Stadlandet (Okla vindkraftverk)

Foto: John Kråkenes, Bård Inge Fløde, Wenche Hovlid Sortvik.

Saken

Stad har, med sin særeigne og storslagne natur, vore eit kjend landemerke i alle tider, med eit  landskap av nasjonal tyding. Det er med stor vyrdnad ein beveger seg inn i slike terreng. Dersom eineståande natur som dette skal kunne nyttast til industri, fortel det at unike landskapsverdiar manglar rettsvern i Noreg i dag!

Saka om Okla vindkraftverk på Stadlandet handlar om meir enn ein lokal kamp for eit fjell. Det handlar om tap av unik natur- og kulturarv. Det handlar om korleis statlege forvaltningsorgan verdset landskap og naturmangfald. Om kva som vert rettferdiggjort i konsesjonsprosessane. Om vår tillit til rettmessige prosessar i saker som omhandlar natur av nasjonal tyding, og om praktisering av lovverk og internasjonale konvensjonar knytt til vern av landskap, natur og miljø.

Ved å trekkje ein konsesjon som er gitt på feil kunnskapsgrunnlag, kan ein unngå at eineståande nasjonale naturverdiar går tapt for all framtid, og fornye tapt tillit.

Vi kjenner ei plikt til å ta vare på noko som er så eineståande som landskapet på Stadfjella. Kampen vår handlar mykje om dette; å ta vare på verdfull nasjonal naturarv, ein sjeldan artsrikdom og ei rik kulturhistorie. Vi ynskjer å kunne få levere natur og landskap på Stadlandet vidare i den forfatning vi sjølve kom til det – til dei som kjem etter oss.

Landskap og naturmangfald

Området Okla vindkraftverk er planlagt i er prioritert som kystnatur av høg nasjonal verdi. Ingen avbøtande tiltak kan redusere konflikt.

Området er eit særeige fjellandskap som ber preg av platårestar av urgamalt sletteland. Gransking tyder på nunatakområde; området var isfritt under siste istid. Terrengdekkande myr med innslag av svært sjeldne plantar og plantesamfunn ligg utover ytste utkantane av europeisk fastland. Det er svært få slike terreng i Noreg. Både berggrunn, jordsmonn og planteliv er såleis av stor interesse, og er særmerka av ein sjeldan artsrikdom.

Fjellområdet har ei lang historie som beiteareal og næringsgrunnlag for småbruka på Stadlandet og dannar eit samanhengande beiteområde mellom bygdene for fleire hundre sau og geit. Området er eit INON-område (inngrepsfritt område) som må verdsetjast høgt i høve nasjonale miljømål og internasjonale avtalar. Planområdet til det planlagde Oklaanlegget legg beslag på den mest sentrale og største delen av INON-sona på Stadlandet, til samanlikning som på Hoddevikfjellet.

Vestkapp er eit er mykje besøkt og svært viktig kulturminneområde. Stadlandet har gjennom dei siste år også blitt merka på kartet – både i inn- og utland, noko som medfører optimisme, ny satsing på reiseliv og positive ringverknadar for lokale næringar. Stadlandet sitt fyrste hotell vart sett i drift ved juletider i 2019. Vi erfarer også ei gryande tilflytting som er relatert til naturen her. Dette tyder svært mykje på ein utkantstad der folketalet har falle dramatisk dei siste tiåra. Energivinsten er liten og vil aldri kunne vege opp for tapet av unik natur. Kvalitetane på Stadthalvøya burde reindyrkast. Å øydelegge naturen vil få negative ringverknader for både reiselivet og nyetablering på Stadlandet.

