FOR BladVH_03.1000×563

Hjartesukk om vindturbinblad og erosjon – feil og fakta

Kvifor i alle dagar vil politikarar, regjering, departement, miljødirektorat og NVE at vi vanlege folk skal misse fullstendig respekt og tillit til dei?

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

7. mai 2021

Del:

Nevneverdig slitasje oppstår erfaringsvis når turbinblada er meir enn ca. 110 meter. I vindkraftverket på Lista er rotordiameteren kun 93 meter og da skal det normalt ikkje være slitasje. Fred Olsen Renewables har likevel funne erosjon på fleire av turbinblada. Karabinkroken til venstre i bildet gir ein indikasjon på omfanget av på skadene, som no er reparert. Foto: Fred Olsen Renewables.

Av Ola Bergheim

Kvifor i alle dagar vil politikarar, regjering, departement, miljødirektorat og NVE at vi vanlege folk skal misse fullstendig respekt og tillit til dei?

Eg brukte ein ettermiddag og kveld til å sjekka kva informasjon som blir gitt til folket om erosjon frå vindturbiner. Og om informasjonen står seg i møte med kjende fakta, kunnskap og forskning.
Eg må dele denne kommentaren i to, først det eg normalt ville skrive, og avslutningsvis forklaringa på overskrifta.

Det eg normalt ville skrive for ein månad sidan
Eg såg nyleg på nettet at ein trear-bande hadde kome med ein sensasjonell rapport om stor erosjon av vindturbinblad med tonnevis av samla utslepp av svært farleg kjemisk stoff. Eg skumma raskt gjennom rapporten https://motvind.org/forurensing-fra-vindkraftanlegg/.
Eg syntest jo det verka farleg dette som stod i rapporten, og skumma etterpå raskt gjennom meir fagleg autoritativ dokumentasjon, for å roe ned litt. Heldigvis vart eg roa av våre autoritetar. I fylgje regjering og stortingsmelding og NVE og NORWEA og ein av dei størst turbinprodusentane, er denne rapporten berre bullshit.

La meg kort vise med kjelder 1-4 at dei dryge påstandane til banden ikkje vart stadfesta ein einaste seriøs stad, ofte ikkje eingong funne verd å nemne som problemstilling!

1. Olje- og energidepartementet skriv betryggande under
Spørsmål og svar om vindkraft på land på regjeringen.no 
Artikkel | Sist oppdatert: 04.05.2021
Kjelde: Miljødirektoratet og NVE og stortingsmelding

Her finner du svar på de vanligste spørsmålene om vindkraft på land og stortingsmeldingen Meld. St. 28 (2019-2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonssystemet.

Hvor mye mikroplast slipper vindturbinene ut i løpet av sin levetid? I dag finnes det ikke en samlet oversikt over mengden utslipp av mikroplast fra vindkraft. Det er viktig at plastforurensning ikke bagatelliseres, men selv om utslipp forekommer fra turbinblader, har det likevel begrenset betydning.

I Miljødirektoratets kartlegging av norske kilder til spredning av mikroplast er ikke vindkraft nevnt i oversikten.

I tilbakemeldinger som NVE har fått fra en vindkraftprodusent er årlig slitasje på moderne turbinblader i størrelsesorden opp til 50 gram mikroplast per år per turbinblad.

For å øke kunnskapsgrunnlaget om slitasje og vindkraft skal NVE jobbe sammen med Miljødirektoratet, slik det er foreslått i Meld. St. 28 (2019-2020).
https://www.regjeringen.no/no/tema/energi/landingssider/vindkraft-pa-land/sporsmal-og-svar—-vindkraft-pa-land/id2770374/

2. NORWEA, bransjeorganisasjonen, garanterer full tryggleik
FAKTAARK: VINDKRAFT, PLAST OG BISFENOL A

I ordskiftet rundt vindkraft er det skapt et inntrykk av at vindkraftverk slipper ut større mengder miljøfiendtlig materiale av plast og det farlige plaststoffet bisfenol A. Faktum er at vindkraftverk ikke står for store utslipp av disse materialene. Moderne vindturbiner er satt sammen av ulike materialer egnet for utfordrende værsituasjoner, og beskyttet mot erosjon av skadelige materialer.

Maksimal avsliping per blad, per år: 50 gram, i all hovedsak maling.
Maksimal forurensing av Bisfenol A per blad, per år: 0,5 milligram.

