germany_knapsack-gas-fired-power-plant_3_1500x1200

Løgner frå kraftlobby og politikarar

Torsdag 27. mai blei Nordlink, verdas lengste undersjøiske strømkabel, åpna av mellom andre forbundskanslar Angela Merkel og statsminister Erna Solberg.

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

29. mai 2021

Del:

Fornybar-satsinga pusha eksporten av kullkraft til nye høgder. – Til vår store overraskelse ble mange nye kullkraftverk bygget, ikke bare i Tyskland, men også andre land, som Nederland. Statkrafts gasskraftverk ble rett og slett utkonkurrert av kullkraft. Direktør Stefan-Jürg Göbel, Statkraft. Foto: Statkraft

Av Ola Bergheim

Torsdag 27. mai blei Nordlink, verdas lengste undersjøiske strømkabel, åpna av mellom andre forbundskanslar Angela Merkel og statsminister Erna Solberg. Solberg meiner at dei med denne kabelen, er på veg mot EUs mål om å kutte klimagassutsleppa med 55 prosent innan 2030. Ho bør vite betre!

Teknisk Ukeblad påstår i punkt 7 i sin famøse faktasjekk om vindkraft 15. mai at norsk vindkraft og anna fornybar er avgjerande viktig for å redusere utslepp frå tyske kolkraftverk

IEA har dokumentert det motsette; Tyskland har brukt auken i fornybar kraft til å kutte ned på utsleppsfri kjernekraft, og til å bli ein stor netto eksportør av kolkraft! Norske samfunnsøkonomar viste dette alt i 2009. Det er umogleg at leiarar i kraftbransjen og politikk ikkje kjenner til dette! Dei lyg oss huda full!

«Busting»
Viss du er litt interessert i vitskap, har du sikkert sett engelsk-språklege program? Nokre der dei med vitskapleg teori og eksperiment set søkelyset på påstandar, myter og «sjølvsagte ting som alle veit». Mest moro når fakta-sjekken til programleiarane og deira vitskaplege hjelparar motbeviser påstanden, myten, «det sjølvsagte»  så ettertrykkeleg at den kan erklærast for «BUSTED!»  Spesielt morosamt er det når ein kan setje nokre overlegne «blærer» på plass.

Teknisk Ukeblad (TU) er av media eg siste 50 åra rutinemessig skummar overskriftene på som generelt natur, miljø og klima-interessert. Midt i mai 2021 hadde TU ein usedvanleg  blærete leiarartikkel og «faktasjekk» av påstandar om vindkraft:
Vindkraftdebatten i Norge har nærmest sporet av. Derfor faktasjekker vi ni påstander.
https://www.tu.no/artikler/vindkraftdebatten-i-norge-har-naermest-sporet-av-derfor-faktasjekker-vi-ni-pastander/510188

Sant og usant om vindkraft. Er egentlig vindkraft miljøvennlig? I en stadig mer polarisert samfunnsdebatt, er alle tjent med at fakta ligger på bordet. https://www.tu.no/artikler/ni-pastander-om-vindkraft-vi-har-faktasjekket-dem/509409?key=pohccgCa#a3

Med andre ord; TU stelte seg lagleg til for hogg, og nærast uimotståeleg  for «busting»  Eg såg straks at eg hadde alt eg trengde for å «buste» TU sin påstand 7:
Om det er ein automatisk samanheng mellom auka utbygging av vindkraft og nedgang i kolkraft? Konklusjonen på «faktasjekken» til TU er at NVE har rett:
«NVE har estimert at produksjonen av 10 TWh norsk vindkraft i gjennomsnitt vil redusere europeiske klimagassutslipp med rundt 5 millioner tonn CO2 i året.»

Som alle sikkert har opplevd: Du jobbar med ei sak nokre timar eller meir, føler det moro og tilfredstillande, men så innser du gradvis at saka i realiteten er del av noko langt meir omfattande, alvorlegare, viktigare, meir kontroversielt.  Uttrykk som «direkte motbydeleg» får stå som klårt signal om korleis vi vanlege folk reagerer – når vi som eg den kvelden skjønar vi er blitt lurt trill rundt av mange vi har stolt på og respektert! Eg har skrive ei litt lenger innleiing til fb-teksten der eg prøver å setje teksten inn i ein litt større utfyllande samanheng.

Som interessert i natur, klima og miljø generelt er eg siste tida blitt meir oppteken av to aukande problem med vindkraftindustri:

  1. Vindkraft blir kynisk selt som universalløysing, «one fix for all». Hastverk og press gjer at vi ikkje får den nødvendige breie debatten, eller tid til grundige undersøkingar og hauste erfaring før vi går vidare.
    Meir og meir kynisk utnytta av dei same politiske og økonomiske kreftene som har skulda for at så lite har skjedd på 2000-talet. Dei som berre «grønvaskar» for å tene mest mogleg, og som i gjerning viser at dei verken trur på eller bryr seg om klima, natur og miljø.
  2. Vindkraftlobbyen og støttespelarane brukar døme som dei definitivt veit er feil, delvis heilt motsett – og utan snev av skamkjensle.
    Medviten feilinformasjon er særleg utbreidd i Tyskland-Noreg-samanhengen. Særleg om vindkraft som erstatning for kolkraft.

