Taus vår – støyande sommar
Denne våren vert fjelltoppar sprengde og planerte, og på toppane kjem enorme master med støyande vindturbinar.
Foto: Arnfinn Nilsen
Denne våren vert fjelltoppar sprengde og planerte, og på toppane kjem enorme master med støyande vindturbinar.
Av: Marcus Johannessen Småbrukar og medlem i Motvind
NRK Ytring 04.06.2020
Våren 2020 er til endes. Etter covid-19 og stenginga av Noreg, vil han truleg verte ståande som ein merkestein i minnet og historiebøkene.
Men for store delar av landet er det ei anna sak frå våren 2020 som vil sette meir varige spor enn koronaviruset. For i store område av Noreg vert det no gjort omfattande og irreversible inngrep, som set sterkt preg på villmark, kulturlandskap og menneske.