Okla vindkraftverk og utbygginga av Eltvikehornet ligg i høgste konfliktvurdering (konfliktnivå E) med nasjonale mål knytt til landskap, naturtypar, fugl, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Eltvikehornet har store verdiar knytt til naturtypar, ei rekkje raudlisteartar, hekkande og trekkande fugl og ligg tett inntil freda naturreservat i Tungevågen. Av raudlisteartar kan nemnast 17 ulike soppar, 14 lavartar, 24 slag karplantar og 2 moseartar. Det er tilhald, beite og trekkområde for fugl i hopetal. På ytre delar av Stadhalvøya er det registrert 82 fugleartar (fleire raudlisteartar), og hubro er òg observert. Terrenget er lett tilgjengeleg, ope og skoglaust, variert mellom grasmark, myr og lyng. Rapportar syner overvintring og næringssøk for fugl i heile området.

Både tilkomstveg og planområde vil kome i konflikt med viktige naturtypar, som til dømes terrengdekkande myr og kystlynghei. Planområde og tilkomstveg ligg i nedfallsfeltet til Breidemyra som vart føreslått verna allereie i 1985, det verna Dalsbøvassdraget og Storeelva. Storeelva er merka som eit svært viktig naturtypeområde; den eventuelle tilkomstvegen vil kome opp til elvebredda, og inngrepa er planlagd ovanfor vandringshinder for sjøørret. Det er fleire fiskevatn og turstiar i og kring planområdet.

Kystlynghei er ein fleire tusen år gamal kulturmarkstype og sterkt truga naturtype. Når NVE tilstår at det ikkje finst oversikt over myr- og kystlynghei som vert råka av vindkraft, og Miljødirektoratet nemner at over 90 % av dei tidlegare kystlyngheiareala er borte, er dette svært urovekkjande.

Anlegget vil verte synleg frå alle utkikkspunkt på Stadlandet og omegn, frå Vestkapp, frå Sunnmøre og for farande på Stadthavet. Dette vil verte svært forringande på opplevingsverdien.

I starten var mange grunneigarar positive, men slik prosjektet framstår i dag tek eit fleirtal av grunneigarane avstand til prosjektet. Dersom planane vert realisert, vil det setje djupe sår, i naturen og mellom menneske i eit lite nærmiljø.

Historikk

Vindkraftverket fekk konsesjonen i 2013, etter søknad sendt i 2007. Søknad vart utarbeidd av SFE Produksjon (Sogn og Fjordane Energiverk) og fremja av Vestavind Kraft. Søknaden vart påbyrja like etter at Statkraft sitt prosjekt på Hoddevikfjellet på Stad fekk avslag av OED i 2002, grunna særeigne naturforhold. Avstanden mellom desse områda er marginal, både geografisk og landskapsmessig, omlag 3 km. Namnet Okla er misvisande då det er nærare 4 km avstand mellom planområdet og partiet Okla. Dette har skapt uriktige oppfatningar kring planområdet si plassering og omfang.

Prosjektet har sidan skifta eigarskap. Selskapet Vestavind Kraft AS selde i 2017 80 % av aksjane og bytte namn til Falck Renewables Vind AS som er eigd av italienske Falck Renewables AS og SFE Produksjon. Falck Renewables Vind AS står no som utbyggjar, og Vestavind Energi er konsulentar. Lokalfolket kjenner ingen tilhøyrsle til eigarskapet og ser ingen samfunnsnytte utover profitt til utbyggjar.

Fleire høyringsinstansar kom med fagleg sterke motsegner og gjekk imot konsesjon, utan at dette vart teke omsyn til. Vitskaplege arbeid vart forkasta, mellom anna ornitologiske rapportar om at området er i nasjonale sesong-trekkruter og er overvintringsområde for ei rekkje raudlista fugleartar. I staden vart rapportar som meir kunne rettferdiggjere gjennomslag for konsesjon, nytta. Til dels må desse rapportane sjåast på som overfladiske og usannferdige samanlikna med anna tilgjengeleg dokumentasjon.