Kilde: Informasjon og tallgrunnlag er levert direkte fra turbinprodusenten Vestas. Ta kontakt med NORWEA for mer informasjon. 
Faktaark March 26, 2021 https://norwea.no/norwea-mener/2021/3/26/faktaark-vindkraft-plast-og-bisfenol-a

Kommentar til 1 og 2 :
Som vi ser; dei same tala frå Norwea finn vi på regjering.no. Så truleg er turbinprodusent Vestas også kjelda til NVE, som regjering.no viser til. Altså bagatellmessige opptil 50 gram måling med ufårleg stoff blir slipa vekk kvart år frå kvar av desse enorme blada på 75-100 m.

3. Stortingsmeldinga, Meld. St. 28 (2019 –2020) Vindkraft på land
Einaste som står her om turbindblad i punkt 9.4 og 9.5 om bruk av eksisterande forsking og trong for ny kunnskap, er at ein har drive prosjekt på ising av blad. https://www.regjeringen.no/contentassets/f89e946defa24e57aaeb6bd25d949b7b/no/pdfs/stm201920200028000dddpdfs.pdf


4. NVE sin kunnskapsbase
Stortingsmeldinga ovanfor, Meld. St. 28 (2019 –2020) viste til NVE sin kunnskapsbase om vindkraft for detaljar og fordjuping

https://www.nve.no/nasjonal-ramme-for-vindkraft/oppdatert-kunnskapsgrunnlag/

Eg tok for meg rapporten om «Drikkevann og forurensing»
Einaste ståande gjenstand i eit vindkraftanlegg som kan gje ureining, er kraftstolpar:
«Etablering av kraftledninger fører også til aktivitet som kan påvirke drikkevannskilder, og disse må derfor tas med i risikovurderinger knyttet til spredning av forurensning.

Bruk av kreosotimpregnerte stolper kan i noen tilfeller føre til uakseptabel lokal forurensning. Kreosotstolper bør derfor generelt ikke benyttes innenfor nedbørsfeltet til drikkevann.» https://webfileservice.nve.no/API/PublishedFiles/Download/201903419/2731433

Oppsummering 1-4:
Påstandane til treerbanden er altså rein bullshit! «Erosjonen» kokar ned til litt målingsslitasje, måling med heilt ufarleg innhald. Så lite erosjon og så ufarleg utslepp at problemstillinga ikkje eingong blir nemnt av NVE eller i Stortingsmeldinga! 

Hadde det vore for ein månad sidan hadde eg skrive som ovanfor og avslutta her.

Så til grunngjevinga for overskrift og ingress:
Diverre las eg i Teknisk Ukeblad, (TU) 14. april, med stoff henta frå danske nettstaden Ingeniøren, at påstandane på regjering.no og 1-4 umuleg kunne vere rette:

«Hyperlokale værdata skal motvirke vindmølle-erosjon
Hvert år koster erosjon av vindmølleblad industrien flere milliarder kroner.
Med hyperlokale værdata og to testmøller utenfor Skottlands kyst forsøker danske forskere å minske problemet». https://www.tu.no/artikler/hyperlokale-vaerdata-skal-motvirke-vindmolle-erosjon/509118

Erosjon kostar vindindustrien 18,5 milliardar på verdsbasis i fylgje anslag. Den typiske levetida for ein vindturbin er 20-25 år, men dyr og vedlikehaldskrevjande erosjon oppstår alt etter 2-5 år, avhengig av regn og vindforhold. 

Dette er ukjent for dei fleste sidan vindindustrien først dei siste 5 åra har vore opne om at dei har eit stort erosjonsproblem:
«Den typiske levetiden for en vindturbin er på omkring 25 år, mens den vedlikeholdskrevende og dyre erosjonen på bladene som regel oppstår allerede etter to til fem år, avhengig av hvor mye vind og regn det er i området hvor turbinen er plassert. – Vi håper vi kan utsette dette vedlikeholdet av bladene med fem år eller mer, avhengig av materialet på bladene og turbinens hastighet under nedbør, …
… Vindindustrier har ikke vært veldig åpne om at de har problemer med erosjon, det er først blitt en diskusjon her de siste fem årene.»

Så eg tok ein sjekk for nærare detaljar på nettsidene til Danmarks tekniske universitet, DTU, og vart både positivt og negativt overraska. Danskane har tatt erosjonsproblemet på alvor og har bygd opp ei eiga forskingsavdeling som er involvert i to store forskingsprosjekt i lag med alle kjende namn i vindturbinbransjen. Første starta i 2017, det andre i 2018. Det som vart presentert i TU-artikkelen, går på varsling av regn og hagl og fartsreduksjon for å på den måten redusere erosjonen. Det andre prosjektet går på materialteknologi – utvikle materialar som kan tole dei enorme påkjenningane betre.