“Vindmølleparken i Norge er et krafttak for Tyskland»
Overskrifta i ein stor reportasje i Aftenposten sitt A-magasin 20.3.2019, temanummer om vindkraft, uttala av ein ordførar i ei stadig vanlegare «setting» i norske distriktskommunar:
«Ordfører Einar Eian (H) står på toppen av Bessaker-fjellet. I Roan, en kommune som består av fjorder og fjell, kan man ikke lenger nyte utsikten uten å se vindmøller som rager over fjelltoppene. Der er de så langt øyet kan se, og flere er på vei.» https://www.aftenposten.no/amagasinet/i/qL6edz/vindmoelleparken-i-norge-er-et-krafttak-for-tyskland

Nokre av mine hovudkonklusjonar frå «bustinga» er:

  • Sanninga kan vere den stikk motsette av det vi trur og stadig får høyre frå media, bransjenettstader og fagtidsskrift som TU, frå vindkraftlobbyen, energiekspertar og politikarar.
  • Vindkraftutbygginga har slett ikkje redusert kolkraft-produksjonen i Tyskland, tvert imot har den gjort det mogleg å halde fram som før, altfor lenge.
  • Norsk vindkraft til Tyskland frå Roan og andre stader vil truleg også i framtida gjere det mogleg for «miljøsinkene» i EU å unngå å ta klimagrep. Sjølv om siste revisjonane i EU sitt kvotesystem vonaleg vil gjere det i alle fall litt vanskelegare.

Tillit er viktig i eitkvart samfunn og demokrati. Men for mange av oss vanlege norske kvinner og menn har nok vore for blåøygd idealistiske, i alle fall til heilt nyleg. Vi har hatt så stor tru og tillit til ekspertar, media og myndigheiter at vi trur på alt vi blir fortalt. Utan å sjekke sjølv det aller minste, enklaste og mest innlysande.

Spesielt når det blir appellert til at vi gjennom føredøme og via edel oppofring kan redde land som slit i naud, som å hjelpe stakkars Tyskland med å klare å fri seg frå avhengigheita av kolkraft. Som ordføraren i Roan var stolt over å kunne hjelpe ved utbygging av vindkraft.

Fakta om Tyskland kan vi raskt sjekka. International Energy Agency, IEA, og deira rapportar blir rekna som verdas mest truverdige når det gjeld konkrete tal og faktisk utvikling innan energi i verda. IEA gjennomfører med jamne mellomrom analyser av sine medlemsland.

Die Energwende er som kjent den tyske storsatsinga på fornybar som starta i 2000 med enorm subsidiering og tilsynelatande flotte resultat. Siste IEA analyse for Tyskland vart publisert februar 2020, med tal til og med 2018 og på vel 200 sider. Så – viser IEA-rapporten 2020:

  • At Tyskland har brukt auken i fornybar til å kutte tilsvarande i bruken av kol?
  • At ordføraren i Roan og vindinteressene og NVE og TU-ekspertane har rett i at fornybar har erstatta kolkrafta i Tyskland dei siste 20 åra, sjølv om målet ikkje heilt er nådd?
  • At norsk vindkraft og anna fornybar no er avgjerande viktig for kolfritt/fossilfritt Tyskland?

Nei, IEA slår fast det motsette, at:

«Overview
Germany’s Energiewende has borne results in the country’s electricity sector, where it has been effective in increasing renewable electricity generation. While coal (mainly lignite) remains the largest source of electricity, renewables have replaced a large share of nuclear over the last decade (s. 123)

… With its rapid growth in renewables, Germany has become a large net exporter of electricity. In 2018, Germany exported 80 TWh and imported 32 TWh, amounting to net exports of 49 TWh (s. 125)» https://www.iea.org/reports/germany-2020

Tyskland har altså halde fram med kolbruken, med kol framleis som største straumkjelde. Dei har brukt auken i fornybar kraft til å kutte ned på den utsleppsfrie kjernekrafta, og til å bli ein stor netto eksportør av kolkraft.

Dei som har lese seg litt opp på fornybar i EU veit at både der og i Tyskland utgjer biomasse (fast og flytande) om lag 60% av fornybar. Biomasse er definert som fornybar med null-utslepp i statistikken, som sol, vind og vatn. Men vi veit at biomasse ved bruk slepp ut CO2 som andre fossile brensel. Omstridt kor mykje, enkelte hevdar til og med større CO2-utslepp enn kol.

Difor vil nedlegging av utsleppsfri kjernekraft med overgang til fornybar i EU-miks gje kraftig faktisk auke i CO2-utsleppa både i Tyskland og EU – utan at vi ser det på statistikkane!

49 TWh som Tyskland hadde i nettoeksport i 2018 er 7 gonger gjennomsnittleg norsk krafteksport. Kvifor brukar dei ikkje all si kraft innanlands til å redusere kolbruken?

Det er kjapt gjort å finne norsk nettoeksport på SSB sine sider. Der kan du også lage dine eigne statistikkar med tal for import, eksport og nettoeksport. Både for 2018 og 20-årsperioden 2000-2019 som her.

Kjelde for grafen: https://www.ssb.no/statbank/table/08307

I 2018 hadde Tyskland med 49 TWH heile 5 gonger så stor netto krafteksport som Noreg med sine 10 TWH netto (eksport 18 TWh, import 8 TWh) i fylgje grafen.

I 20-årsperiden ser vi 3 år med høg norsk nettoimport. Gjennomsnittleg nettoeksport i 20-årsperioden 2000-2019 blir 7 TWh (gjennomsnitts eksport 15 TWh, import 8 TWh).

Tysklandskabelen som kom i full drift i mars 2021, og kabelen til Storbritannia der prøvedrifta startar hausten 2021, har tilsaman 25 TWh kapasitet. Noreg sin samla eksportkapasitet med nesten 20 utanlandskablar blir dermed 79 TWh (teoretisk, om alle fungerer 100 % samtidig).

Det er meiningslaust med eksportkapasitet 10 gonger større enn norsk gjennomsnittleg nettoeksport siste 20 åra, ikkje sant? Ut frå norsk import og eksport siste 20 åra er det i alle fall ingenting som tilseier trong for større kapasitet. Vi ser av grafen både rekordeksport i 2000 og større import, til og med to år samanhengande i 2003 og 2004. Etter 2004 har vi dobla eksportkapasiteten med nye utanlandskablar. Ut frå grafen her er det uråd å påstå at dette var nødvendig for energitryggleik i tørre år!

Kan då desse nye kablane ha anna hovudføremål enn eksport av norsk kraft til Tyskland og Storbritannia, som har høgaste prisane? Maksimere verdien av nedbygd natur?

