Eivind Mauland, Motvind Norge

Okla vindkraftverk – ein verkebyll for kommunen?

Ber kommunedirektøren kommunestyret abdisere mot folkets vilje? Av: Eivind Mauland, […]

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

17. juni 2020

Del:

Ber kommunedirektøren kommunestyret abdisere mot folkets vilje?

Av: Eivind Mauland, Motvind Norge

Kva er det som rir Stad kommune i saka om Okla vindkraftverk? Er det italienske kapitaleigarar som har lagt renneløkke rundt direktørhalsen i Stad kommune eller er det Erna som er redd erstatningssøksmål frå hissige italienarar og trugar med å straffe Stad om ikkje ho fer det som ho vil. Etter at staten har strødd konsesjonar ut langs Norskekysten i grøn vindrus er det tid for oppvask og storreingjering i Det Norske Hus.

Erna er nok redd for ein syndeflod av erstatningssøksmål frå mektige globale kapitalaktørar etter å ha gjeve bort indrefiletar i norsk natur betalt av det norske folk og med lokalsamfunn på kjøpet. Nå må Erna velje å stå ved gåva eller bli saksøkt for å ha gjeve ei gåve ho ikkje hadde betalt for. Rekninga leverer ho utan skruplar til Vestkapp og andre lokalsamfunn.

Erna fer god hjelp av kommunedirektøren i Stad. Kanskje er direktøren ikkje heilt vaken etter vindrusen eller treng brillene vask? Reingjeringsfirmaet bør i så fall ta seg tid til ein stopp i Stad kommune. Kommunedirektøren kan treng å få vaska vekk vindrusen og frykta for statlege makt. Kan hende er det fleire i kommunen som var med på det hemningslause vindkraftblotet betalt av kapitalkreftene?

Nett no er inntrykket at direktøren ikkje ser Vestkapp, eigne innbyggarar eller § 3-3 i plan- og bygningslova. Direktøren orkar ikkje tanken på å ta ansvar korkje for Vestkapp eller væringar. Då er det lettare å overlate gåva til fyrrige italienarar – Forza Italia!

Etter å ha lese kommunedirektørens saksframlegg til handsaming av klager på kommunens dispensasjonsvedtak av anleggsvegen til Okal vindkraftverk er dette inntrykket ein sit att med. Kommunedirektøren finn ikkje grunnlag for å ta nokon av klagane til følje. Det er grunngjeve med at lovgjevar i 2008 sa at kommunen laut gje dispensasjon til vegen så lenge staten hadde gjeve konsesjon til Okla vindkraftverk. Det er det de same kva lova sjølv seier, at lovgjevar i 2008 neppe kunne vita kor vegen skulle gå og at same lovgjevar i 2008 samstundes sa at kommunen hadde mynde til å sei nei. Kommunedirektøren finn beint fram ikkje sakleg grunn til å avslå søknaden. Skal ein få det makeleg i livet så lyt ein læra av Ibsen – «gå utanom sa bøygen».

Soga om Okla vindkraftverk er ein tragedie som neppe vil gå over. Sist eg tok pennen fatt tok eg til orde for å reise ein bautastein på Kyrnosa eller Okla med utsyn mot Selje. På steinen var mitt forslag å meisle inn frå Håvamål: «Med lov skal land byggjast – og ikkje med ulov øydast»!

Den som trur plan- og bygningslova ikkje gjev sakleg grunn til å avslå dispensasjon til ein anleggsveg i eit sårbart naturområde kan ikkje plan- og bygningslova og bør ikkje vera ombod for folket. Det er ikkje energilova kommunen forvaltar. Det er plan- og bygningslova. Etter den lova kan kommunen avslå dispensasjon til alt som er i strid med planføremål og føresegner. Kommunedirektøren har ein heil kortstokk av saklege grunnar å velje mellom. Det usaklege er å fortelje sine ombod for folket at grunnane ikkje finnes. Det er på høg tid kommunedirektøren i Stad seier som sant er. Det er opp til kommunestyre i Stad kommune å vurdere om lovas vilkåra for å gje dispensasjon er stetta. Ser dei som folket har gjeve tillit at folket ikkje vil betala for å bli kvitt Vestkapp til inga nytte, så skal dei i alle høve vete at dei har lova på si side.

Nye innlegg