Danskane inviterte i august 2019 til internasjonal kongress for erosjonsforskarar i starten av 2020:

«International Symposium on Leading Edge Erosion of Wind Turbine Blades
MONDAY 12 AUG 1919
Leading edge erosion of wind turbine blades is one of the most critical problems of the wind energy development. It can lead to more than 5% reduction of annual energy production for wind turbines.» https://windenergy.dtu.dk/english/news/2019/08/international-symposium-on-leading-edge-erosion-of-wind-turbine-blades

Illustrasjonen på invitasjonen i 2019 viser at det er snakk om langt meir enn litt målingsslitasje!

Resultatet av invitasjonen vart ein verdskongress for erosjonsforskarar, hovudfokus på  havvind. Deltakinga frå EU-landa, USA, Kina, Mexico, Canada og Japan i starten av 2020 viste at det var eit verdsomfattande problem:
«DTU Vindenergi samler 100 internationale eksperter i starten af i år for at diskutere udviklingen af nye løsninger på erosion af vindmøllers vingeforkanter.

Vindmøller på havet er tit udsat for hårdt vejr som regn og hagl. Det er dyrt for producenterne af vindenergi, når overfladen på vindmøllevingerne bliver beskadiget og energiproduktionen reduceret, da det medfører store udgifter.

For at løse problemet organiserer DTU Vindenergi et internationalt symposium om forkanterosion af vindmøllevinger i starten af året. Omkring 100 eksperter samles på DTU’s campus på Risø for at præsentere og diskutere nye løsninger på udfordringen med forkanterosion. Deltagerne kommer fra universitetsverdenen og industrien i EU-lande, USA, Kina, Mexico, Canada og Japan. Emnerne bliver bl.a. meteorologi, aerodynamik, coating og anden beskyttelse af vindmøllevinger.» https://www.dtu.dk/uddannelse/moed-dtu/tilbud-til-gymnasier-og-skoler/gymnasie-og-skole-nyheder/Nyhed?id=%7BA6F8CD4F-26B1-47BB-B78D-4700F760B845%7D


Eg såg som snarast litt på prosjektsidene med tilgjengelege forskingsartiklar og nyhende  om problema når regn og hagl møter turbinblad i opptil 350 km i timen.

Vind-industrien har altså visst at dei har hatt alvorlege erosjonsproblem, i alle fall siste 8-10 åra. I same tida som det er bygd ut mange vindkraftanlegg her i Noreg!

Det danske prosjektet om å utvikle betre materialar nemner t.d. som eitt av sine utgangspunkt at Ørsted i 2016 annonserte at alle deira 273 turbinblad i havvindparken Horns Rev 2 hadde fått alvorlege erosjonsskader etter berre 6 års drift.

Vindselskapa hadde satsa på at større turbinar med høgare fart skulle gje betre økonomiske resultat. Men høgare fart førte og til meir erosjon, som kunne slå andre vegen, redusere produksjon og økonomisk resultat.

«DURALEDGE: Durable Leading Edges for High Tip Speed Wind Turbine Blades Leading edge erosion leads to huge maintenance and downtime costs.
For example, Ørsted announced in 2016 that all 273 blades at their Horns Rev 2 offshore wind farm, which has been operational for six years, were severely eroded.

Costs associated with blade leading edge erosion include loss in wind farm annual energy production and the operation and maintenance (O&M) costs for inspecting and repairing the blades.

Further, one of the promising future directions of wind energy development is the development of wind turbines with high tip speed (over 90 m/s). The tip speed increase would also result in an overall reduction to up to 9% in system LCOE.

However, one of the main constraints in such a development is the leading edge erosion, which plays especially critical role for high tip speeds

https://windenergy.dtu.dk/english/research/research-projects/duraledge

Med så dramatiske resultat i Danmark i 2016, har sjølvsagt alle fagfolk i bransjen, NVE og departement visst om dette. Politikarane har visst om det i alle fall sidan 2018. Dette ser vi lett på dei danske prosjektsidene.

På prosjektsidene ser vi at den danske  forskinga på erosjon blei presentert på eit stort seminar i Bergen i 2018
https://www.rain-erosion.dk/news

EROSION results presented in Bergen
Last week, Thursday September 13, around 150 people interested in offshore wind energy participated in the Science Meets Industry Bergen at the university Aula.