Planane som vert forsøkt realiserte i 2020, samsvarer ikkje med planane som vart godkjend i 2013. KU-rapportar har fleire faglege feil og manglar. MTA-plan avvik frå NVE sitt utredningsprogram på kritiske felt, noko som framstår som ein alvorleg brest på føresetnader og plantradisjon. Store endringar som dette skulle normalt utløyse nye høyringsrunder. Visualiseringskart er kalkulert med Vestas V80 turbinar, medan det nyttast V117 i MTA. Endringa i turbintype frå V80 til V117 vart ikkje tydeleg kommunisert til partane, noko som ein ser i MTA-planen. MTA bryt også med godkjend maksimal høgde 508 moh.  Redusert tal på turbinar vart framsett som avbøtande tiltak, men medan formannskap og kommunestyre vart overbevist om at anlegget vart mindre, vart det i staden over 50% større frå søknad til MTA – 2017.

Anlegget vart regulert inn i kommuneplanen sin arealdel i 2017. Selje kommune deltok ikkje i arealplanmøte i 2016 med fylkeskommunen i samband med «Arealplan for land 2017-2029» og har ikkje respondert på spørsmål frå Innbyggjarinitiativet om kvifor. Fylkeskommunen har gjennom heile prosessen vore imot utbygginga av Okla-anlegget.

Lokal medverknad og motstand
Det har vore lite og mangelfull informasjon, og folk flest har forstått omfanget utbygginga vil få fyrst etter at Stad Landskap, Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad og facebookgruppa «Nei til vindmøller på Stad» (over 4000 medlemmar) byrja å informere i 2019. Mellom 2016 og 2019 fekk lokalfolket ikkje nok informasjon om prosessen, noko høyringsfråsegner i samband med endringar i MTA av 2019 viser.

Motstand mot utbygging av Stadfjella oppsto allereie når Statkraft søkte konsesjon for Hoddevikfjellet i 1999. Høyringssvar viser at alle med unntak av formannskapet i Selje kommune og Stad idrettslag, var negative (SFE finansierte kunstgrasbane og eit turarrangement).

Det hadde vore taust lenge kring Okla-utbygginga. Trass i at SFE Nett starta med utskifting av overføringslinje, var ein usikker på om prosjektet skulle realiserast. Uroa langs kysten kring vindkraftutbygging, gjorde at dette vart undersøkt. Då ein i 2019 fekk stadfesta utbyggjingsplanane, vart eit innbyggjarinitiativ mot vindkraft på Stad reist  

Innbyggjarinitiativet påpeikte gjennom «Minsak.no» ei rekkje feil og manglar i kunnskapsgrunnlag og prosessar og fekk på kort tid tre gongar så mange underskrifter som var naudsynt for å få saka reist i kommunestyret. Hausten 2019 vedtok kommunestyret i Selje samrøystes oppmoding til NVE om ny gjennomgang av konsesjonen, på bakgrunn av det innbyggjarane hadde påpeikt (ref. Energilova § 10.3 fjerde ledd).

Folket hadde håp om at NVE ville ta omsyn til det solide kunnskapsgrunnlaget som var lagt fram, og syte for ei rettmessig ny vurdering ut frå eit oppdatert faktagrunnlag. Folket hadde von om at ein MTA-plan med så store endringar ikkje kunne bli godkjend utan ny konsesjonsprosess. At NVE såg dette som eit høve til å gje retningsgjevande signal, som syner tydinga av å være etterretteleg i kunnskapsgrunnlaget. At NVE også ville sjå at industri på Stadtfjellet vil medføre at dette eineståande landskapet vert øydelagt for all framtid.

I staden gjekk NVE inn for å oppretthalde konsesjonsvedtaket, og såg ingen grunn til utsetjing. Saka no er til endeleg avgjerd hjå OED.

Om «Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad»
Initiativtakarane kalla inn eit utval personar til møte på Vestkapp 29.7.2019, der det vart bestemt å gjere ein innsats for å stogge utbygginga;  ein strategi vart laga, og ei arbeidsgruppe vart danna. 4. august vart eit innbyggjarinitiativ oppretta på Regjeringa sin portal «Minsak.no». FB-gruppa «Nei til vindmøller på Stad» vart oppretta og fekk raskt eit svært høgt medlemstal. Folkemøtet i Ervik 6. august der Sveinulf Vågene var hovudinnleiar, fekk gode oppslag i lokalavisene.

