forklar-meg-hvorfor-maleri-opprop-Evy-Anne-Brotnow

Kva tenkjer du på, spør facebook.

Eg tenkjer på kor verda har forandra seg i løpet av nokre veker. Frå å ver ganske intetanande å leve i mi eiga boble i tru om at Norge, det er eit flott land å bo i. Vi har demokrati, sjølvråderett og vi har eit politi vi kan ver stolte av, i forhold til mange andre land.

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

1. august 2020

Del:

Av: Anne Grete Johnsen
Maleri: Evy Anne Brotnow – bilde i akryl på 120x 100cm. Tittel: «Opprop»

Eg tenkjer på kor verda har forandra seg i løpet av nokre veker. Frå å ver ganske intetanande å leve i mi eiga boble i tru om at Norge, det er eit flott land å bo i. Vi har demokrati, sjølvråderett og vi har eit politi vi kan ver stolte av, i forhold til mange andre land.

Ei boble av illusjonar.

Ein statsminister som ikkje bryr seg om folket ho er tilsett av. Som har fått utallige mailar, blitt invitert. Men nei, slik ho ofte gjer, vel ho å ver fråverande og taus.

Ei Regjering og Storting som tillet at landet vårt blir seld ut til storkapitalen og tillet at landet vårt blir rasert.
Som tillet at lokaldemokratiet ikkje blir høyrd.
Som tillet at mange lover blir broten og Grunnlova blir sett til sides. Fordi?
Forklar meg kvifor?

Forklar meg kvifor folkehelsa ikkje tel.
Forklar meg kvifor folk skal ofrast. Ikkje berre her, men mange andre plassar i landet.
Forklar meg kvifor urbefolkinga vår, samane, mistar sine verdifulle områder for reindrifta si og sin leveveg.

Forklar meg kvifor naturen vår og det biologiske mangfaldet ikkje har relevans.
Forklar meg kvifor det er skadeleg for klimaet å bygge ei hytte, men det er heilt greit å grave opp å øydelegge store myrområde og hogging av skog, til enorme industriområde, for kven?
Forklar meg kvifor det er greit å spre epoxy, som er svært skadeleg og giftig, ut i naturen vår og havet.

Forklar meg kvifor viktige trekkområde for fugl og hekkeområder for raudlista artar, ikkje betyr papiret det er skrive på.
Forklar meg det, når de har skrive papiret sjølv.
Forklar meg kvifor det ikkje betyr noko at grunnvatnet står i fare for å bli forgifta mange plassar rundt om i landet.

Forklar meg kvifor de skriv i energilova at det skal ver konsekvensutgreia før arbeidet sett i gong, men de bryt lova og har *gløymd* å konsekvensutgreie.
Forklar meg då kvifor eg- vi er dei som blir behandla som kriminelle.
Forklar meg kvifor de sender politiet på meg-oss.
Forklar meg kvifor de truar meg-oss med pålegg, når det er DE som bryt lova.

Om de ikkje er i stand til å forklare, forklar meg kvifor.

Nye innlegg