At the conference, Charlotte Bay Hasager presented results from EROSION, that was discussed among the participants.
https://www.rain-erosion.dk/news/Nyhed?id=%7B218E8F9F-B495-4E0F-959C-E7DA540FC9CC%7D

Deltakarlista http://www.norcowe.no/doc//konferanser/2018/Science%20Meets%20Industry%20Bergen%20Registration%20List.pdf

Prestentasjonane
http://norcowe.no/index.cfm?id=442342

Liv Kari Eskeland, Høgre i Stortingets Energi-og miljøkomiteen innleia om
«Offshore wind and the Norwegian political Climate

Presentert i programmet som sentral norsk miljø- og energipolitikar: “Liv Kari Eskeland, Member of Parliament for the Conservative Party Member of the Standing Committee on Energy and Environment» http://www.norcowe.no/doc//konferanser/2018/SMIBergenPres/1050%20Liv%20Kari%20Eskeland%20Offshore%20wind%20and%20the%20Norwegian%20Political%20Climate%20.pdf

Ho avslutta føredraget sitt med full støtte til stor havvind-satsing frå det norske politiske miljøet, «Unanimous political support for offshore wind»:

«Concluding summary:
• Unanimous political support for offshore wind despite of oil-price going up
• Parliamentary initiative – proposal passed in June
• Government currently considering areas for license applications»

DTU arrangerte The 2nd International Symposium on Leading Edge Erosion of Wind Turbine Blades 2 – 4 February 2021.
https://www.rain-erosion.dk/news/Nyhed?id={F0F13663-C63D-4CD9-94DD-4282DE8BF008}

Charlotte Hasager, co-operating agent of the IEA Wind Task 46 “Erosion of Wind Turbine Blades” and of the project “EROSION” says: “It is very fruitful to meet and share state of the art knowledge among academia and industrial players on leading edge erosion which still is one of the greatest challenges in the wind energy community. The IEA Wind Task 46 collaboration is expected to enable better insight and faster solutions to the erosion challenges.”

Danskane har elles lagt ut 2020-utgåva av Energy Insight Yearbook, ei energiårbok som dekker forsking og trendar, med oppsummering av erosjonsforsking på turbinblad s. 50-53

Av særleg interesse for norske forhold er at forskarane vart overraska over erosjonsproblema ved større turbinar med lenger turbinblad og høgare rotasjonsfart i bladendane. Regn- og hagldata hadde ikkje vore tilgjengeleg for bransjen. Ein hadde trudd at høgare vindturbinar med større fart på blada skulle vere eintydig positivt. No fekk eg lære at auka erosjon åt opp vinninga – og kanskje meir enn det. Det var difor desse store erosjons-forskingsprosjekta vart sette i gang.

«Bråket» rundt oppattnying av gamle konsesjonar her i Noreg siste åra har i media gått mykje på det visuelle. At opptil dobbelt så høge turbinar som NVE har gjeve utbyggarane lov til, i høve til opphavelege planar, har vorte meir synlege. Spesielt no når dei er blitt så høge at dei må lysmerkast.

Dansk og internasjonal forsking har altså dokumentert at høgare turbinar aukar erosjonen kraftig. Utbygginga langs norskekysten har vore tufta på argumentasjonen om at vi har Europas beste vindforhold. Men – vi veit og at vi har mest regn og storm, så truleg gjev dei høge turbinane NVE rutinemessig har gjeve løyve til, også Europas høgaste erosjon på turbinblad?

Elles såg eg på eit par forskingsrapportar at einaste eksterne variabel syntest vere økonomi. Kraftpris i høve til reparasjonsintervall, og om det ville løne seg økonomisk å køyre turbinane for fullt heile tida, trass i auka erosjon, når kraftprisane er høge. Forsåvidt er det sjølvsagt at profitt lett blir einaste variabel når industrien betalar forskinga!

Etter det første raske streiftoget på dei danske nettsidene tok eg ein ny gjennomgang av den informasjonen som er offentleg tilgjengeleg i Noreg, innleiingsvis punkt 1-4, då spesielt på litteratur- referansane, les. mangel på informasjon så vel som referansar.

NVE skal liksom vere det uavhengige norske organet som fagleg går industrien etter i saumane, som syter for at profitt ikkje går framfor natur, miljø og samfunnsøkonomi. Men sjølv i NVE sin spesialrapport om  «Drikkevann og forurensing» under hovudoverskrifta «Oppdatert kunnskapsgrunnlag»
https://www.nve.no/nasjonal-ramme-for-vindkraft/oppdatert-kunnskapsgrunnlag/
finns det stort sett berre oppsummeringar frå bransjen sine konsulentrapportar i samband med konsesjonssøknader.