Kablane til Tyskland og Storbritannia synest bygde ut frå standard marknadsteori om at samankopling av to område med ulik pris gjer at prisen for høgaste området blirgjeldande for begge områda. Føresetnaden er sjølsagt då at det dyre området er mykje større i volum, og dermed fastset gjennomsnittsprisen.

Det er nok å sjå på den tyske el-marknaden der forbruket er rundt 600 TWh og vil auke med elektrifisering. Norsk gjennomsnitts eksport på 7 TWh utgjer rundt 1% av tysk forbruk. Kjernekraft var den største enkeltkjelda for straum i Tyskland, med stabil produksjon på 150-170 TWh, eller 1-1,5 gonger større enn samla norsk vasskraftproduksjon. Tyskland prioriterer likevel å stenge ned kjernekrafta innan utgangen av 2022.

Altså kan ikkje gjennomsnittleg norsk krafteksport på 7 TWh eingong erstatte meir enn 5% av tysk kjernekraft i straumproduksjonen.

Dessutan er det berre i Noreg (og Island) at straumen dekker over halvparten av landet sin totale energibruk. I Tyskland og andre EU-land utgjer straum berre rundt 20% av total energibruk.

I høve til Tyskland sitt totale energibehov blir då ofte det Noreg har til overs til nettoeksport på storleik med eit knappenålshovud – som i 2019 då nettoeksporten som vi ser av grafen var 0 – null!

Kvifor då alt dette sludderet om Noreg og norsk vasskraft som «Europas grøne batteri»? Når alle skjønar at den vesle vass-skvetten vi kan avsjå eit gjennomsnittsår utgjer så lite av Tyskland sitt totale energibehov – og sjølvsagt endå forsvinnande mykje mindre av Europa sitt behov?

Naturlegvis fordi det styrker vår sjølvkjensle, gjev oss alle, som ordføraren i Roan når han skodar utover vindpropellane som dekkar heile kommunen, den hjartevarme gode kjensla av at vi «tar ein for laget», for klimaet, for det grøne skiftet, for dei som slit tungt med kol som møllesteinar rundt halsen, som Tyskland.

For dei som likar å lese, har eg m.a. 6. mai skrive om kva det kostar oss vanlege norske straumbrukarar at Tyskland – i motsetning til alle andre store atomkraftprodusentar – har prioritert å stenge ned atomkraft og oppretthalde kolkraft siste 10-15 åra. https://www.facebook.com/ola.bergheim.1/posts/10157534432392131

Eg vonar nokre av kjeldene og grafane eg drog fram i «bustinga» mi 15. mai, sjå nedanfor, kan fungere som sanningas steinar, som kan slyngast ut mot tilsynelatande overmektige Goliatar, både av vindkrigarar og natur-, miljø- og klimainteresserte! https://www.facebook.com/ola.bergheim.1/posts/10157552860942131

15. mai 2021:
Eg har mora meg i kveld med å «buste» påstand 7 i TU-artikkelen.
Denne gjengangaren om at vindkraft og eksport av den og anna fornybar erstattar kolkraft, nærast TWh for TWh.

Det passa godt av eg nett var komen over eit temanummer av Samfunnsøkonomen, om energi, nr. 7 2009.  Noko av det mest uventa fornøyelege eg har lese. Denne gjengen av forskarar frå SSB og professorar såg for 12 år sidan ut til å ha hatt det forferdeleg moro med å slakte fagleg og gjere dugeleg narr av ei rekke kjende påstandar frå norsk energidebatt. Mellom anna dette at fornybar «automatisk» erstattar kol.

Må faktisk seie eg vart imponert over korleis 2009-påstandane til samfunnsøkonomane  hadde slått til då eg raskt samla saman litt dokumentasjon. Sjølv mitt raske utval dokumenterer det så enkelt og elementært at eg kan erklære TU og deira ekspertar sine påstandar i punkt 7 for «busted» – tilbakebevist – utan tvil!

Eg vil raskt sitere hovudinnhaldet i punkt 7 i TU sin artikkel, og peike på eit par morsomheiter, før eg går vidare med det faglege:
TUs faktasjekk 7: «Å bygge vindkraft i Norge har ingen klimaeffekt»

I land som Tyskland og Storbritannia bygger man ut vindkraft for å erstatte fossil energiproduksjon, blant annet fra kullkraft. I Norge er ikke sammenhengen mellom utbygging av vindkraft og avvikling av kullkraft like åpenbar. Men sannheten er at Norge er knyttet både til Tyskland og Storbritannia via kraftkabler. Norske energiforskere mener derfor det er liten tvil om at eksport av norsk vindkraft faktisk erstatter kullkraft i disse landene.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har beregnet at produksjon av 10 TWh norsk vindkraft vil redusere europeiske klimagassutslipp med rundt fem millioner tonn CO₂ årlig. Det tilsvarer utslippene fra hele den norske privatbilparken.

Enkelte motstandere er uenige og peker på at NVEs tall bare er et estimat. En av de som hevder dette er den pensjonerte fagforeningsmannen Hogne Hongset, som mener det er klimakvotesystemet til EU som presser ned utslippene, ikke eksport av norsk kraft.

Men å sette et slikt skarpt skille mellom hva kvotesystemet kan utrette alene og hva ny fornybar kraftproduksjon betyr for redusert kullbruk, går ikke, skal vi tro Norges ledende energiforskere:

Professor Asgeir Tomasgard, som er direktør for NTNUs forskning på energiomstilling, er ikke i tvil om at norsk og svensk krafteksport erstatter kullkraft i Europa. Han mener vi har en «moralsk forpliktelse» til å hjelpe Europa å fase ut kullproduksjonen.

Konklusjon:
NVE har estimert at produksjonen av 10 TWh norsk vindkraft i gjennomsnitt vil redusere europeiske klimagassutslipp med rundt 5 millioner tonn CO₂ i året.

