Tor Aleksander Dale 1

Politikk, vindkraft, industri og natur

«Nå skin ikkje så ofte sola over industribygda Høyanger, men […]

Forfatter:

Motvind Norge

Publisert:

29. januar 2023

Del:

«Nå skin ikkje så ofte sola over industribygda Høyanger, men før alle offentlege bygningar og sørvende tak i Kongerike Norge er dekt av solcellepanel, nektar eg å akseptere at einaste løysinga er å bygge ut vindkraftturbinar i uerstatteleg urørt natur», skriv Tor Aleksander Hellem Dale i dette innlegget. Bildet er tatt på Hålandsnipa i Høyanger, med utsikt utover Høyangerfjorden. Foto: Tor Aleksander Hellem Dale

Gjennom internasjonale avtalar har vi forplikta oss til å ta betre vare på naturen. Då kan vi ikkje byggje ned dei siste restane av villmark med vindkraftanlegg.

Tekst: Tor Aleksander Hellem Dale, naturpatriot

Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Rett før jul kom nyheita om at Zephyr igjen vil bygge ut fjella våre med vindturbinar for å lage kraft. Men denne gongen var dei ikkje aleine. Denne gongen hadde dei med seg store retningsgivande aktørar i Hydro og Eviny (før kalla BKK), trass at Høyanger kommune hadde sett eit tydeleg standpunkt mot vindkraftutbygging allereie. Saman sett dette trekløveret heile Ytre Sogn og Sunnfjord i skvis, og særleg hardt råka er Høyanger.

Samspelet mellom natur og industri starta her i «Høyangsfjorden» for over 100 år sidan. Frå 1899–1914 gjekk føre seg kampen om vasskrafta, då med tankar om eit elektrostålverk. I 1914 sikra A/S Høyangfaldene seg kraftkonsesjon og i 1915 etablerast A/S Høyangfaldene, Norsk Aluminium Compani (seinare kjend som NACo), og satsar på aluminiumsproduksjon. I 1916 startar arbeidet med kraft-, fabrikk- og byanlegg, og «Høyangsfjorden» blir til «Høyanger». Med teknologi, reinseanlegg og kunnskap har fabrikken, som i dag er eigd av Hydro, med åra blitt ein av verdas reinaste- heile vegen fundamentert på kraftutbygginga av rein og fornybar vasskraft. Skapt lokalt, brukt lokalt!

Med teknologi, reinseanlegg og kunnskap har fabrikken, som i dag er eigd av Hydro, med åra blitt ein av verdas reinaste- heile vegen fundamentert på kraftutbygginga av rein og fornybar vasskraft.

Siste året har desse omgrepa tatt meir og meir plass i mediebildet, og det er desse argumenta som no Hydro (saman med Eviny og Zephyr) rettar mot Høyanger-samfunnet. Langt på veg har politikarane i Høyanger fått beskjed om at utan meir tilgjengeleg kraft så har industrien i bygda ei dyster framtid framfor seg, men dei presenterer og ei løysing; Vindkraft!

Dei hevdar å sikre vidare utvikling og produksjon gjennom ein «vindmøllepark», som i realiteten er ein ustabil og lite driftssikker kraftkjelde for ein så kraftkrevjande industri som aluminiumsproduksjon (i tillegg til miljøforureiningar gjennom mikroplast, naturinngrep, fugledød og grunnvassforureining som vindturbinar utgjer). Ikkje unaturleg stiller ein seg då spørsmålet om dette handlar meir om å kvitvaske utanlandskablar og kraftspekulering framfor å sikre stabil og sikker drift av lokal industri?

Dei hevdar å sikre vidare utvikling og produksjon gjennom ein «vindmøllepark», som i realiteten er ein ustabil og lite driftssikker kraftkjelde for ein så kraftkrevjande industri som aluminiumsproduksjon […]

Det finst andre måtar å sikre industrien tilgang på kraft enn å bygge ut urørt natur. Gjennom politikk og politiske vedtak kan ein syte for at naturomsyn lønnar seg. Slik er det ikkje no. Grepa som krevst for å sette opp ein vindturbin 1200 meter over havet i ein norsk urørt fjellheim er betydeleg omfattande. Likevel pressar regjering og storting på med ein politikk som frontar vindkraftutbygging både til lands og til havs, for realisering av blant anna storstilte prosjekt som elektrifisering av sokkelen i Nordsjøen.

