Tina Bru – vær grei, sei NEI

I dag har Nei til vindkraft i Gulen ei markering med  fakkelhjarte på Tusenårsstaden, vollen for Gulatinget som er arnestaden for Gulatingslova,  grunnlova og nasjonen Norge. 

Gulen kommune har einstemmig vedteke NEI til utbygging av Dalsbotnfjellet. Nei til vindkraft i Gulan krev at staten ved OED respekterer lokaldemokratiet. Nei til vindkraft i Gulen, utfordrar alle velgjarar til å gjere årets val til eit naturval! Stem på parti og politikarar som bergar naturen vår. 

Konsekvensutgreiingane frå 2010 og 2011 er mangelfulle og manglar vurderingar på forureining; mikroplast, bisfenol og hydraulikkolje til natur, beiter og drikkevatn. Dalsbotnfjellet er nedslagsfelt til vår drikkevasskjelde.

Trude Brosvik (Krf): Gulen har sagt nei, og då bør det ikkje bli utbygging. Kristin Mjanger (H): har purra på OED og Tina Bru for å få fortgang i avgjerda. Sidan motstanden lokalt er så sterk, trudde begge på nei. Foto: Arnold Matre

Ved vår Grunnlovsarne krev vi å verte høyrde.
Vi ventar fortsatt på svar på klagene som no ligg i OED på tredje året.
Vilkåra i konsesjon er gått ut: Prosjektet skulle vere ferdigstilt innan 31.12.2020. Zephyr har ikkje søkt om forlengelse, noko vilkåra seier skal gjerast seinast 6 mnd før utgang av fristen.
Zephyr AS reknar konsesjonen som gyldig, trass alle klagar og vilkår Vi utfordrar ALLE politiske parti i Sogn og Fjordane til å sei kvar dei står for i denne saka. SV heldt appell på Oppedal 15. februar. På tusenårsstaden kjem Høgre og Krf. Vi vil ha fleire markeringar fram mot valet, og alle parti vil bli utfordra.

Vi meiner vindkraftutbyggingane vi ser rundt i landet: Haramsøy, Okla, mm er brot på §112 i Grunnlova, den såkalla miljøparagrafen. Det er også på tvers av FN sitt naturpanel sine anbefalingar om å ikkje bygge ned meir natur! 

Kva har skjedd i saka om Dalsbotnfjellet?

  • 2009 første møte med Zephyr 
  • 2012 NVE lover på fellesmøte at det ikkje vert gitt konsesjon dersom kommunalt nei 
  • 2012 kommunen sa NEI 
  • 2013 konsesjon gitt med frist for ferdigstilles 31.12.2020. Konsesjon går ut 2045.
  • Klager fra private, kommune, bygdelag og lignende 
  • 2015 konsesjon opprettholdt av NVE, sendes til OED. Vindprosjekt på Brosviksåta trekt. Zephyr søkte om ny linjetrase 
  • 2018 Zephyr på første synfaring, sender søknad om ny trase 
  • Juni 2019 OED på synfaring saman med Miljødirektoratet, mfl. 
Nei til vindkraft i Gulen, i samarbeid med Folk For Fjella, VON (Vern om Nordhordlandsfjella) og Ung For Fjella. Foto: Arnold Matre

Kven er Nei til vindkraft i Gulen?
Vi har arbeidd sidan 2010, og organiserte oss i 2020 med  nært samarbeid med Folk for Fjella, VON og Motvind Norge. Vi arbeider mot vindkraft i Gulen kommune. Kva vi har gjort? 

  • Sendt inn klager og uttaler sidan 2011 
  • Organisert synfaringar 
  • Bunadsdemonstrasjon på Dalsbotnfjellet då OED var på synfaring, med Klassekampen, VG, Bergens Tidende og NRK 
  • Innlegg på seminar og møter på Skjerjehamn og Sande i Sunnfjord 
  • 1750 underskrifter mot vindkraft – Gulen har 2300 innbyggjarar – overlevert kommunestyret, som ordførar har gitt til OED 
  • Vardetenning 8. oktober 2019 og 2020 fleire stader i Gulen kommune 
  • Fakkelhjarte 15. februar 2021 på Oppedal ferjekai med appell frå SV 
  • Informasjonsbrosjyre delt til alle husstander i kommunen 
  • Fakkelhjarte 11. mars på tusenårsstaden og staden for Gulatinget

Les meir om Gulen, Sognefjorden og dalsbotn vindkraftverk her

#NATURVALG21