Hverken Miljødirektoratet eller NVE har funnet dokumentasjon på at EUs klimakvotesystem er til hinder for at norsk krafteksport reduserer europeiske klimagassutslipp.»
https://www.tu.no/artikler/ni-pastander-om-vindkraft-vi-har-faktasjekket-dem/509409

Kommentar:
Når TU skriv at «sannheten er at Norge er knyttet både til Tyskland og Storbritannia via kraftkabler” høyrest det ut som vi har mykje erfaringsmateriale med eksport til desse to landa og som støttar NVE og TU sine påstander. Men Tysklandskabelen vart mykje forsinka og kom i drift først i mars 2021. Englandskabelen er og forsinka, prøvedrift til hausten, truleg i full drift først ein eller annan gong i 2022. Men – vi har gode nok data frå Tyskland – sjå «Fasit 1-3» nedanfor.

Elles er det morosamt dette med å avfeie Hogne Hongset fagleg som «den pensjonerte fagforeningsmannen Hogne Hongset». Tenk at han ikkje trur blindt på NVE sine utrekningar, men «mener det er klimakvotesystemet til EU som presser ned utslippene, ikke eksport av norsk kraft». Når NVE har heilt eksakte tal: «NVE har estimert at produksjonen av 10 TWh norsk vindkraft i gjennomsnitt vil redusere europeiske klimagassutslipp med rundt 5 millioner tonn CO2 i året.»

TU meiner tydelegvis at det er berre ein fagforeiningsmann, med sterkt avgrensa kunnskap og perspektiv, som kan finne på å påstå noko så dumt som at effekten av fornybar på nedgang i kolbruk har noko med EU sitt kvotesystem å gjere!

TU og alle deira ekspertar og heile vindkraftlobbyen påstår enno i 2021 at:
Auke i fornybar (vind) gjev stor automatisk og direkte tilsvarande nedgang i kolkraft.

I artikkelen «Satsing på fornybar kraft = satsing på kullkraft» i Samfunnsøkonomen nr. 7 2009 påstod Christoph Böhringer, professor, Universitetet i Oldenburg og Knut Einar Rosendahl, seniorforsker, Forskningsavdelingen, Statistisk sentralbyrå det stikk motsette. Konklusjonen deira var:
«I Norge og resten av Europa er det politisk ønske om å redusere CO2-utslippene og øke produksjonen av fornybar energi. I denne artikkelen diskuterer vi hvordan økt satsing på fornybar kraft vil påvirke kraftmarkedet, gitt at det allerede er satt et tak på utslippene av CO2.
Vi finner at satsingen på fornybar kraft vil gi økt produksjon av kullkraft, mens gasskraftproduksjonen vil falle.
https://samfunnsokonomene.no/wp-content/uploads/2019/05/Samfunnsoko-nr-7-09-trykkutgave.pdf

Kommentar:
Samfunnsøkonomane sa altså det stikk motsette av den allment aksepterte sanninga, «sanninga» som TU og ekspertane dei intervjua hevdar er heva over ein kvar tvil.
Økonomane påstod altså at di meir fornybar vi putta inn i EU sitt kvotesystem slik det var laga og sett i verk frå 2005, di meir ville bruken av kolkraft auke, og di større blei CO2-utsleppa! Og konklusjonen deira var: «Satsing på fornybar kraft = satsing på kullkraft»
Eller om kolkrafta ikkje direkte aukar: At den kan halde fram omlag som før, i mykje større omfang enn den kunne gjort utan (stor) tilførsel av fornybar kraft!

Ser ein nærare på artikkelen heng det nøye saman med EU sitt kvotesystem som vart sett i sving i 2005. Resonnementet er at meir rein fornybar inn vil gjere kvoteprisen lågare. Det vil gagne kolkraft, som då vil utkonkurrere gasskraft.

Dei tok utgangspunkt både før og etter innføringa av kvotesystemet, og testa teoriane på den tyske kraftmarknaden:
«Numerisk analyse: støtte til fornybar går på bekostning av gasskraft
For å undersøke betydningen av det teoretiske resultatet, har vi utført simuleringer på en statisk partiell likevektsmodell for det tyske kraftmarkedet».

Slo teoriane til på den tyske marknaden også etter 2009?
Eg har nedanfor tatt med tre lengre oppsummering-sitat om dette som dokumentasjon frå autoritative kjelder: a) Statkraft (2018), b) den tyske fornybar-nettstaden Clean energy wire, CLEW, (2016) og c) den internasjonale energiorganisasjonen, IEA (2020), som eg har kalla «Fasit 1-3».

FASIT 1
I et intervju i ABCnyheter frå 2018 med Stefan-Jürg Göbel, Statkraft sin direktør på kontinentet, ser vi at det slo til akkurat det som samfunnsøkonomane rekna ut i 2009!
«EUs klima-fiasko gir Statkraft milliard-smell i Tyskland
Thomas Vermes, 17. juni 2018

Tyskerne ga på køl EUs KLIMA-FLOPP.
Vi overvurderte Europas vilje til å bli karbonnøytralt, sier Stefan-Jörg-Göbel.
Utsiktene var svært gode. Anlegget kom i gang i 2007 og hadde gode markeder fram til 2010, forteller Stefan-Jürg Göbel, Statkrafts direktør for strategisk eierskap på kontinentet, til ABC Nyheter.

Statkrafts analyse av markedet bygde på markedstenkningen i EUs klimapolitikk, Det europeiske klimakvotesystemet, ETS.

Også Norge sluttet seg til det. Ja, skiftende regjeringer betrakter faktisk ordningen med kjøp og salg av kvoter for utslipp av klimagasser som Norges viktigste klimatiltak. Så skjedde det store endringer. Det kom mer og mer fornybar energi på markedet, forteller direktør Göbel og fortsetter:
– Og til vår store overraskelse ble mange nye kullkraftverk bygget, ikke bare i Tyskland, men også andre land, som Nederland. Statkrafts gasskraftverk ble rett og slett utkonkurrert.