Då innbyggjarinitiativet kom opp i Selje kommunestyre 9. oktober, vart det vedtatt å be NVE gjennomgå konsesjonen på nytt. Innbyggjarinitiativet samarbeidde med Stad Landskap fram mot nemnde møte, der begge hadde deputasjonar i førekant av saka. Innbyggjarinitiativet og Stad Landskap har halde fram med samarbeidet til dags dato.

Om Stad Landskap
Då Statkraft søkte konsesjon for Hoddevikfjellet på slutten av 90-talet, vaks det fram eit behov for ein organisasjon som jobba for å hindre utbygging. Stad Landskap har sidan skipinga  02.02.2000 hatt som overordna mål å ivareta miljø- og naturverdiane på Stadlandet. Organisasjonen har godt samarbeid med Fylkesmannen, Naturvernforbundet, NOF, NINA og Miljødirektoratet. Stad Landskap vann ein viktig siger då konsesjonen vart avslått av OED i 2002.

I 2004 kom førehandsmelding frå SFE Produksjon og BKK Raadgivning om eitt nytt  prosjekt og ein ny kamp om Stadtfjellet. Søknad vart sendt i 2007. 21 fråsegner kom inn under høyringa. Av desse var 2 positive, 2 etterlyste tiltak, og dei resterande var imot. NVE neglisjerte all motstand og gav konsesjon i 2013, ut frå påstanden om at samfunnsnytten var større enn ulempene.

Prosjektet vart påklaga, men OED opprettheldt konsesjonen i 2015. Det var lenge stille kring planane. Fyrst somaren 2019 vart lokalfolket klar over at konsesjonen var gitt på feil grunnlag, og planen skulle ha utløyst ny søknad og høyringsrunde.

Oklasaka hadde sidan MTA vart lagt fram i 2017 vore behandla på lågast mogleg nivå i kommunen.

Stad Landskap og Innbyggjarinitiativet har saman samla lokal og nasjonal støtte for å stanse utbygginga, og fekk saka opp til ny behandling i Selje kommunestyre. Les mer om Stad landskap si historie her.

Utvald kulturlandskap
Hoddevik Liset på Stadlandet er eit av 45 utvalde kulturlandskap i Noreg.

Formålet med satsingen er å sikre langsiktig forvaltning av utvalgte landskap med svært store biologiske og kulturhistoriske verdier som er formet av langvarig og kontinuerlig tradisjonell bruk. I utvelgelsen av områdene vektlegges at de i størst mulig grad skal omfatte kulturlandskap i jordbruket med svært store verdier knyttet til både biologi/naturmangfold og kulturhistorie, og at det skal være realistisk å få til langsiktig drift, skjøtsel og vedlikehold. Det er lagt vekt på følgende kriterier: helhetlige landskap, kontinuitet og tidsdybde, representativitet eller særpreg og formidlingsverdi. Områdene skal gi en best mulig nasjonal representativitet med hensyn til landskapstyper, driftstilpasninger og geografisk spredning.

Stadlandet liknar vesterhavsøyane – med fjellplatå med bratte klipper mot havet, knallgrøne lågland, heiar og myrar. Her er mange artsrike slåttemarker og naturbeitemarker og store område med kystlynghei. Gravfunn fortel om gardsdrift sidan eldre jarnalder. Hoddevik ligg i ein flat dalbotn med gardsbruk og naustrekkje, omgjeven av dalsider med steingardar, fegater og gardsfjøs. På Indre Fure er eit klyngjetun og på Ytre Fure ligg gardane på ei hylle ut mot havet. På Drage ligg gardane på den slake strandflata med dyrkingsjord, omkransa av lier med beitemark og kystlynghei. Årdal, Skårbø og Liset utgjer kvar for seg heilskapelege landskap mellom hav og fjell. Her er mange beiteterrassar, tufter og gamle bygningar. Stadlandet er eit kjerneområde for kjøtproduksjon med den truga husdyrrasen kystgeit.

