Trekk dåke ut med verdighet
Det er ein hard kamp no mot vindkrafta som stykker opp landet vårt bit-for-bit. Det å være delaktig i dette er å være skyldig.
Av: Laila Haukeland – Motvind Vestland
Det er ein hard kamp no mot vindkrafta som stykker opp landet vårt bit-for-bit. Det å være delaktig i dette er å være skyldig.
Min heimplass, mitt rotfeste er trua av vindkraft, våre fjell. Eg eig dei ikkje, det er det grunneigaren som gjer. Men allemannsretten seier me alle kan betrakte dei som vår alles. Så er du gjest i fjella så ikkje sei dei er dine, dei er alles.
Fjella og naturen eig mest sin egen rett til å være økosystem og næringskjeden for alt levende liv, syns eg, habitater for dei stemmelause artene som bur der. Det øydes no, overalt i vårt land, så det er mange som kjenner dette vondt i seg, som meg. Og ja dette er vondt inni folk, me er blitt påført ein kamp og i meg så sitt det i kvar celle.
Eg veit at om fjella knuses heime i Masfjorden så knuses noko i meg, for då må eg i sjølvsyn sjå den råskapen og det kyniske eg betegner det som no er i emning MOT naturen og dei stemmeløses habiteter, og oss. Så når eg har det slik inni meg så er det heilt rett for meg å bidra med det lille eg kan på avstand for dei på Bremangerlandet, Gulaslettene, Dalsbotnfjellet, Stadtlandet og Haramsøya på Mørekysten m.fl. Perler på snor langs kystleia vår, fugletrekkskorridorer og fuglereservat. Havsul og, fjæresteinskonsesjon gytefelt og matfat. BKK dåke er av dei som jobber for havvind.
Eg vil gjengi noko eg blei fortalt av ein i denne saka. Han var på sjøen å fiska, på land i nærheten er det vindkraftannlegg. Så blir han oppmerksom på ein fugl som skrik så sårt. Auga fell på ein fugl som kretser i området vindkrafta er, fuglen kretser og kretser og skrik sårt. Det sto i tankene hans : « Kor er flokken din, ligg dei att inni annlegget no?» Slike inntrykk slepp ikkje innvendig.
Det er me som bur i områda som vil høyre fuglen skrik, for me høyre utav erfaring når noko er galt i røysta til dei stemmelause.
Me veit det ikkje blir holdt 100 % regnskap med dødfugl grunna vindkraft uansett art. Og me veit at no kjem turbinene opp der fugl er venta, på titallstusenvis av fugl. Forvent at fuglen er den tapende part i møte med ein vindturbin med vengehastighet opp mot 300 km/t.
Kven våger å knekke «Vestlandsryggen» fjellkjeden som tar imot regnet tenker eg.
For meg er fjella trygghet, dei gjer meg rotfeste i livet, sanselig og i kunnskapsmessig arv. Reint inni meg så veit eg at når eg nærmer meg Østlandet i reise så åpner det flate landskapet seg i vidde, horisonten og himmelen blir så stor og eg føler meg «naken, ubeskytta og liten» inni meg.
Fjella gir «bølgene» i syninga. Flatt landskap har ikkje slike bølger og eit bilde på museum kan aldri erstatte dette sanseinntrykket inni folk, kun skape lengsel og beundring så lenge ein står der å ser på nasjonalromantikken som det heiter så fint.
Fjella har navn. Fra kjøkenglaset ser eg Ådneburen, det gamle seilingsmerket. I nærheten er Bogsfossen som ofte «renn oppover» i ei sky av fossevann grunna vindråser nedenfra.
Som lita var eg mykje på tur i fjella med far min. Eg elska å springe fort nedover steinrøyser, sakse med føttene kontrollert gjennom urer. Det gjer eg ikkje lenger, ikkje er eg mykje til fjells og spring gjer eg ikkje grunna ein skade. Men sanser fjella i rotfestet mitt gjer eg kvar dag.
Fjella trues no av vindkrafta. Ingen har varsla, ikkje Staten, ikkje vårt lokale BKK.
Men klippe snorer kan dei, desse festkledde folka, nett slik som i sangen om Ola Tveiten. Så kvifor står dei å smiler så fint ved snorklipper feiringa si lurer eg på. Feirer de med oss eller mot oss? Feirer dei sin egen fortreffelige forretningsutvikling som dei ikkje viser fram?
Festen er slutt, glansen har bleikna.
Stillaset er rigga klart for vindkraft.
Masfjorden sitt slagord er : «Masfjorden ein kommune me er stolt av».
Eg har kjent på stolthet for kva min kommune bidrar med til storsamfunnet, me er lite folk som forvalter store areal, mykje fjell.
Men no når me seier, nei blir me respektert?
Me blir ikkje respektert, dei overser vårt nei og dei varskodde ikkje. Det er slikt som gjer at tilliten min svinn.
For min del veit eg at om vindkrafta kjem i min horisonts «bølger» …. ja så veit eg ikkje om eg klare å bu heime lenger. Turbiner i den høgda med varsellys vil ta vekk Blåtimen og nattemørket i fjella. At BKK er delaktig er ein stor skuffelse…. me har vore stolt …..våre egne har vært med å bygge det dåke høster av verdier hjå oss…
Når naturen herjes med blir eg innvendig rasende, rasering av det det ville livs habiteter og landskapet sjølv skjer no.
Fjella er fortid og nåtid, me skylder framtida ei stor beklagelse om «Vestlandsryggen» knekkes.
Dette må ikkje skje, ikkje her og ikkje på perlene langs kystleia vår. Me kan ikkje etterlate oss ei vindkraftindustrialisert kystlei både på land og i fjæresteinene så eg ber folk om å bry seg meir. Reis å besøk desse plassene eg har nevnt i sommer, det kan være siste sjanse slik dei no ligg urørt og naturgitt til låns frå ettertida.
BKK. Kven har gitt dåke tillatelse til å knuse skaperverket, bølgene i syninga?
BKK, trekk dåke fra vindkraft med verdigheten i behold, fra Masfjorden, Bremangerlandet og Havsul
Fjella har navn…