20230303_130154

Lærdommar av Fosen-aksjonen

Ein enkel lærdom av Fosen-saka er at lov er lov […]

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

8. mars 2023

Del:

Ein enkel lærdom av Fosen-saka er at lov er lov og dom er dom. 3. mars foran Stortinget. Foto: Irene Njå-Gjellestad.

Tekst: Svein Lund, Guovdageaidnu. Foto: Irene Njå-Gjellestad


I 500 dagar meinte regjeringa at dom i høgsterett ikkje hadde noko å seie, at tiltak som var dømt ulovlige kunne fortsette som før. Det tok 8 dagar med aksjonar, med okkupasjon av OED og stenging av 10 departement før ministrane klarte å seie «Unnskyld», som eit første steg til å løyse krisa.

Dei 8 dagane har endra Noreg. Dei har vist makthavarane at det finst grenser for kor mye dei kan rasere natur og reinbeite utan at det kjem reaksjonar. Dei har vist det norske samfunnet at menneskerettsbrot ikkje bare skjer i fjerne utland. Dei har gitt det norske folket kunnskap om at samespørsmålet ikkje blei løyst med opprettinga av Sametinget og sanningskommisjonen. Dei har gitt ei begynnande forståing for kva reindrift er og kva denne treng for å overleve. Dei har forsterka nokre alliansar og skapt nye.

Dei 8 dagane har endra Noreg. Dei har vist makthavarane at det finst grenser for kor mye dei kan rasere natur og reinbeite utan at det kjem reaksjonar.



3. mars foran Stortinget. Foto: Irene Njå-Gjellestad.

Desse dagane har også vist at forståinga hos makthavarane sit svært langt inne. Den viktigaste innrømminga låg i at utbygginga er gjort utan å ta omsyn til den kunnskapen som reindriftssamane sjølv har. No vil regjeringa skaffe seg eit «kunnskapsgrunnlag». Ein innrømmer altså at utbygginga er gjennomført utan at utbyggarane og styresmaktene visste kva dei gjorde. Dei visste ikkje fordi dei konsekvent nekta å høre på dei som hadde kunnskapen. I støttemarkeringa for Fosen som 4. mars blei halde i Guovdageaidnu, var ei av parolane: «Vi har kunnskapsgrunnlaget. Velkommen!». Denne parola vil trulig møte Støre når han kjem til Finnmark i veka som kjem. Du er velkommen – til å høre på dei som har kunnskapen.

Ein enkel lærdom av denne saka er at lov er lov og dom er dom. Det vil seie at regjeringa må anstrenge seg for å unngå å gjøre lovbrot. Det står ikkje i lova at statsforvaltning og regjering er heva over lova. Det står heller ikkje at dersom noko er svært økonomisk lønsamt for aktørar med gode lobbyistar, så kan lova omgåast. Tvil skal komme den svake parten til gode. Har nokon gått til rettssak, så skal inngrep vente til det er avsagt ein rettskraftig dom. Det som her har kome fram er bare eitt av mange lovbrot i Fosen-saka. Saka har så mange sider at det trengst ei offentlig uavhengig gransking av heile vindkraftutbygginga på Fosen.



Dei siste 50 åra har det i Noreg vore 4 miljøaksjonar som har blitt kjent over heile landet og ut i verda: Alta, Førdefjorden, Repparfjorden og no Fosen. I alle desse blei det avdekka grove saksbehandlingsfeil, fordi utbyggar og styresmakter hadde slik hastverk at ein ikkje kunne vente på ei korrekt behandling. Eg vil tru at Regjeringa gjerne vil unngå å få fleire slike saker. Det første dei kan gjøre er da å sørge for at saksbehandlinga held mål juridisk.

Saka har så mange sider at det trengst ei offentlig uavhengig gransking av heile vindkraftutbygginga på Fosen.

Ein annan parole vi kunne sjå i markeringa i Guovdageaidnu var «Fovsen otne – Mii ihttin. Sápmi searvalaga», dvs. «Fosen i dag – Vi i morgon. Sameland står saman». Fleire av appellantane fortalte om vindkraftplanane som trugar reinbeitedistrikta deira. I Nord-Troms og Finnmark er det planar om eit titall gigantiske anlegg og dette er bare starten. Parolen fortel at nye trugsmål ventar, men også at dei vil møte motstand.

Under aksjonane i Oslo og støttemarkeringane rundt i landet har hovudfokuset vore på menneskerettsbrot og framtida til reindrifta. Men kampen om vindkraft er mye meir. Vindkraftutbygging er i ferd med å øydelegge nokre av våre finaste naturområde, med ubotelig skade på verneverdig landskap, dyre- og planteliv. Vindkrafta øydelegg bumiljø, forgiftar natur og har store globale skadeverknadar frå alle gruvene som må til for å få fram metalla som brukast i turbinane og i batteria som må lagre den uregelmessige straumen. Vindkrafta krev balansekraft, som fører til at skadeverknadane av vasskrafta aukar.

Aksjonane i Oslo har fått støtte av mesteparten av miljørørsla. Slik har det ikkje alltid vore. I vindkraftutbygginga sin barndom sto både Naturvernforbundet og Natur og Ungdom som pådrivarar for meir vindkraftutbygging. Zero har fremma vindkraftutbygging overalt og forsøkt å bagatellisere problema for reindrifta. Bellona har aktivt påskunda vindkraft på Fosen. Også samiske organisasjonar godtok tidligare vindkraftutbygging. Ingen av dei ønsker å snakke høgt om denne fortida, men det må fram. Mange har lært av feila, men mange heng også igjen i illusjonane om at vindkraft er fornybart og klimavenlig, ein naudsynt del av «det grøne skiftet». Enno er det eit stykke fram til alle sluttar opp om ein annan av parolane frå markeringa i Guovdageaidnu: «Ja til natur – nei til vindkraft!»

Mange har lært av feila, men mange heng også igjen i illusjonane om at vindkraft er fornybart og klimavenlig, ein naudsynt del av «det grøne skiftet».

Dei siste dagane har vi sett ein veldig motoffensiv frå vindkraftprofitørar med handlangarar, ein broket allianse som fremmer vindkraft som løysinga på alt frå klimaendringar til arbeidsløyse og tomme kommunekasser, forkynner at naturverdiar må vike for pengeverdiar og går til generaloffensiv mot reindrifta som næring og samane som folk.
Det er framleis langt fram.

Urfolksrett er ikke valgfritt. 3. mars foran Stortinget. Foto: Irene Njå-Gjellestad.




Nye innlegg