Dei som trur at det handlar om utsikt, forstår lite av vindkraftmotstanden, poengterer innleggsforfatteren. Biletet viser Haramsfjellet før vindkraftutbygginga der. Foto: Siri Fjeseth

Mindre av alt – raskare

Rovdrift på ressursar heng saman med stor industriell vekst. At […]

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

30. august 2023

Del:

Rovdrift på ressursar heng saman med stor industriell vekst. At fornybar energi erstatter fossil energi er ein fiksjon.

Tekst: Birgit Oline Kjerstad


Fredrik Hauge frå Bellona, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og olje- og energiminister Terje Aasland har alle tre vore ute i media og hevda at vindkraftmotstand berre handler om utsikt. Det avslører kor lite dei forstår av vindkraftmotstanden, og kor lite dei tek inn over seg at den industrielle tilnærminga til natur, med brutal råstoffutvinning og industriell vekst, trugar sjølve livet på jorda, og ikkje berre klimaet.

Den enkle tanken om å erstatte fossil energi med fornybart kWh for kWh er ikkje berre urealistisk, men den industrielle veksten trugar også miljø og urfolk sine leveområder i mange deler av verda. Balsatreskogen og Intag-dalen i Ecuador. Urskog på Papua Ny-Guinea. Lista er lang. 75 % av jordoverflata er brukt. Fosendommen og kampen for Nordens siste villmark, og samisk reindrift sine reinbeiteområder i fleire fylker. Det handlar ikkje berre om utsikta, for å seie det slik.

For meg handla kampen om Haramsfjellet om demokratiske prosessar, folk og natur, påverknad på fugl, industrialisering av friluftsområder og nærlandskap. Eit arealforbruk som inkluderer areala og alt vatnet som må til for gruvedrift, epoxyproduksjon, mineraler, metall og råstoff i andre verdsdeler for å bygge eit vindkraftanlegg. Litt energi til lokalt bruk er ein ting, men om noko er tålbart er ofte snakk om mengde og størrelse.

På Haramsfjellet var det advara om stor konflikt med fugl. Og slik har det gått. Det blir funne mykje død fugl, men fortrenging av leveområder for arter blir ikkje særleg undersøkt. Sumverknaden av dei mange anlegga og andre menneskelege inngrep i trekkruter til fugl bekymrer meg.

 

At energien erstatter fossil energi er ein fiksjon, det er ikkje erstatning som har skjedd, men auke av alt, slår Martinez-Alier fast.

Birgit Oline Kjerstad på heimstaden Haramsøya, før vindkraftutbygginga. Foto: Kari Merete Andersen

Økonom og økologiprofessor emeritus ved Barcelona universitet, Joan Martinez-Alier, som mottok Holbergprisen i Bergen i juni, for sitt arbeid med globale kart over miljøkonfliktar, peika i sitt holbergforedrag på at all fornybar energi har kome i tillegg til fossil energi. 10 % av dei rikaste står for 50 % av utsleppa.

Rovdrift på ressursar heng saman med stor industriell vekst. At energien erstatter fossil energi er ein fiksjon, det er ikkje erstatning som har skjedd, men auke av alt, slår Martinez-Alier fast. Inklusiv utvinning av råstoff til alle våre industri og forbruksvarer som i liten grad vert resirkulerte.

Det er er tydeleg i Aasland sin argumentasjon at elektrifisering av Melkøya er eit bruhovud for enno meir fossil energipriduksjon i Arktis. Ingenting tyder på at gass og oljeutvinninga skal bremse opp, og er den tatt opp så blir den brukt. «Meir av alt raskare» – kan det seiast meir brutalt? Mindre av alt – raskare, er det som trengst.

Eg trur at vegen å gå er å bruke mindre og klokere, sette pris på natur og endre heile den økonomiske tankegangen.