Anleggene ble skrudd av, mens Tyskland ved siden av sin berømte oppblomstring av sol- og vindenergi, pumpet alt de orket av kullkraft ut i ledningsnettet. I nabolandet Polen drev kullkraftverket Belchatow, hele EUs største punktutslipp, opp kraftproduksjonen til nye høyder.
Hva hadde skjedd?

Overvurderte EUs klimaønske
– Kullkraft ble likevel veldig attraktivt og mange prosjekter bygd. Kull utviklet seg til å bli relativt billig, gass relativt dyrt, forklarer Stefan-Jürg Göbel.

Men ikke nok med det. EUs og Norges verktøy for klimakutt, klimakvotene, sviktet totalt. Prisen for å forurense ble latterlig lav. Derfor kunne kullkraftverk i mange land bare pøse på.
– Prisene på CO2-kvoter i EUs kvotemarked ble svært lave.

EUs klimaambisjoner har ikke blitt reflektert i kvoteprisene, sier Göbel og legger til:
– Vi overvurderte Europas ønske om å bli karbonnøytral.
– Debatten i mange land om kull, kulminerte med Parisavtalen i 2015. En avtale vi burde hatt ti år tidligere, bemerker han.
– Tysklands reform av kraftproduksjonen, Energiwende, har blitt framhevet som en stor suksess i klimakampen.  Har den i virkeligheten en mørkere side i form av økende fossile utslipp fra kull?
– Det er åpenbart at når du stenger atomkraft, må du erstatte det med noe. Da var det CO2-intensive fossile energikilder som var tilgjengelige, svarer Göbel.»
https://www.abcnyheter.no/penger/makrookonomi/2018/06/17/195406258/eus-klima-fiasko-gir-statkraft-milliard-smell-i-tyskland

Kommentar:
Det er fantastisk korleis samfunnsøkonomane sine teoriar i 2009 slo til og som Statkraft oppsummerte ti år seinare, i 2018.
Det er skremmande for klimautsleppa – kor mykje CO2-utslepp som kunne vore unngått desse ti åra med ein annan politikk.

FASIT 2
Renewables surge pushes coal power exports to record high

er eit utdrag frå ein artikkel på fornybar-nettstaden Clean energy wire (CLEW) i 2016
Som vi ser er overskrifta at «Fornybar-bylgja pushar eksporten av kolkraft til nye høgder», og at det «motverkar Tyskland sine forsøk på å verne klimaet»:

«07 Jan 2016
Record renewables growth in 2015 meant Germany exported more coal-generated electricity than ever before, hampering the country’s efforts to protect the climate, according to energy policy think tank Agora Energiewende.

The data adds further fuel to the debate about the necessity and timing of a coal exit, which is set to gather pace in the coming months.

  • Renewables’ share of the country’s power consumption last year rose to 32.5 percent from 27.3 percent in 2014 – the largest percentage-point increase on record.

The rapid increase was mainly due to the fact that wind turbines generated 50 percent more electricity than in 2014, according to the think tank’s 2015 review.

  • Despite the renewables surge, coal plants barely slowed production, leading to a record total power generation of 647 terrawatt-hours (TWh).

In contrast, power consumption only went up slightly, according to Agora Energiewende*.

  • This pushed up power exports by 50 percent to a record 60.9 TWh.
  • Thus, almost a tenth of electricity generated in Germany last year was used in neighbouring countries.»

https://www.cleanenergywire.org/news/renewables-surge-pushes-coal-power-exports-record-high-think-tank

Kommentar:
Tyskarane oppsummerer altså sjølve at dei gjorde nett som dei norske forskarane rekna med i 2009: Dei køyrde kolkraftverka sine for «full pinne» av økonomiske grunnar – sjølv om det braut fundamentalt med eigne klimamål om reduserte CO2-utslepp.
Auka utbygging av fornybar i Tyskland førte til rekordstor eksport av kolkraft!

Dette er heilt i tråd med det norske leiande samfunnsøkonomar alt i 2009 rekna ut ville skje, medan TU og deira panel av «energiekspertar» tydelegvis verken sjekkar teori eller kva som faktisk skjer i 2021.

61 TWh i 2015 er 3 gonger meir enn den norske rekordeksporten på 20,5 TWh i 2020!
Med store CO2-utslepp, sidan vi veit at tysk straumproduksjon skjer med det billege brunkolet som slepper ut enorme mengder CO2.

FASIT 3
International Energy Agency, IEA, sin gjennomgang av Tyskland i 2020 peika på det same: Auke i såkalla fornybar har ikkje ført til tilsvarande nedgang i kolbruk og CO2-utslepp.

Først litt frå samandraget, så litt frå sjølve rapporten. Eg tek i tillegg med IEA si påpeiking/kritikk av at tyske husstandar må betale så mykje subsidiar til fornybar at straumen blir så dyr at det ikkje lønner seg med varmepumpe.

Hushaldssektoren og transport, som begge brukar meir energi enn straumsektoren, er det store tyske problemet. Der det knapt hadde skjedd nokon endringar sidan IEA sin førre gjennomgang av Tyskland i 2013. (Tyskland og andre EU-land brukar gass og fjernvarme på mesteparten av det vi i Noreg brukar straum på. Standard straumforbruk for kvart hushald i Tyskland 3.500 kWh i året, mot 20.000 i Noreg).

Som vi ser peikar IEA så seint som i 2020 på det positive i at Tyskland har auka fornybarproduksjonen, men kritiserer krafteksporten og oppretthalding av kolbruken som gjer Tyskland til eitt av landa med høgaste CO2-utslepp blant alle IEA landa:

«Germany is struggling to achieve its climate change ambitions, and is not on track to meet its near-term emissions reduction targets.

The growth in electricity generation from renewables has lowered emissions, but the nuclear phase-out as well as higher electricity exports have offset some of the emissions benefits…

  • to date, the electricity sector has been shouldering a sizeable share of the Energiewende’s costs and progress.