Lønnsemda i vindkraft ligg først og fremst i subsidiar, subsidiar som vert betalt av norske statsborgarar, men og i ein overordna politikk som set vasskraft og vindkraft opp mot kvarandre og som favoriserer sistnemnde gjennom nettopp subsidieordninga. Høgre har, med tidlegare statsminister Erna Solberg, attpåtil gjort eit partivedtak på at vindkraftplanane i Ytre Sogn skal gjennomførast! Høgre har ikkje eingong ordførar i verken Høyanger- eller Sunnfjord kommune.

Ordføraren i Høyanger som gjennom fleire år har stått som eit fyrtårn og med klar røyst, tatt til motmæle mot vindkraft-lobbyen og kjempa for lokaldemokrati og råderett over eigne ressursar og natur, han blir nå pressa både frå industrien og frå sitt eige parti som styrer landet, på økonomien- og framtida for kommunen og innbyggarane sine. Når ordførar Peter Sortland seier han hamnar i ein spagat er det ikkje vanskeleg å forstå!

Difor er og denne saka så mykje større og viktigare enn ordførarens beinstilling. Dette handlar om demokrati og sjølvråderett, ikkje berre for kommunane Høyanger og Sunnfjord, men for alle kommunar i landet. Sjå berre til Lutelandet, Guleslettene, (Fosen som er erklært ulovleg av høgsterett) og nå kanskje Snøheia. Eksemplar der innbyggarar og lokalpolitikarar har blitt ført bak lyset, gjennom udemokratiske prosessar, løftebrot og stadig endra føresetnader. Naturen og lokalsamfunna har tapt og nokon ukjende sit att med vinsten. Dersom prosjektet på Snøheia ikkje vert stoppa fryktar eg det berre er starten på ei storskala-utbygging av vindindustri i fjellheimen i Ytre Sogn og Sunnfjord, og med det er det siste av urørt natur tapt for alltid.

Dette handlar om demokrati og sjølvråderett, ikkje berre for kommunane Høyanger og Sunnfjord, men for alle kommunar i landet.

Paradokset her er at det blir vist til straummangel. Men tal visar at i gamle Sogn og Fjordane fylke produserast det meir straum enn vi forbruker, mykje meir faktisk. I min oppvekst på 80- og 90 talet i Høyanger var det full drift i både Hall A og Hall C, Sluggfabrikken stod i full drift og Fundo gjorde stadige utvidingar. Sidan den gong er det eit kjent faktum at både Hall C, Fundo og Sluggen er vekke. Samtidig har mange av damanlegga våre, med kraftstasjonar blitt oppgradert i seinare år, som Eriksdal-kraftverk. Det burde jo vere eit godt grunnlag for ny industri, som det planlagde resirkuleringsanlegget for aluminium i dei gamle Fundo-lokala.

Fleire store og små kraftverk kan, utan større og u-reversible tiltak bli oppgradert. Vi har ei mykje omtalt kraftlinje gjennom fylket vårt som vil bidra til å sikre kraftleveranse til industrien i området frå nettopp desse kraftanlegga. Krafta finst her, vi kan til og med auke den med å utnytte allereie eksisterande anlegg.

Men vi treng vilje frå dei som styrer dette. Ikkje frå Petter Sortland, men frå Jonas Gahr Støre! Vi treng at dei som sit med makta vi har gitt dei, legg av seg eigen prestisje, og ser til at nasjonen Norge tar ansvar og viser veg. Ikkje ved å utnytte dei siste restane av urørt mark til fordel for kraftspekulantar og utanlandske fond og kapitalistar, men ved å sikre gode rammer og avtalar i kraft- og industrimarknaden lokalt, og dessutan å lytte til lokalsamfunn og lokalpolitikarar. Energieffektivisering burde ikkje stå som eit synonym til auka energiforbruk!

Vi treng at dei som sit med makta vi har gitt dei, legg av seg eigen prestisje, og ser til at nasjonen Norge tar ansvar og viser veg.

Norge har parallelt med nyhenda om vindkraftindustri i fjella bunde seg til internasjonale avtalar om naturvern. Det er ein sak som burde fått mykje meir slagkraft i kampen om ressursane og miljøet. I det råka området på 22 kvadratkilometer som er planlagt brukt til vindkraftindustri (Snøheia), har ei gruppe på 25 grunneigarar tatt til orde for å få stoppa planane og å la naturen bestå urørt. Om ikkje Norge, med den ferske avtalen signert skal lytte til slike klare signal, kven skal då gjere det? Før vi raserer naturen for alle generasjonar som kjem, må vi sjå på dei andre løysingane!

Nå skin ikkje så ofte sola over industribygda Høyanger, men før alle offentlege bygningar og sørvende tak i Kongerike Norge er dekt av solcellepanel, nektar eg å akseptere at einaste løysinga er å bygge ut vindkraftturbinar i uerstatteleg urørt natur!


Nye innlegg