Pressemelding fra ordførarane i Tysvær, Lyngdal, Karmøy, Høyanger, Gulen og Aure
Ordførarane i Tysvær, Lyngdal, Karmøy, Høyanger, Gulen og Aure hadde […]
Ordførarane i Tysvær, Lyngdal, Karmøy, Høyanger, Gulen og Aure hadde i dag møte med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Våre kommunar har gjort erfaringar med ulike typar vindkraft-initiativ, og frå ulike fasar av denne prosessen.
Vi som representerer dei 6 kommuane har organisert oss for å formidle våre erfaringar med vindkraft på land til sentrale avgjerdstakarar, og i dag møtte vi NVE. NVE er fagdirektoratet for energi som har m.a. har ansvar for å setje i verk den statlege politikken kring vindkraft. NVE leverer også tungtvegande faglege innspel til departement og regjering når energipolitikk og vindkraftpolitikk skal utformast.
Vi meiner det er viktig å gi klare tilbakemeldingar om korleis kommunane opplever den politikken som i dag blir ført. NVE har gjort framlegg om enkelte forbetringar i høve dagens konsesjonsprosess, men vår klare melding er at det må meir djuptgåande endringar til i forholdet mellom NVE og kommunane for å få tilbake tillit mellom partane.
Eksempel på erfaringar som våre kommmunar har gjort seg i vindkraftsaker:
• Utbyggarar respekterer ikkje kommunale vedtak, men går rett til grunneigarar for å sikre seg rettar til areal dei kan bruke til vindkraft, utan å involvere kommunen.
• Tiltak vert planlagt og bygd på bakgrunn av utdaterte og svært mangelfulle konsekvensutgreiingar.
• Sprengringsarbeid går føre seg midt i hekketida til hubro og kongeørn, trass i at Miljø- transport og anleggsplanen (MTA) seier at det ikkje skal sprengast i hekketida.
• Dersom vi som kommune vel å bruke retten vi har til å nekte å gi dispensasjon frå våre kommunale planar, svarar NVE med bruk av statleg plan.
• Det som til slutt vert bygd er noko heilt anna enn den planen som NVE har godkjent for anlegget.
• NVE jobbar aktivt mot at kommunane skal kunne bruke sitt lovmessige mynde etter ureiningslova.
Dette er berre nokre av eksempla vi har erfart, og når vi protesterer, opplever vi at vi ikkje blir høyrde. Situasjonen er svært alvorleg. 62 ordførarar har no skrive under på eit opprop om stans i alt arbeid med alle nye konsesjonar. Vi sa klart ifrå til NVE om at dagens politikk gir store utfordringar knytt opp mot aksept for og tillit til dei viktige avgjerdene som NVE står ansvarleg for.
I energipolitikken som på andre politikkområde må omsyn vegast mot kvarandre på ein måte som folk forstår, aksepterer, og stolar på. Alle som vil skal få eit reelt høve til å bidra i prosessane. Fagfolk skal bidra, men det er lokale, valde politikarar som må ta avgjerdene som ligg til grunn for konsesjonsprosessen. Dette skjer i dag i andre arealsaker, men ikkje i vindkraftsaker. Her er det NVE som har ansvar for å avvege ulike interesser. NVE kan etter dagens system gi konsesjon etter energilova utan at kommunane er involverte i prosessen for å avvege og avklare arealbruken, slik vanleg praksis er i arealsaker. Kommunen er redusert til ein høyringspart i vindkraftsaker, og konsekvensane av dette ser vi no, i form av mange og store konfliktsaker, rundt om i heile landet.
Nok er nok. Tillit til avgjerder og lokalt folkestyre kan ikkje undergravast på denne måten.
Konsesjonsbehandlinga må komme etter at arealbruken er avklart av kommunen. Det legg plan- og bygningslova til rette for. Det er denne lova som må brukast til arealavklaringar, ikkje energilova som NVE vil halde fram med å bruke.
Vi har ikkje hatt tid til å sette oss inn i alle forslaga om vindkraft som Regjeringa kom med i dag, men vi reagerer svært negativt på at det ikkje ligg føre framlegg om lovendring kring arealbruken.
Vi vil krevje at Stortinget sikrar at vi no skiftar spor i vindkraftforvaltinga, og ikkje prøver å revidere og kome med kosmetiske endringar innanfor eksisterande lovverk.
Vi har registrert at opposisjonspartia på Stortinget har uttrykt støtte til igjen å nytte plan- og bygningslova som styringsreiskap, slik at vi kan få eit demokratisk grunnlag for å fatte avgjerder på.
I møtet med NVE gav vi klar beskjed om at vi vil følgje opp stortingspolitikarane heilt til mål for å sikre at plan- og bygningslova vert teken i bruk. Det er vi sikre på at også NVE vil vere tent med…