crypto-blog-featured-image1

Hald fast ved eit tydeleg lokalt nei! Slå ring om fjella våre!

Lev opp i praksis til 2019-vedtaket dykkar der kommunestyret sa […]

Forfatter:

Motvind Norge

Publisert:

12. mars 2021

Del:

Lev opp i praksis til 2019-vedtaket dykkar der kommunestyret sa at det ikkje ville ha utbygging «på kostnad av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv». Gjer som andre kommunar; sei eit tydeleg nei til vindkraftutbygging i Sunnfjord kommune.  

Mens dei i Gulen på sørsida av Sognefjorden tala til Tina Bru og stortingspolitikarar, var Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn si oppfordring meint for deira eigne, til Sunnfjord kommune og ordførar Olve Grotle, H. Det var omlag 150 sunnfjordingar og sogningar som møtte opp for å markere motstand mot vindkraft.

Fjella mellom Sunnfjord og Høyanger. Fjellrekka og platået på bildet utgjer vestre del av planområde både for Zephyr AS og Fred Olsen Renewables AS (perspektiv nord mot sør, frå Hestadgrend i Sunnfjord kommune). Foto. Ingunn Kjelstad

Vi er glade for at Sunnfjord kommunestyre 29. nov. 2019 var kritisk til NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft. Kommunestyret sa då tydeleg frå om fjellområda i Gaular/Sunnfjord kommune, at «det føreligg ikkje noko grunnlag for å seie at området er mindre konfliktfylt enn andre område i landet.»

Ettertida har vist kor konfliktfylt vindkraftutbygginga er rundt i landet. Også kommunar som tidlegare har sagt ja til utbygging, angrar seg når resultata har blitt som det har blitt.

Også i vår kommune er det allereie sterke konfliktar med bakgrunn i Fred. Olsen Renewables AS og Zephyr AS sine planar om vindkraftutbygging. Vi ønskjer ikkje desse splittande konfliktane ute i bygdene våre og i kommunen vår.

Ingunn Kjelstad, leiar Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn, overrakte brev til Sunnfjord kommunestyre om å seie nei til vindkraft. Det var appellar ved: 

  • Ove Farsund, Sunnfjord kommunestyre, Ap
  • Hedda Andrine Skår Indrebø, leiar Ung Motvind Høyanger
  • Hallvard Oppedal, ordførar Gulen kommune, Sp

Det vart det ei flott markering med god stemning utanfor Sunnfjord rådhus i ettermiddag.

#NATURVALG21