Harald Kjelstad 06.01.23

Skuggar over Gaular

Ustabil vindkraft kan ikkje brukast til hushald eller til industri […]

Forfatter:

Motvind Norge

Publisert:

7. januar 2023

Del:

Ustabil vindkraft kan ikkje brukast til hushald eller til industri og må henge på stabil vasskraft som kan regulerast og magasinerast. Zephyr, Hydro og Eviny legg likevel vindkraftplanar for Gaular. Grafisk design: Siri Fjeseth

Zephyr, Hydro og Eviny planlegg vindturbinar i himmelsynet mot Gaularvassdraget, som er verna. Korleis rimar dette med naturvernavtalen som klima- og miljøministeren nylig underteikna i Montreal?

Tekst: Harald Kjelstad, rådgiver i Motvind Norge

Så klarte Zephyr, Hydro og Eviny å øydelegge julehelga for alle som er glade i fjella og naturen. Det skjedde samstundes med at klima- og miljøministeren signerte avtale i Montreal om å berge naturen i verda. I avtala heiter det at naturomsyn skal være rammeverk for all politikk. Vindkraft er den mest arealkrevjande og minst berekraftige energiproduksjonen ein kan ha i landet vårt.

Zephyr har tidlegegare vorte jaga på dør på informasjonsmøter i området. Spora etter dei andre stader i landet er ikkje tillokkande. Som alle vindkraftselskap har dei høg kompetanse på å splitte bygdene og på å selje anlegga til internasjonale selskap som er vanskelege å spore.

Som alle vindkraftselskap har [Zephyr] høg kompetanse på å splitte bygdene og på å selje anlegga til internasjonale selskap som er vanskelege å spore.

Hydro tilbyr eit interessant industriprosjekt. Men truslane for Høyanger-samfunnet er ikkje godt skjulte. Det tek seg ikkje særleg godt ut etter at selskapet i alle år har tent godt med pengar på vasskraft og arbeidskraft i Høyanger og andre industrisamfunn.

EVINY, tidlegare BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) var ein gong eit solid ingeniørstyrt vasskraftselskap. Eg fekk sjølv mine første år som ingeniør i Masfjordfjella og Vossefjella. Høge fall, mange og store magasin. Norsk kunnskap og norsk teknologi, veltrena anleggsfolk frå lokalsamfunna. Men vi dragsa ikkje gammaldags vindturbinteknologi frå slettelanda opp i dei norske fjella for så henge dei opp på høge ståltårn frakta inn frå Asia.

[V]i dragsa ikkje gammaldags vindturbinteknologi frå slettelanda opp i dei norske fjella for så henge dei opp på høge ståltårn frakta inn frå Asia.

Ustabil vindkraft kan ikkje brukast til hushald eller til industri og må henge på stabil vasskraft som kan regulerast og magasinerast. Sal av vindkraftverka til internasjonale investeringsselskap gjev spekulantane superprofitt fordi dei samstundes omset ein del av det norske kraftsystemet som var det rimelegaste og reinaste i heile verda. Så klarte bransjen å få auka kraftprisane i Norge med dei siste kablane til Europa. Importen av dei høge prisane starta ny dyrtid i Norge, til skade for personleg økonomi og for bedrifter. 

Vi har nok kraft i Norge dersom vi forvaltar godt det vi har. Men Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) er bekymra for at all reserveeffekt vi har hatt i vasskraftsystemet vert utfordra av den auka eksportkapasiteten og utbygging av ustabil kraft. Vindturbinane står ofte stille, spesielt når det er kaldt og bruk for meir kraft. Ved forbrukstoppar kan vi i verste fall få nedstenging av store områder, eller ukontrollert «blackout», noko som er svært øydeleggande for industrien. I Norge er det berre vasskraft, i Sverige både vasskraft og kjernekraft og i Europa i stor grad fossil kraftproduksjon som leverer nok svingmasse for å halde oppe stabil frekvens og spenning.

I Norge er det berre vasskraft, i Sverige både vasskraft og kjernekraft og i Europa i stor grad fossil kraftproduksjon som leverer nok svingmasse for å halde oppe stabil frekvens og spenning.

Dei fleste av oss vil heie på kraft til resirkulering av aluminium i Høyanger. Vi treng derimot ikkje kryptofabrikkar, elektrifisering av olje- og gassutvinning eller LNG-produksjon berre for å flytte klimautsleppa ut av landet. Tal frå NVE viser gjennomsnittleg produksjon på 18,4 TWh/år i Sogn og Fjordane. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser eit samla forbruk på knapt 8 TWh/år i same område. Kraftmangel er difor ikkje eit argument for vindkraftutbygging i Høyanger og Sunnfjord. 

Ei anna sak som forundrar meg er at planområdet for vindkraftanlegget går så langt fram på kanten til Gaulardalføret utan nokon respekt for at vassdraget vart varig verna i 1993. Det same gjeld også Fred Olsen sine spekulative forsøk austover. Med turbinar som ragar fleire hundre meter over horisonten vil bukvaliteten frå Gaularfjellet, ned Viksdalen og Hestadgrend, delar av Sande, heile Årbergsdalen og Øksland samt Vadheimsdalen bli sterkt redusert. Buplassar, stølar, naturperler, historiske kulturminner og turområde vert uskjemde av lyd, skuggekast, iskast og blinkande lys. Fjella mellom Høyanger og Gaular vert for alltid øydelagde som turområder med inngrep som først forsvinn etter neste istid. Men også turområdet mellom Gaular og Førde vert sterkt forringa. Gløym turisme, allemannsrett, bulyst og rekreasjon.

Buplassar, stølar, naturperler, historiske kulturminner og turområde vert uskjemde av lyd, skuggekast, iskast og blinkande lys.

Eg tilrår alle å lese «Landbasert vindkraft og menneskers relasjon til landskap» (2022), ei masteroppgåve frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). Teori om stadkjensle gjev grunnlag for å undersøke kva kvalitet i eit landskap som er viktige for menneske sin identitet. Gjennom aktivitet i landskapet utviklar menneske verdigrunnlaget sitt. Bindinga til naturen ein har rundt seg, vert skapt av minner, opplevingar, kjensler og tradisjonar. Landskapsendringar forstyrrar stadkjensle og identitet og skapar utfordringar for helse og trivsel.

Vi registrerer at i Sverige har media sjølv byrja å stille kritiske spørsmål til energipolitikk med vindkraftutbygging. Først ute var Anna Dahlberg, politisk redaktør i Expressen, med leiarartikkelen «Medierna måste sluta krama vindkraften». Vi ventar på at pressa i Norge snart skal tore å gjere det same.


Kronikken blei fyrst publisert i lokalavisa Firda.

Nye innlegg