Tankekors og traumer, 16. april 2021 på Haramsøya


No skjer det grufulle som mange på Haramsøya og Longva, ja, i heile landet, har grudd seg til – fase 2 i det mange opplever som ei brutal hærtaking. Første skipet med komponentar la til kai på Håneset i natt, og rundt klokka 13 starta transporten av rotorblad opp på Haramsfjellet. I dag tidleg demonstrerte 20 hardhausar i Longvafjorden, seinare på dagen samla Lisbeth Austnes og aksjonsgruppa ca. 100 deltakarar på Håneset til apellar og vardetenning. Mot desse fredelege markeringane var nærare 70 politi- og vaktstyrker kalt ut; seks politibiler, sju biler fra Securitas, to som er fast stasjonert samt ein båt fra Ålesund Havnevesen! Men – godt ver, godt fellesskap og god mediadekning – opp i sorga og det heile var aksjonsgruppa godt nøgd med dagen.

Vedtaket om statleg plan er ikkje eit lovleg vedtak.  Kaia på Håneset er ulovleg bygd. For fugl og fisk er dette er verste tida på året, både for ilandføring, transport og anleggsarbeid. Dette er ikkje berre eit tankekors, det er ei tragedie, på mange vis. Vi kan ikkje leve med at samfunn, natur og miljø blir utsett for terror, tvang og traumer som dette.

Arne Nævra (SV) har stilt statsråden spørsmål om kvifor statsråden og departementet ikkje har gjort noko for å stanse prosjektet.

 

Det er vår, og naturen vaknar til nytt liv på Mørekysten. 200 meter fra Håneset er eit gytefelt for torsk, og her klekker no rogna til yngel som har si første levetid i fjorden – der dei store båtane kjem. Tusenvis av fugl kjem til øya for å hekke.  I denne tida har vi lært at naturen skal ha fred.

Zephyr AS sin tungtransport vil også gjere fylkesveg 5974 vanskeleg for ålmenn ferdsel, einaste vegen mellom Haramsøya og Longva. Politiet stiller no som før opp for tungtransporten frå kaia og opp på fjellet.

19. juni instruerte Stortinget regjeringen om å gjennomgå saksbehandlinga av vindkraftkonsesjonar.  Og den 13. juli 2020 fekk statsråd Tina Bru brev med påminning om at konsesjonen til Haram Kraft ble innvilga gjennom statleg plan, utan at regionale myndigheter eller statlege sektororgan blei gitt høve til innsigelse slik det er krav om i §2-1.7, 7 ledd i energilova. Kvifor blei ikkje Stortinget informert om dette? Kvifor gjorde statsråden og departementet ingenting for å stanse dette ulukkelege prosjektet?

Arne Nævra (SV) sendte 12.04.2021 skriftleg spørsmål til olje- og energiministeren:

“19.06.2020 ba Stortinget regjeringen om å gjennomgå saksbehandlingen av vindkraftkonsesjoner for å se om lovens krav var fulgt. Jeg er kjent med at statsråden 13.7.2020 mottok en e-post som pekte på at konsesjonen til Haram Kraft ble innvilget gjennom statlig plan, uten at regionale myndigheter eller statlige fagetater ble gitt anledning til innsigelse i samsvar med § 2-1, 7. ledd i energiloven. Hvorfor informerte ikke statsråden Stortinget om dette lovbruddet, som burde resultert i byggestans og tilbaketrekking av konsesjonen?”

Konsesjonen vart vedteke 23.06.2008, og då plan- og bygningslova blei endra 1.7. 2009, var konsesjonsvedtaket til klagebehandling. OED avfeide 14.12.2009 klagene og nytta den nye snarvegen med bruk av «statleg arealplan» etter ny plan- og bygningslov og endra energilov. OED hoppa over paragraf 2-1,7. i same lov, og dermed blei statlege sektororgan, kommunale og regionale myndigheiter fråteke motsegnsretten dei hadde etter 01.07.2009 til påverknad etter både det nye og gamle lovverket.

Dette var eit lovbrot. Og dette skulle OED ha oppdaga i gjennomgangen av konsesjonsprosessen, og OED skulle trekt konsesjonen attende.

Datoen 01.07.2009 for ikrafttreden av den nye plan- og bygningslova er viktig. Etter konsesjonsvedtaket 23.06.2008 skulle utbyggar utarbeide reguleringsplan og søke Haram kommune om godkjenning og søke om dispensasjon frå arealdelen til kommuneplanen, slik prosessen for vindkraftverk var under den gamle lova. Då kunne dei statlege sektororgana ha brukt retten etter pbl til uttale og motsegn. Dette vart aldri gjort, det vart aldri nokon planprosess for vindkraftverket på Haramsfjellet.

Skriftleg spørsmål frå Arne Nævra (SV) til olje- og energiministeren   – Til besvarelse

Sunnmørsposten Haramsøya
NRK – Vindkraft på Haramsøya (tidslinje)
TV 2 Demonstranter hoppet i vannet 
Pågående aksjonar på Haramsøya, Miljøvernforbundet

Les meir om Haramsøya