Kystgeita
Kystgeita er ein unik og sjeldan rase som ein nesten berre kan finne på Stadlandet. Her har siste rest av drifta og tradisjonane vorte tekne i vare til i dag. Desse geitene er siste rest av ein spesiell norsk rase som tidlegare vore kalla kjøtgeit, villgeit eller utegangargeit. I dag er det ca. 600 kystgeiter på Stad. Denne bestanden er viktig for Kystgeita i Noreg. Geitene beiter ute heile året og er slik med og oppretthalder den spesielle vegetasjonen og grunnlaget for dette sjeldne artsmangfaldet.

Kystgeit er trua, fordi det er få dyr (berre 388 registrerte avlsgeiter i Ammegeitkontrollen i 2018) spreidd på få besetninger. Det er derfor naudsynt at rasen veks, både i tall dyr og besetninger.  Dei siste åra har bøndene i Stad kystgeitlag hatt stor etterspurnad fra hele landet etter livdyr av kystgeit.

Vindkraftverket og tilkomstvegen vil dyra sitt naturlege beiteareal. Vi veit at mikroplast frå rotorblada vil bli spreidd kring anlegga. Dette vil kome i vegetasjonen og beitet; og truleg vidare i kjøt og mjølk hos dyra. Dette er svært uheldig for ein trua bestand og naturen her generelt.

Kystgeita er ikkje omtala i konsekvensutredningane som ligg til grunn for konsesjonen

Mitt spørsmål er difor om du eller miljødirektoratet kan kome med ei uttaling på evt negative konsekvensar industriutbygginga kan få for artsmangfaldet og beite/tilhaldsstad for den trua bestanden kystgeit på Stadtfjellet?

Status

Synlegkart er utarbeidd med V80 turbinar, medan MTA nyttar V117 turbinar. MTA bryt med konsesjonen si maksimale høgde; 508 moh. KU-rapport har fleire faglege feil og manglar.

Søknaden og MTA-planen avvik frå NVE sitt KU-program på kritiske felt. Så store endringar skal utløyse nye høyringsrunder.
 

MTA-plan er godkjent med vilkår. Endringar blei påklaga og blir handsama i OED, vilkår i MTA er enno ikkje oppfylt.

– Selje kommunestyre ba 8. oktober 2019 m.a. NVE granske om konsesjon kan trekkast, ref. Energilova § 10.3 fjerde ledd.

– Konsesjonær har søkt dispensasjon fra kommunen sin arealplan.  Fleire partar har bede kommunen avvente vedtak til viktige punkt er utgreia og godkjent.

– På grunn av saka sitt omfang har Stad kommune utsett behandlinga av dispensasjonssøknad i utval for Plan og eigedom.

– Anleggsstart er ikkje godkjent.

NVE kan ikkje sjå noko som gjev grunnlag for å endre konsesjonsvedtaket, eller å gje utsetjing i høve iverksettjing av vedtak om godkjenningar av endringar i MTAplanen av 2019 og har oversend saka til OED for endeleg avgjerd.

Det er søkt om dispensasjon for ny tilkomstveg til anlegget. Administrasjonen frå Selje kommune var positive til å gje dispensasjon, trass i oppmodinga om ny vurdering av konsesjonen. Høyringsfrist var 31.12. 2019. Fleire fekk utsett frist til 14.1.2020. Stad Landskap fekk ikkje tilsendt høyringsdokumenta før etter fristen, trass purring. Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune, Innbyggjarinitiativet og Stad landskap rådde Stad kommune til å ikkje gje dispensasjon, på grunn av fleire kritiske faktorar. Tre av partane leverte midlertidig uttale grunna manglande informasjon og utgreiingar. Saka skal behandlast i Stad kommune seint ii april, 2020.