Now, the government must refocus its efforts to achieve stronger emissions reductions in other sectors, notably transport and heating.»
https://www.iea.org/reports/germany-2020

«Germany had the 10th-highest CO2 emissions per capita in the International Energy Agency (IEA) and the 12th-highest emissions per GDP (in PPP).

In 2017, Germany’s CO2 intensity was 197 kilogrammes of CO2 per USD (kgCO2/USD) (PPP), which was 14% below the IEA average but higher than many other European countries. The main explanation for Germany’s relatively high CO2 intensity per GDP is the emissions per kilowatt-hour (kWh) of heat and power.

In particular, despite the growth of renewable power, Germany’s increasing electricity export surplus and the phase-out of nuclear power limited larger reductions in power sector emissions.

In 2017, Germany emitted 390 grammes of CO2 per kWh (gCO2/kWh) for electricity and heat, which was above many other European countries as well as the average for IEA countries (s. 40)

Coal phase-out
Germany’s notable growth in renewable electricity, especially wind power, has not been met with commensurate reductions in GHG emissions, in large part due to the country’s continued dependence on coal-fired generation, increasing electricity exports and phase-out of nuclear power. (s.46)
….
As mentioned previously, an EEG surcharge is added to consumer (industry and household) electricity bills in proportion to their power consumption to pay for subsidies to renewables facilities.

However, most energy-intensive industries qualify for at least partial exemptions from charges, levies and the electricity tax, pushing a heavier share of costs onto households.

The EEG surcharge in 2018 was 6.79 euro cents per kilowatthour (c/kWh) (or 23% of the electricity price), and has ranged between 6.2 c/kWh and 6.9 c/kWh since 2014 (BMWi, 2019c).

As such, German consumers (especially households) pay among the highest electricity rates among IEA countries.

The renewables support policy, along with ETS prices, means that the financial burden for overall CO2 reduction is significantly higher on electricity consumption than on other energy modalities.

Given the lack of additional taxes on heating fuels for instance, the disproportionate surcharges on electricity deter switching from fossil fuel-based heating systems to heat pumps using electricity (which is increasingly derived from renewables)». (s. 53-54) https://iea.blob.core.windows.net/assets/60434f12-7891-4469-b3e4-1e82ff898212/Germany_2020_Energy_Policy_Review.pdf

Kommentar:
Tyskland har altså oppført seg heilt slik samfunnsøkonomane sa i 2009:
Meir fornybar inn gjev lågare kvoteprisar. I staden for å bruke fornybar til å fase ut kolkraft, fyrer dei opp kolkraftverka for auka eksport! Og utkonkurrerer dei meir miljøvenlege gasskraftverka!

Sjølsagt økonomisk smart å bruke fornybar og eksport til å kunne oppretthalde full produksjon på kolkraftverka, sidan kol er Tyskland sin eigen store energiressurs, men dette er altså stikk i strid med alle klimamål.

Som det går fram av dette oversynet over utviklinga i EU sitt kvotesystem, let EU i grunnen «humla suse» 2005-2017. Før det då vart så innlysande gale at dei klarte å bli samde om litt innstrammingar, gjeldande frå 2019.

Statoil-representanten nemnde låge kvoteprisar og problem for gassen etter 2010. Både det og kor nøyaktig samfunnsøkonomane sine teoriar i 2009 slo til, ser vi lett med det blotte auget av tysk energistatistikk. Eg skal derfor kommentere nokre slike nedanfor, først litt om EU sitt kvotesystem:
«EUs system for handel med utslippskvoter var det første store internasjonale klimakvotesystemet som ble etablert. En klimakvote er en rettighet til å slippe ut ett tonn CO2 eller CO2-ekvivalenter.

Handelen i EUs kvotesystem (forkortet EU ETS) begynte i 2005.

Etter finanskrisen i 2008–09 slet EUs kvotesystem i flere år med lav kvotepris grunnet lavere etterspørsel etter kvoter enn forventet… med en lav pris på utslipp fikk ikke bedriftene klare nok insentiver til å omstille seg til lavutslippssamfunnet.

Etter flere forsøk ble EU-landene og Europaparlamentet i 2017 enige om reformer av kvotemarkedet. Innstrammingstiltak sørger for at et større antall overskuddskvoter tas ut av markedet. Taket på antall kvoter senkes med 2,2 prosent per år i perioden 2021–2030.

Reformene har utvilsomt bidratt til prisøkningen på utslippskvoter.

Etter at EU-toppmøtet i desember 2020 vedtok å skjerpe klimamålet for 2030, må kvotesystemet igjen reformeres. Det er ventet forslag om dette fra kommisjonen sommeren 2021.»
https://energiogklima.no/klimavakten/kvotemarked-eu-og-verden/

Kommentar:
Kvoteprisane «kom seg aldri» etter finanskrisa i 2008, og fungerte elendig som klima-verkemiddel, inntil EU vart samde om endringar i 2017, gjeldande frå 2019. Det vil ta tid før vi ser om måla no blir nådde. Og om fornybar faktisk på 2020-talet i større grad kan erstatte billege fossile kjelder med stort CO2-utslepp.

Covid 19 gav redusert energibruk i 2020, truleg skjer det og i 2021. Det vil då ta eit år eller to før energibruken normaliserer seg slik at ein kan sjå varige trendar. Etter finanskrisa i 2008 tok det kort tid før energibruken auka att.

Nokre grafar som gjer at vi lettare ser hovudtrekka:
Dei tre første alle frå 21 Dec 2020, Germany’s energy consumption and power mix in charts
https://www.cleanenergywire.org/factsheets/germanys-energy-consumption-and-power-mix-charts
Dei to første bør brukast som «realitetssjekk» for juksemakarar og alle som framhevar vindkraft som rask «fix for all».

Tyskland starta si store satsing på fornybar i 2000. Etter 20 år, i 2020, utgjer vind berre 4,1% av total energibruk. Derimot 23,6 % av straumforbruket.

