Ti bod – innspel til regjeringspartia

FN har bedt ansvarlege politiske parti over heile verda ta naturkrisa på alvor. Vi har tillit til at komande regjering der AP og SP gjekk til val på uttalen om at no er det folk flest og distrikta sin tur, i dette viktige saksområdet vil legge vekt på våre 20 000 betalande medlemmer og eit par hundretusen sympatisørar – vanlege folk. Også at SV bør ser sjansen til å forsterke sin naturprofil og støtte vårt innspel.


“Gjennomfør ei uhilda gransking av korleis konsesjonssakene for vindkraft og overføringsnett er handtert dei siste 20 åra i statsforvaltninga, med særleg vekt på NVE, OED, Miljødirektoratet, kommunane og statsforvalteren sine roller og forvaltningspraksis.” Dette er eit av dei ti natur- og energibod Motvind Norge no har sendt til AP, SP og SV. Vindkraftbransjen si rasering av naturarven dei siste åra må stansast, i staden må vi bruke allereie tilgjengeleg energi mykje meir effektivt, seier påtroppande dagleg leiar i Motvind Norge, Stein Malkenes.

– Våre ti natur- og energibod tek utgangspunkt i regjeringa Bratteli sine ti oljebod som Stortinget samrøystes vedtok for 50 år sidan og som la til grunn at oljeformuen skulle tilhøyre det norske felleskapet. I energipolitikken er dette prinsippet blitt heilt borte til fordel for profittmaksimering for kraftbransjen. Dette gjer seg også utslag i prisauken  på  straum, noko vi har advart mot i lang tid, seier Malkenes

– Ulike regjeringer og storting har vedtatt galskapen. Det verste er at dei når folk i heile landet protesterer og skadeomfanget synleggjort, har unnlatt å gripe inn. På toppen av alt er forbrukarane og næringslivet tvunge til å betale rekninga. Han legg til – no har komande regjering ein sjanse til å rydde opp og ta tilbake styringa over norsk natur- og energipolitikk.

Med Ti natur- og energibod foreslår Motvind Norge ein ny politikk for naturvern, naturbruk og energiforvaltning. Forslaget gjeld naturverdiar både på land og til havs, og viser korleis regjeringa kan styre Norge utan å halde fram med rovdrift på natur- og samfunnsverdiar, slik vi opplever det no.

Motvindrørsla er ein del av folkeopprøret som har stige fram dei siste åra. Bondeopprøret, Bunadsgeriljaen, Industriaksjonen og fleire har som felles utgangspunkt at sentralmakta lar særinteresser ta seg til rette og gjere store inngrep i lokalsamfunn og på ulike samfunnsområder, og folk flest opplever å få øydelagt kvardagen og grunnfesta verdiar. Det folkelege opprøret påverka også valresultatet. Dette store engasjementet bør bli etterlevd av komande regjering.  I Motvind Norge har vi derfor tru på at Jonas Gahr Støre vil stoppe vidare naturrasering gjennom å avvikle det omfattande vindkraftregimet og i sær dei store økonomiske særfordelane som i dag er drivarar for spekulasjonen med naturen og kraftsystemet.


Motvind Norges 10 natur- og energibod. Innspel til regjeringserklæringa, brev av 22.09.2021 til Ap, Sp og SV

Kvifor er vanlege folk så sinte og triste? Her Haramsøya. Foto: Håkon Akselsen.