Den gamle rasen Kystgeita finns bare på Stadlandet. Foto:

Lenker

NVE konsesjonssak Nei til vindmøller på stad (FB gruppe) Stad landskap (FB Gruppe) Stad landskap Historikk

Tidslinje

2000 - 2006

2000

  • Miljøorganisasjonen Stad Landskap vert etablert

2001

  • Selje Kommune skrivast inn på ROBEK-lista

2002

  • Selje Kommune ber om å få utnytta naturessursane på Stadlandet, ref. vindkraft.
  • Statkraft fekk avslag på sin konsesjonssøknad om vindkraftverk i området 3 km sør for Okla/Breidemyra.

2003

  • Selje kommune skrivast ut av ROBEK-lista

2004

  • Førehandsmelding fra SFE Produksjon ASI, konsulent: BKK Raadgivning AS.
  • Vestavind kraft skifta dagleg leiar, Håkon Sandvik tiltrer

2005

  • Selje Kommune skrivast inn på ROBEK-lista

2006

  • Vestavind Kraft AS registrert i foretaksregisteret 16.1.2006 (held til i Gloppen kommune); eit samarbeid mellom kraftselskapa: SFE Produksjon AS, BKK Produksjon AS, Haugaland Kraft AS, Sognekraft A, Sunnfjord Energi AS, Sunnhordland Kraftlag AS, Tafjord Kraft Produksjon AS.
2007 - 2013

2007

  • Konsesjonssøknad frå Vestavind Kraft AS, konsulent: SWECO Grøner AS

2008

  • Svelgen kraft Holding etablert av: SFE Produksjon AS, Tafjord Kraft Produksjon AS, Sognekraft AS.

2009

  • Vindkraftforum med lobbyverksemd i Nordfjord for vindkraft. Svalheim og Bjørlo honorert. Svelgen kraft Holding etablert. Vedtak i Stortinget om at vindindustrianlegg delvis blir unntatt Plan- og bygningsloven. Selje kommune går ut av Robek-lista.

2010

  • Vestavind Kraft fekk ny dagleg leiar, Stig Magne Svalheim.
  • Vindkraftforum Sogn og Fjordane (VSF) (Forum for grøn energi 2020) – eit lobbyprosjekt under Sogn og Fjordane fylkeskommune. Styreleiar: Alfred Bjørlo, Måløy Vekst. Øvrige styremedlemmar: Stein-Arne Ottesen, Lutelandet Utvikling AS – Nils R. Sandal, Sogn og Fjordane fylkeskommune – Håkon Sandvik, Vestavind Kraft AS – Anders Skipenes, Sparebanken Sogn og Fjordane.
  • Vedtak i representantskapsmøtet i Florø 11.11.2010 om å omorganisere VSF til eiga foreining.
  • Stig Magne Svalheim, Vestavind Kraft AS, styremedlem i VSF etter Håkon Sandvik.

2011

  • Vestavind Kraft AS søkte Selje Kommune om å trekkje rameplan. Fekk innvilga søknaden.
  • Fylkeskommunen rådde utbyggjar og kommune til å vurdere konsesjonssøknad som ny søknad med nye høyringsrunder.

2013

  • NVE gav konsesjon og ekspropriasjonsløyve. Vart påklaga
  • Fylkesmannen leverte innsiging; medførte ikkje løysing.
  • Saka sendt til OED.
2014 - 2020

2014

  • Alle sju opphavlege kraftselskap vart selde av Vestavind Kraft AS til Svelgen kraft Holding for ukjend kjøpesum.
  • Vestavind Kraft AS sitt ekspropriasjonsløyve fall bort.
  • Selje Kommune skrivast inn på ROBEK-lista

2015

  • OED tok ikkje klagene til følge, konsesjon stadfesta.

