nordoyane

Skal Nordøyane ofrast?

Av Torbjørg Øvstedal Harnes Er det Ålesund Skyline?Med sitt nye […]

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

15. juli 2020

Del:

Av Torbjørg Øvstedal Harnes

Er det Ålesund Skyline?
Med sitt nye motto: “Under høge vindturbinar og ingen horisont.”
Vel, Nordøyane sitt motto er det vel rettare å seie.
Når eg i denne samanhengen snakkar om Nordøyane, gjeld det øyane som tilhøyrde Haram og Sandøy, og som vil få fastlandsforbindelse i 2022.

I fleire veker har eg hatt dette biletet i hovudet. Eg ser Nordøyane under eitt. Om to år heng vi saman, fra Lepsøya i sør til Finnøya i nord.Vakre Sandøy og spektakulære Ona/Husøy høyrer og med. Øyriket vårt.

Eg har vegra meg. Teke fram teiknebrettet, blyantane, fargestiftane. Pakka dei ned. Og opp igjen. For to veker sidan måtte eg berre ta meg saman og byrje.

Eg er ingen kunstnar, men har arbeidd med målestokkar, dimensjonar, proporsjonar, form og design heile mitt yrkesaktive liv.
Eg visste det ville bli ille, men ikkje så vondt som dette. 
Vondt langt inn i sjela. Eg måtte ta lange pausar. Vart uvel, tårane pressa på. Måtte leggje bort teikninga, ville ikkje sjå.
Eg har funne den fram igjen no.

Det er det vi kan kalle eit oppriss, det viser sanne høgder og mål sett i forhold til kvarandre. Teikna i målestokk 1: 1000. Du må sjølv forestille deg mengdene, alle rotorblada som fyk rundt i ei himla fart, alt bråket.

HARAMSØYA. Her blir ord fattige.
Kva skal ein seie….Kva skal ein seie om den raseringa som har byrja.
Mot det rike naturmangfaldet, mot den vakre, stolte øya. Og ikkje minst mot folket som bur der. Som blir trykt ned av digre, støyande turbinar. Folket på dei nære naboøyane vil sjølvsagt sjå dei.
Eg har ikkje teikna fjellet på Haramsøya, Mannen, i si fulle høgde, 347 m. Derimot ein av turbinane lengre ned. Om du zoomar inn, eller brukar lupe, ser du kanskje nokre modige menneske som prøver seg på ein liten fjelltur. Vel, dei snur nok ganske raskt.

Over til tal og harde fakta: Konsesjonen var gitt for inntil 16 vindturbinar med max rotordiameter 120 m. Zephyr vil byggje 8 vindturbinar med navhøgd 82 m og rotordiameter 136 m. (16 m meir enn i ophaveleg konsesjon) Eit rotorblad vil vere 68 m, vingespissane 14 m over bakkenivå!

Konsesjonen, og dermed Haramsøya og haramsøyingane, er solgt til eit finsk selskap. Eg seier det slik, for det er salg av livskvalitet, helse m.a. for dei som bur der. Det er tap av eigedomsverdiar.

Haramsøyingane lar seg ikkje kue. Med stor visdom og ro syner dei vegen for oss andre. Dei vil ikkje gi opp, vi skal ikkje gi opp! Vi vil ikkje vere undersåttar i ein kynisk og grådig industri. Våre øyar skal behalde sin fridom, sin natur og sitt folk.Eg er så stolt av våre naboar to øyar bortanfor. TAKK

ULLA FYR. 10 m høg. Ulla fyr ligg på Kvernholmen, ut mot storhavet.

Ein værhard og tøff plass, men likevel finst det ei rekke sjeldne planter der, t.d. orkidear. Så Ulla er spesiell i botanisk samanheng.Og om du er interessert i fuglekikking kan dette vere staden. Herfra kan du, særleg om hausten, speide etter trekkande lommer, dykkender, gjess og andre sjøfuglar. Ullasundet fuglefredingsområde ligg mellom Haramsøya og Skuløya. Rogneholmen fuglefredingsområde ligg sør for Skuløya.

HARØYBURET er fjellet på sørenden av Harøya,156 m høgt.Der er ei fantastisk utsikt over skjærgarden i tidlegare Sandøy kommune, over 800 holmar og skjær. Utsikta strekkjer seg fra fiskeværet Bud i nord til Ålesund by i sør. Det er mykje havørn i området. Hubro er og sett, så arbeidet med ny tursti opp på fjellet vart stoppa no i mars og teke opp igjen i juli. Dette på grunn av hekketida. På Fjørtofta blir det bygd hubrotunnel i forbindelse med Nordøyvegen. Kva med hubro på Haramsøya? Dei har ikkje fått mykje fred i hekketida. Ei heller andre artar.

