Seminar om storkammer-saka om vindkraft på Fosen og SP art. 27

Fosen-anleggene med Storheia og Roan vindkraftverk. Illustrasjon: Bård S Solem

Vedtak om konsesjon og ekspropriasjonsløyve til to vindkraftverk på Fosen vart nyleg kjent ugyldige i storkammersak i Høgsterett som fylgje av strid med FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27. For å sjå nærare på innholdet i dommen og fylgjene av den, held Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo seminar 26. oktober.

Nærare om temaet
Saka kom til Høgsterett etter anke over overskjønnet i ekspropriasjonssaka frå Frostating lagmannsrett. Vindkraftverka saka gjeld stod ferdige i 2019 og 2020. Saka reiser altså mange spørsmål, og vi inviterer til diskusjon med dei fremste juridiske ekspertane på relevante rettsområde.
– Korleis er eigentleg norma etter SP art 27 å forstå, og korleis kunne forvaltninga gi løyve til anlegget når det no viser seg at tiltaket er i strid med folkeretten?
– Kva er dei folkerettslege fylgjene av brotet på SP art 27, og kva er fylgjene etter norsk rett?
– Kva skal skje med anlegga som alt står der?
– Kva handlingsrom har forvaltninga i prosessen framover? Og ikkje minst kva rolle har reindrifta og utbyggjar i denne prosessen?

Tid og sted
26. okt. 2021 13:00–16:00, Gamle Festsal

Deltakelse
Fysisk deltaking, meld deg på her: https://nettskjema.no/a/225491 
Deltaking via zoom, bruk denne lenka: https://uio.zoom.us/j/63318786857

Medvirkende
Introduksjon ved førsteamanuensis Katrine Broch Hauge, NIFS, professor Ivar Alvik, NIFS og Torvald Falck, Sametinget. Innlegg ved Inge Lorange Backer, Gro Nystuen (nhri.no), Geir Ulfstein, Kirsti Strøm Bull og Geir Stenseth

Program i kalender

Arrangører
Avdeling for energi og ressursrett, Nordisk institutt for sjørett og Forskergruppe for naturressursrett