2016

  • SFE klarte ikkje å skaffe partnarar eller kapital, var ikkje interessert i å ta prosjektet sjølv.
  • Vestavind Kraft AS søkte investorar internasjonalt.
  • Samarbeidsavtale mellom konsesjonær og Selje kommune vart signert av Stig Magne Svalheim og Stein R. Osdal

2017

  • Konsulentselskapet Vestavind Energi AS vart etablert med S. M. Svalheim som dagleg leiar og styreleiar.
  • Konsesjonsselskapet Vestavind Kraft AS selde 80 % av aksjane samt gav ifrå seg signeringsrett, dagleg leiing, og alle styreverv med unntak av S. M. Svalheim fra SFE Produksjon AS, som innehar verv som styremedlem.
  • Vestavind Kraft AS bytte namn til Falck Renewables Vind AS.
  • Fordeling: Falck 80 %, Svelgen Kraft Holding 18,859% og SFE Produksjon 1,141%
  • Selje Kommune skrivast ut av ROBEK-lista
  • MTA vart lagt fram, anlegget er flytta fra Okla til Kjødsnosa (Eltvikehornet konfliktområde, kategori E)
  • MTA vart godkjend med vilkår.
  • Endringar i MTA omsøkt og godkjende med vilkår.

2018

  • Selje kommune vedtek å kjøpe aksjar i SFE for NOK 4,7 mill finansiert av kommunens disposisjonsfond. KS 14 mot 3 stemmer.

2019

  • Endringar i MTA omsøkt og godkjende med vilkår.
  • Falck søkte dispensasjon fra kommunen sin arealdel. Høyringsfrist 31.12.2019
  • Følgjande partar ba om utsett frist for innsending av høyringssvar: Innbyggerinitiativet i Selje Kommune, Miljøorganisasjonen Stad Landskap, Statens Vegvesen.

2020

  • Vegvesenet påpeikte sakshandsamingsfeil i mellombels høyringsuttale.
  • Utbyggjar har ikkje sendt søknad til Statens vegvesen.
  • Trasé for tilkomstveg er ikkje godkjent, og avvik frå godkjend korridor sjølv om dette er marginalt.
  • Fylkeskommunen overtek sakshandsaming på kommande søknad for tilkopling på veg.
  • Fylkeskommunen har bedd Stad kommune ikkje gje dispensasjon før ytterlegare utgreiingar er på plass.
  • NVE sende klagesak gjeldande endringar i MTA og detaljplan samt innbyggerinitiativ til OED
  • NVE har feilaktige påstandar i sine konklusjonar om at Okla er regulert via statleg plan, noko NVE seinere har retta i eige dokument til høyringspartar.
  • NVE vedtek å ikkje utsette verknad av godkjenning av MTA med vilkår til etter OED sin behandling av klage.

* Vindkraftforum, i dag Forum for Grøn energi, starta etter kvart kampanjer for å fremje vindkraftutbygging til regionen. Styreleiar i Vindkraftforum i 2010 er i dag ordførar for Stad kommune. Dagleg leiar for Vestavind Energi som var medlem i same styre, er i 2020 leiar av Okla-prosjektet.

Fakta

Tekniske fakta

Effekt maks installert: 21MW
Årsproduksjon: konsesjon: 71 GWh
Antall turbinar: Konsesjon 2013: 9 stk. -MTA 2017: 6 stk. MTA 2019: 5 stk.
Navhøgde: Søknad: 80m. MTA 2017: 94m. MTA 2019: 90m
Rotorspenn diameter: søknad 2007: 80m. MTA 2017: 112m. MTA 2019: 117m.
Totalhøgde: Søknad 2017: 120m. MTA 2017: 150m. MTA 2019: 148,5m
Anleggsveg/internveg lengde: søknad 4,3km MTA 2017: ca 1,4 km
Atkomstveg lengde: Søknad: 3,0 km. MTA 2017: ca 2,7 km

Selskap

Eigarselskap: Falck Renewables Vind AS
Utbyggjarselskap: Falck Renewables Vind AS og Vestavind Energi AS
Entreprenørar: Stenger & Ibsen Construction, Kvernevik Engineering og Vestas

Illustrasjoner

Illustrasjoner: Bård S. Solem, MOTVIND Norge

Media

Kronikker

Foto: Bård Inge Fløde, Stig Hjelmeland, HC Hansen, Ivar Hoddevik, Thomas Honningsvåg, Wenche Hovlid Sortvik.

Denne siden ble publisert 28.02.20. Sist oppdatert 27.04.20 kl 13.13