turbiner-ankommer-froya

God morgon kjære Nessadalingar

I dag er transporten av dei første turbindelane opp til […]

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

13. juli 2020

Del:

I dag er transporten av dei første turbindelane opp til Nessadalen i gang
Denne kavalkaden deler eg gjerne med episenteret for vindkraftmotstanden. Hadde det ikkje vore så tragisk alvor bakom, kunne eg sagt eg har mora meg med komposisjonen.

Av: Gunvor Slaatto
Foto: Jan-Egil Eilertsen

Det finst ingen grenser for forsøk på overkøyring og undertrykking av øyfolket. Det siste året har trakasseringa gått slag i slag med skuldingar hinsides sanning der media, ikkje minst NRK, har spreidd løgnene. Toppen til no blei nådd med Trønderenergi sin «Sjarmtur» inn i vindkraftområdet. Regissør var Trønderenergi sin Laugen, han som har regissert trakasseringa frå alle kantar. Det systematiske mønsteret er overtydeleg, slik eg ser det.

Denne gongen skuva han Multiconsult sin Trine Riseth, seksjonsleder for miljø, fram i lyset som den som inviterte Frøya.no og fleire på «en kjøretur i området som snart skal få oppført 14 vindturbiner». Også Torgrim Schnitler, prosjektleder i Trønderenergi, fekk ein plass i sola. Det er ikkje måte på kor tilfreds vertskapet er over at «I dag er det mye større forståelse for naturens egenverdi.»

Sjefsideologen sjølv, Stig Tore Laugen, er stolt over det han har fått til og uttrykker med tilfredsheit: «Det er selvsagt en visningstur, for å vise hvordan området er blitt etter at veier og plasser er ferdige, sier Laugen. -Vi skjønner at det er vanskelig å få fokus på hvordan vi har prøvd å ta vare på naturen, når turbinene kommer og tar all oppmerksomhet, sier han.» Les meir her.

Og ja sant nok. «Oppmerksomhet» kjem Laugen til å måtte handtere framover. I desse dagane er store skip med turbinmonstera på veg til Frøya, og om ikkje lenge blir infernoet sett i drift. Så ja, klart det kjem til å gå ei kule varmt framover. Politiet prøvde seg på førebyggande innsats her om dagen ved å oppsøke leiren i Nessadalen. Betjenten forsikra om at han har gode erfaringar med ekstremistar, så han inviterte til DIALOG.

Det er beundringsverdig av nessadalingar å stå imot og halde fast på retten til å verne om naturen, kulturen og livet deira. For eitt år sidan trefte eg dei strikkande bestemødrene og andre i Nessadalen. RESPEKT for deira aktive haldning og gjerning som deltakande, ansvarlege samfunnsborgarar. Eg trur eg må ta meg ein tur att til mine krigarsystrar, utpå litt.

Eg deler Hans Anton Grønskag sitt innlegg om ei kriminell handling, eit kulturminnebrotet, som det vel er  Fylkesmannen i Trøndelag, Trønderenergi og Stadtwerke München som er ansvarlege for.

Det er verd å studere Kulturminnelova.

Innlegget til Merete Moen eg deler frå er dette.