Viktig å skilje mellom straumforbruk og total energibruk.
Den store forskjellen i Tyskland skuldast at kun i Noreg (og Island) dekker straum mesteparten av totalt energiforbruk. I Tyskland og EU elles kun om lag 20 %. Etter 20 års satsing er Tyskland i 2020 framleis eit fossil-land. Olje, gass og kol dekker 76,3% av totalt energibehov.

Biomasse og avfall reknast statistisk som fornybar med null-utslepp, men slepp ved bruk ut CO2 som andre fossile energiberarar. Medrekna dei utgjorde som vi ser, fossile brennstoff 85,9% i 2020.

Dei 6% av total energibruk som den utsleppsfrie kjernekrafta utgjorde i 2020 skal leggast ned innan 2022. Så fossile brennstoff med store CO2-utslepp vil faktisk då dekke 80-90% av Tyskland sitt totale energibehov langt utover på 2020-talet.

Det er utruleg – ut frå slike fakta-statistikkar – at nokon så lenge har klart å selje løgna om at Noreg skal kunne yte eit stort og avgjerande bidrag til å endre Tyskland sitt totale energibruk frå fossil til fornybar! Der norsk nettoeksport så seint som i 2019 var 0 – null %

Kommentar:
Vi ser at Tyskland 1990-2006 låg på +/- null, balanse mellom eksport og import, men at dei har brukt auken i fornybar etter 2006 til å bli ein langt større eksportør av straum enn Noreg.

Tyske tal henta på cleanenergywire sin graf ovanfor og IEA sin 2020-rapport frå Tyskland. Norske tal frå SSB https://www.ssb.no/statbank/table/08307

Kommentar:
Den store fornybarsatsinga i Tyskland starta i 2000. Vi vanlege folk i Noreg har trudd at når satsinga etter nokre år gav resultat, skulle alt gå til reduksjon av tysk kolbruk. Tvert imot ser vi at det frå 2006 også gjekk med til å gjere Tyskland til ein langt større kraft-eksportør enn Noreg!

Stabil kraft er mest attraktiv for eksport, så tyskarane nytta høve som auken i fornybar gav til å auke eksporten av kolkraft.

På samanlikningsgrafen ser vi tydeleg korleis tysk eksport av kolkraft steig langt over norsk veravhengig fornybar-eksport etter 2010, då fornybarproduksjonen i Tyskland verkeleg skaut fart.

Tyske kolkraftverk nytta då dei låge kvoteprisane til bokstavleg tala å «skuffe på» med det billege brunkolet med dei største CO2-utsleppa.

Kjelde: https://www.cleanenergywire.org/factsheets/germanys-energy-consumption-and-power-mix-charts

Kommentar:
Festar vi blikket på utviklinga av alle dei tyske hovudkjeldene for straumproduksjon i tidsromet 1990-2020, er dei to viktigaste kjeldene når det gjeld CO2-utslepp sjølvsagt den lysegule streken for fornybar og den brune for lignitt (brunkol).

I fylgje NTNU, NVE og vind-ekspertane skal 1 TWh auke i fornybar nærast automatisk redusere 1 TWH av det skitne CO2-spyande brunkolet, i fylgje påstandar og teoriar i TU-artikkelen. Men vi ser at lina for brunkolet faktisk er heilt vassrett heile perioden 1990-2018. Tyskarane har køyrt dei skitnaste kolkraftverka for fullt og oppretthalde produksjonen heile tida. Ikkje i det heile brukt sjansen til å senke bruken av brunkol i takt med auken i fornybar.

Vi ser at fornybar i 2018 gav dobbel så mange TWh som brunkolet. Hadde all auke i fornybar gått til å redusere skitnaste kolbruken, kunne alt brunkolet faktisk vore borte for minst 5 år sidan! Om det var klima, ikkje økonomi som hadde prioritet i energipolitikken i Tyskland og i EU sin kvotepolitikk på 2010-talet.

Statkraft tapte altså milliardar på gasskraftverka sine, og etter 2010 måtte dei og andre gassprodusentar stenge ned mange. Sjølv om gass gjev berre halvparten av CO2-utsleppa frå kolkraftverk, og at alle er samde om at gass bør prioriterast av miljøomsyn.

Vi ser av samlegraften for tysk straumproduksjon 1990-2020 at fornybar etter 2010 aukar omlag like mykje som gasskrafta minkar. Det hadde jo vore ideelt, dersom fornybar først har erstatta all kolkrafta. Og deretter gått laus på å erstatte gasskrafta, som har mykje mindre CO2-utslepp enn kol.

For å teste påstanden om at auke i fornybar automatisk fører til tilsvarande reduksjon i fossile kjelder, der dei mest CO2-spyande, brunkolet, lignitten, blir erstatta først, må vi gå tilbake til 2000, då Tyskland sette i gang satsinga på fornybar med store subsidiar. La oss sjå på linene for fornybar og kolbruk:

Om det er slik TU sine ekspertar hevdar, at det nærast er automatisk samsvar med fornybar reduserer kolbruk, då skulle først og fremst brunkol-lina gå ned mot null. Samtidig med og like mykje som fornybarlina aukar frå null.

Og når fornybarlina er komen opp på nivået til brunkol-lina i 2000, som vi ser skjedde rundt 2013-2014, skulle brunkol-lina vere komen ned på null. Fornybar skulle då ha erstatta all den skitne kolkrafta.

Skjedde dette? Nei, dei to linene er tvert om totalt uavhengige av kvarandre! Fornybarlina aukar heile vegen, medan brunkol-lina ligg heilt flat og stabil til 2019. Og derfor fekk Tyskland i 2020 kritikk av IEA for ikkje å ha fått ned CO2-utsleppa sine i tråd med dei høgt «flagga» klimamålsetjingane.

