Vi kjempar vidare, om ikkje i retten

Anlegget på Haramsfjellet. Foto: Sissel Lorgen Giske


Pressemelding frå Nei til vindkraftverk på Haramsøy


Vekene etter dommen har vore intense, og det har gått med mange timar til å tenke og diskutere ulike scenario for framtida. Sjansen for at vindkraftverket blir stansa er liten, og kostnadene ved å ta saka vidare blir for stor. Vi vel derfor å ikkje anke saka.  

Vårt formål med rettssaka var å stoppe utbygginga. Det har vi ikkje klart. Der vi trudde lovene skulle trumfe forvaltningspraksis, har det motsette skjedd. Politikarar har ønska vindkraftutbygging og gitt vide rammer til forvaltninga for å få bygd vindkraftverka rundt omkring i landet. Dette blei avgjerande for tingrettens dom. Derfor ser vi det som lite truleg å nå gjennom i ei ny runde i rettsvesenet. No er vindkraftverket snart ferdig bygd og det er sannsynleg at det bli ståande, sjølv om vi skulle vinne fram i lagmannsretten. Ein ugyldig konsesjon kan rettes med å fatte eit nytt gyldig konsesjonsvedtak, og for staten er dette å føretrekke framfor å bli møtt med eit erstatningskrav frå Haram Kraft. Når sjansen for at vindkraftverket blir stansa er så liten, blir kostnadene ved å ta saka vidare for stor. Vi vel derfor å ikkje anke saka.  

Vindkraftverket er gitt lengre konsesjonstid enn energilova opnar for. Etter energilova kan konsesjon gis for 30 år rekna frå da konsesjonen  vart gitt, mens Haram Kraft fekk konsesjon i 30 år frå anlegget vart satt i drift. Fyrst ei veke før rettssaka omgjorde OED vedtaket om konsesjonstid, for å unngå at retten stadfesta ugyldigheit på dette grunnlaget. Etter søknad frå Haram Kraft vart konsesjonstida endra frå 30 år rekna frå idriftsetting til 30 år rekna frå siste konsesjonsendringsvedtak. Det inneber over 1,5 år kortare produksjonstid og omlag 60 millionar kronar i redusert inntekt. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor Haram Kraft ville gje avkall på desse verdiane rett før rettssaka: Loven er klar på at maksimal konsesjonstid gjelder frå vedtakstidspunktet og ikkje idriftsettingstidspunktet, og dei risikerte å tape heile konsesjonen i retten om ikkje dette blei endra.

Det som er vanskeleg å forstå, er kvifor OED ikkje tok fatt i denne feilen og stansa konsesjonen når dei vurderte vedtaket etter bestillinga frå Stortinget 19. juni 2020.  OED har ikkje svart ut Stortingets vedtak på riktig måte. Feilen knytt til konsesjonstida vart ikkje påpeika og handsama av forvaltninga, verken i dette vedtaket eller i andre vindkraftkonsesjonar som er gitt på same vilkår. Vedtaka blei difor ikkje stansa slik som Stortinget bad om.

Vi har erfart at det er altfor dyrt å tape rettssaker, og kostnadene med ein ny runde i retten har vore avgjerande til at vi no vel å ikkje anke saka.

På eit punkt vurderer vi derfor å ta saka vidare: Århuskonvensjonen forpliktar Noreg til å sikre at det ikkje er uoverkommeleg dyrt å ta miljøsaker til retten. Domstolen har ikkje teke omsyn til dette når vi vart dømd til å betale over ein million i sakskostnader til Haram Kraft og staten. Sakskostnadene vurderer vi  å anke til lagmannsretten. Med ein anke over sakskostnadene kan vi også kjempe vidare for at fleire miljøsaker i framtida kan få ei rettsleg overprøving.

Det må jobbast vidare for at regjering og storting skal ta innover seg dei alvorlege negative konsekvensane av måten bransje og forvaltning går fram på med lange fristutsettingar og manglande involvering av lokalbefolkning og lokaldemokrati. Ein må jobbe for at energiforvaltninga skal ta omsyn til innspel og innvendingar frå fagmiljø og andre instansar. Det kan ikkje vere opp til utbyggar og deira konsulentar å kartlegge konsekvensane av sitt eige naturinngrep, når avgjersla om utbygging nettopp bygger på omfanget av naturinngrep. Dette svekker demokratiet og tilliten til systema.

Vi er takksame for alle som har bidratt med protestar, kunnskap, arbeidsinnsats og pengestøtte. Mange har gitt no også, og det varmar å stå i lag med heile landet om dette. Det er fantastiske menneske vi har i Norges land!

Tap av natur er den største trusselen ifølge FN og det er nødvendig at naturens eigenverdi blir vekta på ein heilt anna måte enn i dag. Det må også bli lettare for folk, lokalsamfunn og organisasjonar å få ei rettsleg prøving av vedtak som gjer inngrep i naturen for eksempel ved å etablere ein miljødomstol eller miljønemnd.

Sjølv om vi no legg bort saka om konsesjonens gyldigheit, vil vi jobbe for å hindre nye vindkraftutbyggingar på naturen og lokalsamfunnets rekning. Pengar som blir til overs etter at sakskostnadane er betalt, vil gå til vidare arbeid med dokumentasjon og utarbeiding av fagrapportar som også kan vere nyttig for vindkraftmotstanden i resten av landet. 

Vi vil også fokusere på å få redusert negative konsekvensar av vindkraftverket, og kunne hjelpe dei som blir utsett for ulemper frå vindkraftverket i driftsfasen. Vi vil halde fram med å presse på for at dei ansvarlege for bl.a. naturmangfald, folkehelse, støy, iskast [MKB1], flysikkerheit og forureining skal ta det ansvaret dei har.

Vi ser fram til vidare samarbeid med Motvind og andre grupperingar mot vindkraft. Siste ord er ikkje sagt!