SANDØY VINDKRAFT var det første kommersielle vindkraftanlegget i Norge. I 1999 vart anlegget satt i drift. Møllene vart satt opp i tur og orden, 5 i alt. Navhøgd 47 m, vinge 23 m. Dei har ikkje solgt seg vidare til utlandet, det var ikkje spekulative tankar som låg bak. Eg veit det var motstand mot dei, men eg er glad for å kunne vise dei fram på denne teikninga. Dei viser dei “umenneskelege” dimensjonane på dei som kan kome på Haramsøya og utanfor Harøya, Finnøya, Sandøya og opp mot Ona. Sidan vindmølleparken har vore her i 20 år, bør “vårt grøne samvit” vere oppfylt her ute på dei små øyane.

HAVSUL 1. Som organisasjonen Motvind seier: “Konsesjonen Havsul 1 framstår som et reint spekulasjonsobjekt, initiert av personar i Havgul AS (2005)” Det er ikkje vanskeleg å forstå.

Havgul (heimehøyrande i Oslo) ville planleggje intet mindre enn fire skjærgardsturbinparkar utanfor øyane i fylket. Fra Giske i sør til Averøya i nord.  

Konsesjon gitt av NVE 24.6.2008. NVE har 27.3.2020 gitt utvida frist for idriftsetjing til 31.12.25. Er det mulig? Utallige klager har kome inn.

Med andre ord skal vi inn i vår fjerde femårsperiode med desse skrekkelige skjærgardsturbinane hengjande over oss som ei mørk sky. 

Det er nok no. Set oss fri.

Til no har det vore luftslott, og folk her ute trur vel ikkje dei vil kome.

Havgul utviklar prosjekt og sel dei vidare, og i 2009 vart vi solgt til Vestavind Kraft AS. (Konsesjonen vart solgt heiter det kanskje….) Konsekvensanalysa er utført hausten 2005, rapportdato 17.november 

2005. Vestavind Kraft AS var (er?) eigd av Haugaland Kraft, Sunnhordland Kraft, BKK, Sognekraft, Sunnfjord Energi, Sogn og Fjordane Energi og Tafjord. Det var mangfoldige millionar Havgul fekk. Ikkje rart at linjeleia berre stig og stig. Tafjord og dei hine fekk det  ikkje til, vi er no solgt til eit kanadisk selskap, Enbridge. Kva fikk Vestavind for det da? Korleis foregår alt dette kjøp og salget eigentleg? For Enbridge er målet å levere skjærgardsvind til gassprosesseringsanlegget på Nyhavna på Aukra. På vår bekostning.

Sandøy kommune har sjølvsagt ikkje fått ei einaste krone for å setje dei 874 øyane, holmane og skjæra med litt hav mellom, til disposisjon. Det ville vel vere korrupsjon. Dei vart lova “gull og grøne skogar”. No er det igjen berre lommerusk.

Om du vil lese meir om Havsul 1, foreslår eg at du går inn på motvind.org sine sider. Der kan du og lese om Haramsøya og eit utal andre vindkraftprosjekt. 

Gløym alle dei idylliske illustrasjonane som Havsul har blitt framstilt i. I eit perspektiv sett langt ovanfra. Turbinane ser ut som små fyrstikker, og folk flest har kanskje dei eksisterande vindmøllene på Harøya i hovudet. Sjølv om desse Havsulturbinane ikkje står i fjøresteinane, så står dei fast i skjærgarden vår, nokre km fra land. Det er ikkje snakk om havvindmøller, men skjærgardsturbinar. Dei er digre, ruvande. Og dei er mange. Ein heil hær. Og gjett om dei vil bli sett fra dei flate, frodige øyane.

Over til mål og harde fakta. Dei siste planane fra NVE (2009) syner 78 skjærgardsturbinar. (B på teikninga mi) Tett som hagl utanfor Harøya, Finnøya, Sandøya og opp mot Ona. Navhøgd 95 m, rotorspenn 120m.

Enbridge planleggjer færre, men enda høgre monster. På teikninga mi, A, er navhøgda 150 m, vinge 65m. Dei kan visst bli enda høgre, opp mot 250 m totalt. 35/44 stk. Det er mykje større turbinar enn gitt konsesjon.

Om du zoomar inn på teikninga mi, eller brukar lupe, ser du at personar står og speidar etter den fantastiske horisonten, solnedgangane, det magiske lyset, havet i storm som i stille, fridomen. Vi finn det ikkje, vi er stengt ute fra alt dette “bak lås og slå”. Bak høge, kvite gitter med roterande piggtråd på toppen.

