www.homoludens.no/2020/10/07/gronn-vekst-2/comment-page-1/ 
28 https://en.wikipedia.org/wiki/The_Limits_to_Growth 
29 http://sveinlund.info/miljo/ugobardi.htm 
30 https://www.resilience.org/stories/2013-08-15/peak-mining-implications-for-natural-resource-management/
31 https://www.theguardian.com/environment/2020/sep/21/worlds-richest-1-cause-double-co2-emissions-of-poorest 50-says-oxfam
32 https://e24.no/boers-og-finans/i/X8ROQB/elon-musk-er-verdens-rikeste
33 https://sosialistiskframtid.wordpress.com/2018/03/03/om-motsigelsen-mellom-nodvendighet-og-frihet/ 
34 Førre og dette sitatet: https://arkiv.klassekampen.no/13232/article/item/null/glasosialismen
35 https://www.nrk.no/urix/ny-rapport_-enorme-skogomrader-er-gjenreist-de-siste-20-arene-1.15493373
36 Eystein Kleven: https://sosialistiskframtid.wordpress.com/2018/03/03/om-motsigelsen-mellom-nodvendighet-og frihet/
37 https://www.aftenposten.no/verden/i/6nQE9W/verdenssamfunnet-reddet-ozonlaget-for-30-aar-siden-naa-stikker-kina-kje
38 Sukkeravgifta er dessverre avskaffa frå i år, https://www.aftenposten.no/norge/i/Lno1Gp/neste-aar-forsvinner sukkeravgiften-men-roedgroenne-politikere-oensker
39 https://www.dn.no/marked/privatokonomi/global-wealth-report/credit-suisse/sa-mye-ma-du-eie-for-a-vare-blant verdens-en-prosent-rikeste/2-1-12995
40 https://www.nettavisen.no/okonomi/rodt-vil-forby-privatfly-rikinger-som-rema-reitan-far-bare-finne-seg-i-det/s/12- 95-3424024059

Nye innlegg