Ein får ei kjensle av at sentrale styresmakter hersar med oss som kjempar mot vindkraft i norsk natur.
Tekst: Harald Kjelstad, sivilingeniør, ekspert på kraft- og industriutbygging, Hestadgrend/Kristiansund
Vi er «dei der ute», vi er berre opptekne av «not i my backyard» og ikkje minst «nå må alle bidra». Men vi er også mange fagfolk, mellom dei fremste i landet når det gjeld energi og industri, samfunnsutvikling og berekraft.
For snart fem år sidan gjekk både Bellona, Dagsavisen, Zero og Norwea, nå Fornybar Norge i NHO, sterkt ut og hevda at motstandarar av vindkraft på land var klimafornektarar. Også mange andre nedsettande karakteristikkar vart brukte.
Ingen politikarar stod fram og gav uttrykk for tvil om at det var rett å øydelegge store areal i naturen og samstundes splitte lokalsamfunn og forringe folk sitt nærmiljø. Media, spesielt NRK, har unngått opplysande verksemd om vindkrafta sine negative sider.
Media, spesielt NRK, har unngått opplysande verksemd om vindkrafta sine negative sider.
Nyleg las eg eit intervju med Leif Arne Jåma som har kjempa kvar dag i minst 20 år mot vindkraft for å kunne halde fram med reindrift på Fosen. Høgsterett kjende konsesjonane ugyldige, men regjeringa prøver å undergrave Høgsterett sine grundige vurderingar med såkalla nytt kunnskapsgrunnlag. Under rettssaka arbeidde regjeringsadvokatane på utbyggjarane si side. Det same skjer på Øyfjellet i Mosjøen, der regjeringa støttar dei utanlandske eigarane mot våre eigne innbyggarar.
Rundt om i landet vert det stadig presentert nye planar om vindkraftverk og kraftbruk til meir eller mindre unyttige føremål. Myndigheitene framsnakkar planane, og lovar at kommunane skal ta dei endelege avgjerdene. Det er fattige distriktskommunar det gjeld. Olje- og energidepartementet omtalar kommunane som om dei er lett bestikkelege. Statsråden hevdar at pengar vil gje mange nye vindkraftverk.
Styresmakter som ikkje lenger lyttar til folket, men til særinteresser og lobbyistar, øydelegg landet si berekraft, enten det gjeld økonomiske, sosiale eller miljømessige tilhøve.
På industristader bygd opp i førre hundreår basert på rimeleg, stabil og rein vasskraft, ser vi at storindustrien slår seg saman med offentleg eigde kraftselskap og vindkraftspekulantar. Makt vert uøvd ved å skape usikkerheit om arbeidsplassane i framtida. Både tidlegare og nåverande statsminister omtalar vindkraftutbygging i slike område som lågt-hengande frukt gjerne med eit nedlatande smil.
Men kva med menneska som mister naturen dei voks opp i, der dei har utvikla si bulyst og sin identitet. Turområda vert øydelagde, også gleda og nytta av allemannsretten, enten det gjeld helsegevinstar, fiske, jakt eller hausting av bær og urter.
Erstatninga til dei som får plagene er digre turbinar i bevegelse over horisontane, lydureining, iskast, komposittavfall, skada fuglar og roterande og blinkande lys. Det gjeld ikkje berre øydelagde areal, det gjeld også store luftrom, 2-300 meter over bakken, opp mot to millionar kubikkmeter per turbin.
Verdien på småbruk, bustadhus, fritidshus, hytter og stølar fell kraftig, om dei i det heile er råd å omsette, eller er interessante for nye generasjonar. Forventninga til turistnæringa må leggast til sides.
Med dei planane som i dag føreligg, vil over 300.000 menneske i distrikta bli direkte skadelidande. I tillegg kjem alle dei som bur i byane som har sine naturopplevingar og kanskje sine røter på kysten, eller i innlandet. Meiningsmålingar tyder på at 80 prosent av folket er i mot denne raseringa av natur og lokalsamfunn. Liknande inngrep har aldri skjedd før i landet vårt.
Liknande inngrep har aldri skjedd før i landet vårt.
Men regjeringa hamrar vidare. Det dei truga menneska høyrer er: «De må ofre noko for det grøne skiftet. De må godta at desse stygge inngrepa kjem i dykkar rekreasjonsområde».
Tyskland skada si energiforsyning med å stenge ned kjernekrafta og reparerer med auka bruk av fossil kraft. Industriproduksjon vert flytta frå Europa til asiatiske land saman med CO2-utslepp. Kina auka utsleppa med fire prosent i første kvartal i år. Berre denne auken er tre gonger større enn årleg utslepp frå Norge.
For mange som kjenner seg truga, spreidde det seg eit håp om at nye teknologiske løysingar kunne spare raseringa av natur og lokalsamfunn. I Norge kan rein, rimeleg og stabil kraft frigjerast med energieffektivisering, varme frå jord og sjø, eller solkraft på tak. Vi har også kraftoverskot som vi eksporterer. Men kjernekraft er nok det einaste som kan gje håp om global reduksjon av klimagassar dersom veksten skal halde fram. Men regjeringa tek igjen den arrogante tonen.
Styresmakter som ikkje lenger lyttar til folket, men til særinteresser og lobbyistar, øydelegg landet si berekraft, enten det gjeld økonomiske, sosiale eller miljømessige tilhøve. Dei har alt rota bort vårt viktigaste konkurransefortrinn; rimeleg, rein og stabil krafttilgang.
Slutt å herse med oss, lytt, lær og korriger.
Teksten ble først publisert i Nationen.