Nei, det er ikkje turistar. Dei gidd ikkje bruke ferien sin på å sjå på vindturbinparkar. Vakre Norge er snart øydelagt av vindturbinar over alt.  

Det er fastbuande og alle dei som har valgt å byggje sine feriehus her ute du ser. Ut mot havet. Korleis trur du det ville vere å få den fantastiske utsikta rasert på denne måten? For at andre, langtvekkistan, skal bli rike. Det går sterkt ut over helsa, både fysisk og psykisk. Du vil kjenne deg mindre verdt, miste framtidshåp. Og eigedomen din blir mykje mindre verdt, kanskje ingen vil kjøpe. Der du før såg det uendelege som gav deg indre ro og kvile, vil du no sjå turbinar med rotorblad som går rundt og rundt. Minutt etter minutt, dag etter dag, månad etter månad, år etter år….Innimellom står dei stille, om det er for mykje vind eller for lite vind. Dei er der uansett.

ONA FYR. 14,7 m høg. Ona fyr, dette ikoniske landemerket vårt, er viden kjent. På Ona/Husøy er det registrert over 240 fugleartar. Faktisk er Ona eit av Norge sine aller beste stader å finne sjeldne fugleartar på.

Eg går ikkje vidare inn på naturmangfoldet no. Nemnast må sjølvsagt dei kreative menneska her. Kva har vel ikkje dei få innbyggjerane fått til.  

LITT AV KVART. Eg håper du vil følgje med vidare sjølv om orda blir mange.

Så er det at mitt intellekt ikkje strekk til. Kvifor vil kommunestyre og ordførar i Ålesund kjempe mot vindturbinane på Haramsøya, men seie ja til Havsul 1? Havet og lufta stoppar ikkje ved Fjørtofta. Havsul vil skade like mykje naturmangfaldet og fuglelivet på Haramsøya og øyane sørover som på Harøya og dei andre øyane nordover. Lundefuglane på Runde står i fare for å bli utrydda.

Havsul er planlagt lokalisert i viktige gyteområder for sild, torsk, sei og hyse. Konsekvensane i negativ retning kan bli svært store.

Vindturbinane på Haramsøya vil bli prøvd stoppa i 24.time, men det går ikkje an å prøve å stoppe Havsul i 12.time? Havsul er forøvrig fortsatt i ei utredningsfase, 15 år har ikkje vore nok….

Som det var det i 2005, er det fortsatt stor motvilje mot disse digre skjærgardsturbinane i gamle Sandøy kommune. Frå Myklebust i sør til Ona i nord. Det er kanskje eit ønska prosjekt hos ein del. Men når virkeligheita går opp for folk flest, vil motstanden berre bli større.

Vi ønskjer ikkje almisser, og arbeidsplassar har vi skapt sjølve her ute. Sandøy er eit rikt og velståande samfunn på så mange plan. Vil kome tilbake til det i eit seinare innlegg.

Disse “luftige” arbeidsplassane det har vore snakka om i 15 år vil berre vere nokre få på sikt. Det er få varige arbeidsplassar i Norge ved vindkraftverk. Det er heller ikkje på grunn av arbeidsplassar at vindturbinar er planta overalt, men for å redda klimaet i verda. Vi må heller ikkje gløyme Nordøyvegen. Folk kan bu på Harøya og arbeide i Tennfjord t.d., og omvendt. Det vil bli enklare å pendle, om det ikkje blir for dyrt da.

Formannskapet i Ålesund ville klage på at Havsul 1 fekk utvida frist. Flott av formannskapet! Men kommunestyret sa ja. Havgul og Multiconsult fikk tale i 50 min, mens representant fra Motvind ikkje fikk taletid. Demokrati?

Det vart nok panikk i rekkene da formannskapet ville seie nei. Havgul og Multiconsult vart inviterte av ordførar i Ålesund. 

Eg ser stadig det er nemt at det er eit ønska prosjekt i Sandøy, at folkeviljen står bak osv. Det er usant og manipulerande. Det var kommunestyre og ordførar og ein del andre som ville det. Ein kan ikkje skjere alle over ein kam i ei så viktig og alvorleg sak.

Dei vakre øyane våre, naturmangfaldet og menneska skal ikkje vere til salgs for slikk og ingenting for at Ålesund skal fylle nokre hol i kommuneøkonomien. Er det ikkje 10 mill. i året i nokre år det er snakk om? Er vi så lite verdt….  Det vil vere eit svært kostbart prosjekt, og  ingen veit kva det endelege talet vil bli. Kanskje ned mot 0.