For Guleslettene døme veit vi at konsekvensar for drikkevatn har vore mykje i fokus. Her ser vi at NVE legg til grunn utbyggar sin konsulentrapport frå 2011 og at utslepp er bagatellisert. https://webfileservice.nve.no/API/PublishedFiles/Download/201903419/2731433

Sjølv vi naive på sidelina som ynskjer å ha full tiltru til våre politikarar og fagdepartement og direktorat, ser heilt klart at den norske regjeringa har gjort eit heilt bevisst politisk val ved å halde denne danske og internasjonale forskinga på erosjon løynt.

  • Rapporten til Rimetveit og co sine tal er truleg for låge ut frå dagens høgare vindturbinar. 
  • Det blir tydlegvis eksperimentert med ulike blandingar i legeringar på turbinblad for å minske erosjonen.
  • I og med at kun økonomi, ikkje miljøverknader, er variabel i den danske forskinga, veit vi ikkje miljøkonsekvensane av ulike legeringar
  • Vi må rekne med større erosjon i det verharde klimaet i Noreg enn i noko mildare danske farvatn.
  • Så her trengst det definitivt spesifikk uavhengig forsking!


Det er tydeleg for alle å sjå at den norske regjeringa verken vil bruke pengar på miljøkonsekvensar av stadig aukande turbinblad-erosjon, eller i det heile nemne dette som problem. 

Dette må vere fordi slik informasjon vil kunne hindre dei vedtatte politiske satsingane på norsk vindkraft som multimilliard-industri – med bruk av offentlege overføringar. 

Alle forstår det då kan vere fristande å underslå informasjon om at at danske verdsleiande erosjonsforskarar har funne ut at aukande erosjon på vengene til stadig større  vindturbinar er «very expensive» og «one of the most critical problems of the wind energy development», «leads to huge maintenance and downtime costs». …

  • Denne ubehageleg informasjonen er altså så lett tilgjengeleg i vårt naboland Danmark at alle, slik eg gjorde i går kveld, lett kan finne fakta!
  • Alle må då fatte og begripe at ved å underslår fakta og opplysningar vil slikt hemmeleghald ikkje berre skade tilliten til regjering og fagmyndigheiter når det gjeld vindkraft, men skade tilliten til at vi har eit politisk og fagleg system for å verne både natur og folk mot at natur, miljø og ureining blir nedprioritert i høve til særinteressene si jakt på maksimal profitt!
  • TU sin artikkel med bilete av bladerosjon viser tydeleg at NORWEA bevisst fer med løgn
    MIKROPLAST FRA VINDTURBINER. Vindkraftblader skades av vær og vind: Nå kommer løsningene.
    https://www.tu.no/artikler/vindkraftblader-skades-av-vaer-og-vind-na-kommer-losningene/509824
    Vi  ser av biletet at erosjonen på Fred. Olsen sine vindturbinar på Lista definitivt er større enn dei maks 50 g pr år som Norwea hevdar på si nettside så seint som 26.03.2021. Sitert under punkt 2 innleiingsvis.
  • Taktikken er tydelegvis å halde ubehagelege sanningar løynt så lenge som mogleg – og helst endå lenger.
  • Som det går fram av denne ferske TU-artikkelen er erosjon på turbinblad eit stort og aukande problem både på landjorda og til havs.
  • Lista er definitivt ikkje den mest verharde og regnfulle delen av Noreg. I mangel av forsking og utgreiingar og undersøkingar kan vi berre spekulere i langtidsresultata for vindturbinane som er bygd og planlagt bygd nordover vår verharde kyst…

Så – kva gjer vi no?
Vi kan vere for eller mot vindkraft, men alle vi som er opptekne av natur, miljø og klima har tydelegvis ikkje anna alternativ enn å støtte organisasjonar som Motvind økonomisk!

Og støtte eldsjeler og frivillege organisasjonar som ikkje utan vidare tar NVE, Miljødirektorat, departement, regjering og politikarar sin opplysningar og påstandar for god fisk.

Ved stortingvalet i haust må vi i alle fall syte for at dagens vindkraft- og profitt-logrande regjering ikkje får halde fram fire nye år og heller ikkje sleppe til andre parti som står for samme linje!

 

Les meir om utslepp og ureining frå vindkraftverk

Nye innlegg