Varde i solnedgang med motvindikon

Motvind Norge

Offisiell uttale frå styret i Motvind Noreg

I vedtak av 7. oktober 2020 har Motvind Norges styre […]

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

16. oktober 2020

Del:

I vedtak av 7. oktober 2020 har Motvind Norges styre vedtatt å komme med en offisiell uttale i forbindelse med at tidlegare generalsekretær i Motvind Noreg, Rune Haaland, har kome med ei rekke påstandar som me ikkje kan la stå utan kommentarar.

Bakgrunnen for å inngå kontrakt med Solar Mobil AS ved Rune Haaland om generalsekretær-funksjonen i Motvind Noreg var at eit valt styre av frivillige menneske naturlegvis har trong for bistand med dagleg drift, herunder økonomisk kontroll og administrative rutinar. Ein sentral del av generalsekretær-rolla til Solar Mobil AS ved Rune Haaland var å etablera gode rutinar på vegne av styret, inkludert ansvar for økonomisk styring og oversikt, samt jamleg rapportering til styret.

Manglande rutinar og manglande rapportering til styret om både økonomi, engasjementer, oppretting av selskap, avtaler utanfor beløpsgrense og andre forhold som kan innebere forpliktingar for styret, etter gjentekne etterspurnader frå arbeidsutvalet og styret, er ein vesentleg del av det som førte til styret sin misnøye, og at styret trakk tilbake fullmaktene til Solar Mobil AS ved Rune Haaland.
 
I gjentekne tilfelle har Solar Mobil AS ved Rune Haaland offentleg opptredd på, og uttala seg som generalsekretær på svært kontroversielle måtar som Motvind Noreg på ingen måte kan stå inne for. Dette har bidrege til misnøye både i styret og elles i medlemsmassen.

Haaland har også ved fleire høve kome med informasjon om styret og organisasjonen til pressen og sosiale media, som ikkje kan tolkast på anna enn negativ måte, og som dermed er skadeleg. Han har støtta desse utsegna med ei juridisk betenkning frå vår eigen advokat Kvernberg frå advokatkontoret Elden i Stavanger. Det er umogleg for utanforståande å vurdere innhaldet i utsegna hans, og dei står meir fram som ein kampanje enn som verkelege alvorlege problem. Det vi veit er at organisasjonen har mektige motstandarar. Advokatkontoret Elden sentralt har no akseptert vår reklamasjon på betenkningen.

Motvind Norge er sprunge opp av ein grasrotbevegelse og er tufta på sterke demokratiske prinsipp. Me vil gjennomføre eit fysisk årsmøte der delegatar etter medlemstal frå alle fylker deltek, og meiner dette er beste måten å skape ro i organisasjonen.

Rune Haaland har mottatt honorar frå Motvind Norge ut engasjementsperioden som uansett utløpar 31. oktober 2020. Han er bedt om å bruke tida som er att til å bidra med informasjon og dokumentasjon slik at styret får full oversikt på alle økonomiske forhold og aktivitetar som har vore initiert i tida hans som generalsekretær. Vi forventar at han gjer sitt for å bidra til full oversikt.

Styret jobbar no med å rydda opp i rotet Solar Mobil AS ved Rune Haaland har etterlate seg. Det viktigste er å samle inn pengar til Jillen Njaarke reinbeitedistrikt. Heldigvis har me mange støttespelarar i eldsjeler som legg ned ein uvurderleg dugnadsinnsats, og me er trygge på at Motvind Noreg vil koma styrka ut av dette.

Dato: 15.10.2020 Styret i Motvind Norge

Nye innlegg