Auken i fornybar blir brukt til å erstatte nedgang i dei to minst ureinande kraftkjeldene, gasskrafta og den utsleppsfrie kjernekrafta. Produksjonen med både brunkol (Lignite) og steinkol (Hard coal) held fram som før. Vi ser at linene for både brunkol og steinkol faktisk er stabilt høge i heile perioden 1990-2018!

Overraskande? Nei, ikkje i realitetane si verd – kun i dei lettlurte si fantasiverd! I Tyskland er kol den store tradisjonelle innanlandske ressurs for energi.

Realøkonomisk er det fornuftig og forståeleg at dei satsar på å køyre kolverka for fullt så lenge som mogleg. At dei drar nytte av eksport-mulegheiter når låge kvoteprisar gjer bruk av kolkraft særleg lønsam.

Men skal Tyskland då lønnast med meir rein norsk kraft ved forhasta nedbygging av norsk natur? Når dei ikkje brukar eiga fornybarkraft til raskast mogleg nedlegging av kolkrafta, spesielt brunkol-kraftverka?

Oppsummert – bevisste løgner frå kraftbransje og politiske parti
I Tyskland har stor auke i fornybar bidradd til å oppretthalde og forlenge levetida på produksjon og eksport av kolkraft.

Kraftbransjen sin påstand i TU artikkel i punkt 7 var ein automatisk samanheng der auke i fornybar nærmast som ei «naturlov» medfører tilsvarande stor nedgang i kolkraft. Fordi klima og reduksjon av CO2-utslepp har prioritet. Den påstanden  må vi ut frå dokumentasjonen ovanfor kunne erklære for «busted», motbevist til gangs!

Påstanden til samfunnsøkonomane i 2009 hadde konklusjonen som tittel:
«Satsing på fornybar kraft = satsing på kullkraft
Den påstanden er stadfesta av den faktiske utviklinga i Tyskland i dei ti åra etterpå. Og også når vi ser på utviklinga frå 2000 då Tyskland starta si store fornybar-satsing.

Det er heilt umogleg at leiarar i kraftbransjen og politiske miljø ikkje kjenner til dette som eg har vist i grafar og sitat frå seriøse kjelder!

Og kva slag nivå er det i energibransjen og styresett om dei ikkje fylgjer med i samfunnsøknomisk forsking og publikasjonar?

Om energibransjen og politiske parti i utgangspunktet ikkje har vilja tru på fagøkonomane sine utrekningar, så må dei ha oppdaga, som eg gjorde no då eg meir tilfeldig kom over dette temanummeret, at samfunnsøkonomane sine analyser og utrekningar har slått til!
I alle fall lyg energibransjen, presse og politikarar oss huda full!

TU og deira ekspertar vel å latterleggjere «fagforeningsmannen» Hognset. Sjølv om dei veit at han, på lik line med landets fremste samfunnsøkonomar, har fullstendig rett i at utforminga av EU sin kvotemarknad, politikk og økonomi, er heilt avgjerande for om fornybar erstattar kolkraft.

Påstanden til alle dei som sidan 2009 har visst det eg tilfeldigvis fann ut ein kveld, om at Noreg skal ha «moralsk plikt» til å bygge ned endå meir natur for å sende kraft til Tyskland for å erstatte tysk kolproduksjon, er direkte motbydeleg!

Skal ikkje Tyskland måtte ta ansvar for eigne val når dei medvite vel å oversjå klimamåla sine slik det er dokumentert ovanfor?

Eurostat sin samanliknande statistikk 2004-2019 når det gjaldt oppfylling av måla i Fornybardirektivet viste at Noreg var på topp i Europa både når det galdt nivå og framgang. EU generelt og Tyskland og Storbritannia spesielt, var til samanlikning «miljøsinker».
https://www.facebook.com/ola.bergheim.1/posts/10157523563227131

Samarbeid er ein ting. Men at eit land som Noreg som overpresterer i oppfylling av fornybardirektivet, skal ha «moralsk plikt» til å hjelpe eit land som Tyskland etter det som er dokumentert ovanfor, kan vel berre påståast av dei med kroner som moralsk kompass!

Dei godtruande og kunnskapslause kan sjølsagt til ei viss grad orsakast. Men ikkje pressa, energibransje, forskarar og politikarar, som kynisk spelar på og misbrukar vanlege folk sin vilje til å ta eit «krafttak for klimaet.»

Etterskrift
Det er klart at alle parti på Stortinget har «svin på skogen» siste 10-15 åra. At mykje av norsk energipolitikk har bakgrunn i manglande faktasjekk og/eller medvitne halve og heile løgner. Eg vonar alle som les dette konfronterer partia med spørsmål om energi no i valkampen 2021.

Ap og Sp ser ut til å bli nøkkelpartia i ny regjering ut frå mai-målingane. Ap har i energipolitikken lagt seg til store kompromiss med dei blå-blå. Sp har vingla enormt, men blir truleg nøkkelpartiet i ein ny regjeringskoalisjon. Sp bør konfronterast både for ansvaret for frisleppet av energimarknaden i 1990, for frisleppet av utbygging med el-sertifikat på 2000-talet og ikkje minst for det naive synet at om kommunen vil ha vindkraft, så er det greit.

Kva partia konkret vil gjere for at «Det grøne skiftet» skal bli natur-grønt, ikkje som no, grønvaska «industri-grått»!

Torsdag 27. mai blei Nordlink, verdens lengste undersjøiske straumkabel (623 kilometer),  åpna av mellom andre forbundskansler Angela Merkel og statsminister Erna Solberg. Dagens oppslag i Sp-avisa Nationen vil truleg gjere dette til eit nødvendig startskot for ein svært viktig demokratisk debatt, og der informasjonen i kronikken min vil gjere fleire i stand til å delta!

«Ny kraftkabel til Tyskland gir strømsjokk: Høyeste strømpris i Sør-Norge på 15 år» https://www.nationen.no/politikk/ny-kraftkabel-til-tyskland-gir-stromsjokk-hoyeste-strompris-i-sor-norge-pa-15-ar/