
«Ta vare på Hattfjelldals sjel: dei urørte fjellområda»
Forfatter:
Motvind Norge
Kategorier:
Publisert:
24. januar 2025
Del:
Av Eldri Vetleseter Visdal
Eg vart født, og vaks opp, på Sørflaten i Grubben i Hattfjelldal.Vi budde ved Røssvatnet, ein stabil innsjø med skogkledde holmar og nes. Vakkert. Far min, Jakob, kom frå Vågå i Gudbrandsdalen og jobba som lærar, først på Åkervik og Grubben skular, seinare berre i Grubben. I grenda heime møtte han mor mi, Mary, og dei bygde opp Sørflaten, rydda jord, sette opp bustadhus og fjos ca. midt på 30-talet.
Knapt tjue år seinare fekk vi alle rundt Røssvatnet, og på Røssvassholmen, fortalt at Røssvatnet skulle demmast opp, først og fremst for å skaffe nok straum til Aluminiumsverket i Mosjøen og Jernverket i Mo i Rana. Oppdemminga starta eit år tidlegare enn det som var sagt. Det vart ei ekstra påkjenning for dei fleste, ikkje alle kom seg unna vatnet i tide, og dei mista store verdiar. Det var eit overgrep. Vi, blant fleire andre, måtte rive husa og bygge nye høgare opp i terrenget, rydde skog og lage ny grasmark.
Eg hugsar det vart travelt med å få fjerna dei siste stokkane av huset før vatnet kom. Pipa sto att, og rasa saman av vind og bølgjer etter kvart. Andre mista heile garden sin. Etter snart 70 år har området sånn nokonlunde «reparert» seg att, men reguleringa held fram med svært breie steinete strender om sommaren, og til dels vél fullt vatn utover hausten, der bølgjene av og til erobrar nytt land. Det er likevel framleis utruleg vakkert der med vatnet og fjella.
Ein dag i fjor las eg at nokon ønskjer å kle fjella aust og nordaust for Røssvatnet med vindturbinar! I urørt villmark! Det var som å få ein knyttneve i magen, eg vart bokstaveleg heilt kvalm, fysisk dårleg! At nokon i Hattfjelldal ein gong kan finne på å tenkje den tanken, er rett og slett ikkje til å forstå! Då velta dei fram alle minna eg har frå oppveksten om det som var, og som vart øydelagt for alle som bur/budde ved Røssvatnet, og om korleis det var å oppleve reguleringa. Sume ser ut til å ha ønske om å øydelegge fjella også, noko som rammar dei same områda! Det vil bl.a. gå utover landbruk og reindrift. No blir det prata varmt om sjølvforsyning i landet vårt, då må dei som lagar maten få gode vilkår for å gjera det.
Eg, som svært mange andre, har hatt stor glede av å ferdast i heimfjella. Eg bur ikkje der no, eg bur i heimbygda til far min, men eg har vore mange turar i fjella heime likevel. Mannen min og eg har gått mykje i heimfjella mine. Vi har bl.a. fiska i Bjørkåselva heilt opp til Kjerringvatnet, gått vidare til området ved Brunreinvatnet, Raudvatnet, Raudvassdalen til Våkvatnet m.m., fiska i tjern og elver, plukka molte, – alt dette i urørt villmark. Ein gong mannen min og eg slo opp telt ved eit tjern mellom Kjerringvatnet og Penkeln, vart vi omringa av ein reinflokk som gjekk og beita. Fantastiske opplevingar som gir oss menneske avkobling, og ny energi til kvardagslivet, godt for både kropp og sinn.
Mange menneske har, og har hatt, stor glede av å ferdast i urørt natur. Å øydelegge urørt villmark for evig og alltid med vindturbinar er rett og slett eit overgrep mot alt liv i området: vekster,dyr, menneske, vassdrag, – eit overgrep som, etter mi meining, er større enn reguleringa av Røssvatnet. Det vil forurense alt: myrer, bekkar, elver, tjern, vatn, og gi støy både for øyre og auge. Å hevde at vindturbinanlegg er ein del av «det grøne skiftet» er meiningslaust, – det er ikkje mykje «grønt» i å rasere villmarka, i verste fall nesten frå Børgefjell til Okstindane! Og lysblinkane frå turbinane vil vera synlege mykje vidare.
Det er gitt konsesjon til bygging av kraftverk i Krutåga (som renn ut i Røssvatnet), og for kraftverk i Mølnhusbekken. Det vart avslag på søknad om kraftverk i Bjørkåselva: «Det er lagt avjørende vekt på ulempene kraftverket ville ha for vassdragstilknyttet biologisk mangfold.» (Sitat frå nettet, NVE: Konsesjonssak – Krutåga kraftverk)
Vatnet som renn i Bjørkåselva kjem frå Kjerringvatnet, myrer, og alle små og store bekkar langs elva. Alt dette vil bli forurensa av eventuelle vindkraftanlegg, til stor skade for biologisk mangfald. Det same gjeld for heile området.
Det går ikkje an å setja ein pengeverdi på fjellområda. Så mykje pengar finst ikkje! Er det lovnad om raske og store pengesummar som freistar sume i Hattfjelldal? Bankar og politi informerer og åtvarar oss mot svindel: OBS!! Om noko er for godt til å vera sant, så er det som regel det! Det er berre negative følgjer om kommunen går inn for vindkraftutbygging. Kven vil flytte til bygda, eller vera turist der, om den urørte villmarka er øydelagt for evig og alltid? Eg trudde dei urørte fjellområda er ein svært viktig del av kommunens identitet, og ein viktig årsak til at mange kjem til Hattfjelldal. Ikkje ta frå komande generasjonar gleda ved å ferdast i urørt villmark i heimkommunen deira. Å gjera det vil vera eit ran, og ein katastrofe for alt liv der!
Ta vare på Hattfjelldals sjel: dei urørte fjellområda!