last ned

Over og ut med vindkraft

Fjella i horisonten er fjella mellom Sunnfjord og Høyanger, sett […]

Forfatter:

Motvind Norge

Publisert:

3. desember 2022

Del:

Fjella i horisonten er fjella mellom Sunnfjord og Høyanger, sett frå Viksdalen. Fjella er trua av vindkraft gjennom utbyggingsplanar hjå Fred Olsen Renewables og Zephyr/BKK. Foto Ingunn Kjelstad


Tekst: Ingunn Kjelstad (leiar) og Einar Rysjedal (nestleiar), Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn


Satsing på vindindustri gjer fare for kraftmangel i dei periodane vi treng det mest. Vi ser fram til at norske politikarar tek konsekvensen av dette.

NVE sin rapport «Norsk og nordisk effektbalanse fram mot 2030» frå mai 2022 er ein rapport alle ansvarlege politikarar må lese og forstå. Rapporten dokumenterer alvorlege utfordringar for straumforsyninga vår ved framhald av utbygging av vindkraft. Straumforbruket i Norge aukar pga. auka elektrifisering. Vi vert avhengige av straum både for at oljeplattformar skal produsere, at vi skal kome oss til og frå jobb, og til nesten all oppvarming og aktivitet i heimane. Til dette treng vi stabil og aukande levering av straum kvar time og kvar dag. Straumproduksjonen skal difor aukast, og vindkraft er alternativet som vert pressa hardast fram, av regjeringa i lag med kraftbransjen, NHO og delar av LO.

Men som rapporten til NVE forklarer, er det fleire alvorlege problem for straumforsyninga med vindkrafta og ei aukande utbygging av denne. Årsaka til alvoret er at vind er ei usikker kraftkjelde, som berre skapar straum og gjev effekt når vinden bles. Motsett, når det ikkje bles, kan det bli mangel på effekt. Jo større mengde vindkraft, jo større vert problemet for straumforsyninga med aukande effektmangel når vinden stilnar.

Jo større mengde vindkraft, jo større vert problemet for straumforsyninga med aukande effektmangel når vinden stilnar.

Forbruket vårt av straum er høgast på kalde vinterdagar. Gjerne når eit stabilt høgtrykk gjev gnistrande vinter med fleire kuldegrader. Desse høgtrykka er kjenneteikna av lite vind. Baserer vi oss på vind som straumkjelde, står vi i fare for å mangle straum dei dagane vi treng det som mest. I desse periodane kan vi heller ikkje stole på import av straum, pga. manglande vind i den nord-europeiske marknaden.

Når forbruket av straum er høgt, og effekten manglar, står straumnettet i fare for å bryte saman. I rapporten frå NVE vert det forklart at dette var i ferd med å skje ein kald morgon i februar 2021. Å basere seg på ei vidare utbygging av den ustabile vindkrafta, parallelt med at forbruket aukar, vil forsterke faren for dette. Med andre ord set vi heile straumnettet vårt i fare ved at vi kan mangle straum på kalde vinterdagar.

Når forbruket av straum er høgt, og effekten manglar, står straumnettet i fare for å bryte saman.

Kva ansvarleg politikar vil fortsetje dette med opne auge? Bygge ned naturen med vindturbinar, som produserer ei kraft som skapar meir problem enn det løyser, berre fordi ein bransje som tener enorme summar på vindkrafta pressar på? Kva ansvarleg politikar vil, når vi går mot effektmangel avgjere kva oljeplattformar som må stoppe? Kva hushald som skal få straum til å lade bilen? Kva bedrifter som skal kunne virke som normalt og skape verdiar for samfunnet vårt?

Det vert stadig tydelegare at utbygging av vindkraft ikkje berre er skadeleg for naturen, lokalsamfunna og folkehelsa, men også for samfunnet i sin heilskap, gjennom fare for effektmangel og manglande stabil straum i dei periodane vi treng det mest. Sverige har forstått og tatt konsekvensane av dette, og snur fokus frå ustabil vindkraft til satsing på regulerbar og stabil kraft. Vi ser fram til at norske politikarar også tek til seg kunnskapen frå sitt eige direktorat og at vindkraftsatsinga vert skrota.

Vi ser fram til at norske politikarar […] tek til seg kunnskapen frå sitt eige direktorat og at vindkraftsatsinga vert skrota.


Nye innlegg