2023_Snoheia_Vardebrenning_1

VARDEBRENNING: REDD SNØHEIA!

11. februar vert det tent vardar fleire stader, for å […]

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

8. februar 2023

Del:

11. februar vert det tent vardar fleire stader, for å varsle om at Snøheia er i fare. Grafisk design: Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn

Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn arrangerer vardetenning lørdag førstkommende, for å varsle om at Snøheia er i fare.


Vardebrenning er den gamle måten å varsle at det er fare på ferde. Symbolikken er sterk, og som moderne aksjonsform er vardebrenning det ein stille og verdig måte å protestere på. No er det fare på ferde på Snøheia i Sunnfjord, og fjella rundt. Saman med støttespelarar frå fjern og nær markerer Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn den sterke motstanden mot planane Eviny, Hydro og Zephyr har om å bygge 250 meter høge vindturbinar i rundt 1000 meters høgde i fjellområdet mellom Høyanger og Sunnfjord.  

Vardar og bål vert tende  

LAURDAG 11. FEBRUAR KL. 18.00  

Det blir tent vardar på fleire stadar. Lokale arrangørar informerer via sosiale sosiale kanalar og jungeltelegrafen. Det vil sjølvsagt vere høve for publikum å møte opp fysisk der det blir tent vardar og bål. Tidspunktet er det same alle stadar. I Førde er publikum velkomne på Hafstadfjellet og utanfor Sunnfjord rådhus.

REDD SNØHEIA-aksjonen skjer 11. februar, ei kort veke før vindkraftutbyggjarane skal orientere kommunestyra i Sunnfjord og Høyanger om sine omfattande planar for vindkraftutbygging på Snøheia.

 

REDD SNØHEIA-aksjonen skjer 11. februar, ei kort veke før vindkraftutbyggjarane skal orientere kommunestyra i Sunnfjord og Høyanger om sine omfattande planar for vindkraftutbygging på Snøheia. – Heilt sidan vindkraftplanane vart gjort offentlege ei kort veke før jul 2022, og grunneigarane vart inviterte på møte i Førde, har Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn merka eit aukande engasjement mot vindkraft blant folk, seier leiar Ingunn Kjelstad. -På to dagars varsel møtte opp mot 150 personar for å markere sin motstand mot vindkraft utanfor Energihuset i Førde. Motstanden mot vindkraft er i medvind som aldri før, og det vil omfanget av vardetenninga også vise.  


PRAKTISK INFORMASJON  

  • Det er ikkje lagt opp til program eller appellar, berre vardar og bål.  
  • Du må gjerne ta initiativ til å tenne eige bål, men hugs å få løyve dersom du er på annan manns eller offentleg grunn.   
  • Ta gjerne foto og del i sosiale kanalar. Dette må gjerne spreiast!   
  • Aktuelle emneknaggar: #reddsnøheia #motvindnorge #motvindvestland 
  • Merk gjerne: @motvindnorge