Nei til vindkraftverk på Haramsøy, NTVH, til NRKs Bygdebrølet 3, Øya som ble delt i to

Viken fylkeskommune som eig 50% av Zephyr AS viste ingen nåde. Medan folket samla seg på Haramsøya 11. juni tok Zephyr AS sin entreprenør Stangeland AS seg opp på fjellet med tungt maskineri. Foto: Håkon Akselsen.

Av Lisbeth Austnes, for styret i Nei til vindkraftverk på Haramsøy

NRK sin dokumentar frå Haramsøya er delt på nett og blei vist på NRK 1 tirsdag 7. september. Opptaka vart gjort i mai 2021, før turbinane var montert. Styret i Nei til vindkraftverk på Haramsøy kommenterer her dokumentaren. 

Vi i NTVH er glade for at utbygginga på Haramsøya blir belyst på ein måte som ikkje er sensasjonsprega. Det er folk i alle aldrar som har demonstrert og jobba mot utbygginga over lang tid. Og det er utbygginga som er problemet, ikkje protestane – dei er fullt berettiga.

NVE påstår alle sider har blitt utreda, både naturtap, risiko for drikkevatn og folkehelse, men vurderingane er ikkje tilgjengelege eller grunngitte. Vi har ikkje tillit til kvaliteten på desse. Utbygginga kjem som følge av sterke økonomiske interesser og svikt i forvaltninga. Vårt fokus er politiske prosessar og forvaltning, ikkje enkeltpersonar eller grupper lokalt.

Nokre få på Haramsøya ønsker utbygginga, nokre vil vere nøytrale, men det store fleirtalet både der og på Flemsøy/Skuløy er imot. Vår organisasjon har jobba politisk og gjennom rettsvesenet, og alltid tatt avstand frå all form for hets og sjikane. Vi har bedt om å få beskjed dersom dette skjer for å ta tak i det, men har ikkje fått lagt fram noko konkret. Opptaket varaordfører spelte av i dokumentaren ligger ikkje på vår facebookside og er ukjent for oss. Som det blir sagt av Hege Moe Eriksen så finn dei ingen ufine kommentarar på facebooksida vår. 

Etter hovudrettssaka, har vi vunne fram i lagmannsretten om at sakskostnadane skal vurderast i forhold til Århuskonvensjonen som Norge har forplikta seg til. Ifølge den skal miljøspørsmål kunne prøvast utan at det er uoverkommeleg dyrt. Vi forventer at terskelen framover blir lavare for å ta natur- og miljøsaker til retten. Ein reduksjon og tilbakebetaling av motparten sine advokatkostnader kjem godt med i det vidare arbeidet vårt. 

Som kommunelegen påpeika, er det ikkje tatt omsyn til folkehelse utover støy. Dette jobbar vi vidare med i samarbeid med Ålesund kommune. Vi skal plassere støymålarar ved fleire bustadar. 

Vi er i gang med å få klarlagt risikoen i forhold til forureining og brann, der kommuna manglar risiko og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse). Fleire private brønnar risikerer å bli forureina, i tillegg til ein brønn som alt er skada av anleggsarbeidet.

Plasseringa av anlegget mellom fuglefredingsområde og naturvernområde gjer det særleg skadeleg for alle dei freda fugleartane. Haram Kraft AS ønsker lave kostnader og enkelt opplegg for å følge opp dette. Derfor organiserar vi også overvaking lokalt.

Dokumentaren har fanga opp noko av dei enorme skadeverknadane denne utbygginga har. No blir det hevda at reglane for vindkraftutbygging blir stramma inn, men dei som blir direkte berørt av ei slik utbygging vil alltid vere eit mindretall i ei kommune. Vi ser derfor med bekymring på konsekvensane av at sjølv om kommunene skal få meir å seie, så skal dei samtidig få større økonomiske incentiver til å seie ja. Taperane blir folk, dyr og natur som vert råka av slike utbygginger. 

https://tv.nrk.no/se?v=NNFA85000221

For folket på Haramsøya har traumene og kampen vore ei hjartesak. Foto: Håkon Akselsen