Eg kjenner at fredelege og snille meg blir ein smule provosert.

Nei, eg er overhode ikkje sint på kommunestyrerepresentantar og ordførarar. I mine auger er dei på ein måte “fanga” i eit spekulativt nett og har blitt “reiskap” for usunne kapitalkrefter. Men valget har dei hatt.

I dag er det stor kunnskap om at vindturbinane skader klimaet meir enn dei gagnar det. Naturmangfald blir øydelagt, økosystem kjem i ubalanse.

Kvar turbin inneheld 2500 l olje, lekkasjar skjer. Mikroplast og kompositt er heller ikkje særleg miljøvennleg.

Vindkraftkonsesjonen blir gitt for 25 år. Da er som regel turbinane gamle og utslitte. Dei skal fjernast. Det er noko som heiter fjerningsforpliktelse.

Landskapet skal tilbakeførast til naturleg tilstand så langt som mulig. Fine ord, men….

Kven veit om det finske selskapet på Haramsøya eller det kanadiske selskapet som eig Havsul eksisterer etter 25 år. Kanskje er dei slått  konkurs, kanskje har dei solgt seg ut. Til slutt veit ingen kven som er eigarane. Da er det grunneigarar som skal få dei fjerna. For Havsul sin

del blir det Ålesund kommune som får ansvaret. I dagens verdi er det snakk om at det vil koste mangfoldige millionar pr turbin. Det er neste generasjon som vil få det i fanget.

I rapportar står det om at det er forventa at grunneigarar, da ofte bønder, vil bli slått konkurs. Om 25-30 års tid. Det er og neste generasjon det går utover. Dei mister gard og grunn pga. fjerningsforpliktelsen.

Grunneigarar står no fram og angrar på det dei har skreve under på. Dei har ikkje forstått rekkevidda, det kan vere dårleg forklart i kontraktane. Dei ser dei store øydeleggjingane og kva som kan skje. Ordførarar står og fram og angrar eller er med i opprør mot vindkraft.

Rundt om i verda står forlatte vindturbinar og rustar. Det er spesialavfall, vingar av kompositt og glassfiber som ein ikkje veit korleis ein skal kvitte seg med. Delar av turbinane kan gjenvinnast, rotorblada blir gravd ned eller blir liggjande i store søppelhaugar.

Det er forventa at det f.eks. i USA vil bli 630000 tonn turbinsøppel innan dei neste 20 åra. I Danmark klarer dei heller ikkje ta unna.

For det rike vannlandet Norge bør valget vere enkelt. Myndigheitene må lytte til folket sitt og til ekspertar som fortel om andre løysingar enn vindturbinar. Kan lure på kva myndigheitene eigentleg held på med…

Innan 2050 må alle utslipp gå mot null for at vi skal vere i tråd med 1,5-gradersmålet til FN. Det er viktig. Nye løysingar for fornybar energi vil kome, for vindturbinar er absolutt ikkje den ultimate løysinga. Solenergi har på få år blitt den billegaste måten å produsere elektrisitet på i mange områder i verda. Dette kan du t.d. lese meir om hos Naturvernforbundet.

Etter kvart tenkjer eg at det i grunnen er snakk om verdiar og verdisyn.

Eg vil finne ut av Arbeiderpartiet sine verdiar. Mister nesten mobilen i gulvet her eg sit og les. Eg siterer: “Arbeiderpartiet vil skape et rettferdig samfunn som sikrer alle menneskers likeverd. Vi bygger på verdiene frihet, likhet og solidaritet. Vi ønsker en verden uten krig og fattigdom, der frie og likestilte mennesker har innflytelse på sine livsvilkår, der menneskene lever i harmoni med naturen, og der kapitalistisk utbygging bekjempes.”

Med kjærleik til øyane,
folket, naturen og havet,
Torbjørg Øvstedal Harnes
Harøy

Til slutt ønskjer eg å få sagt dette: Etter at eg flytta tilbake til mi barndomsøy, Harøy, for 7 år sidan, har eg aldri angra ein dag. Kjenner meg så priviligert som får bu her i dette vakre paradis. Sandøy kommune har lagt alt tilrette for at vi skal ha det godt. Det er omsorg og omtanke bak det meste. Stor takk! Må det vare.

– Medlem i Motvind Norge
– Medlem i Naturvernforbundet
– Nei til vindkraftverk på Haramsøya
– Nei til Havsul 1
– La Nordøyane leve

Nye innlegg