knut-langeland

Knut Langeland med sonen Aksel på Skavlabu turisthytte i Stølsheimen. Hytta ligg innanfor området til det planlagte vindkraftverket, Hordavind. Foto: Privat

Ville du ofra det kjæraste du har, Hansmark?

Det beste du kan gjere, er å la naturen vera i fred. Leiaren i Unge Venstre, Sondre Hansmark, går i ein kronikk i BT varmt i forsvar for ei vidare utbygging av vindkraft i Noreg. Også i område der det er upopulært.

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

9. juni 2020

Del:

Knut Langeland med sonen Aksel på Skavlabu turisthytte i Stølsheimen. Hytta ligg innanfor området til det planlagte vindkraftverket, Hordavind. Foto: Privat

Det beste du kan gjere, er å la naturen vera i fred.

Av: Knut Langeland

Leiaren i Unge Venstre, Sondre Hansmark, går i ein kronikk i BT varmt i forsvar for ei vidare utbygging av vindkraft i Noreg. Også i område der det er upopulært.

Dette gjer Venstre-ungdomen i ei tid då det stormar meir enn nokon gong rundt vindkraft i landet vårt. Det veksande folkelege opprøret har kome tydeleg til uttrykk på Haramsøya, i Vefsn, på Vardafjellet, på Frøya, i Buheii og fleire andre plassar.

Ryggmergsrefleksen, sjølv langt inn i regjering, departement, storting og direktorat, vil eg tru må vera at slik kan vi ikkje ha det.

Her må noko gjerast, her er det behov for å sjå på prosessane og konsesjonsvilkåra, når lokalmiljø etter lokalmiljø, bygd etter bygd, kommune etter kommune reagerer, etterlyser medverknad og ber om stopp.

Når autoritetstru, lovlydige norske borgarar og einskildpersonar står fram offentleg og fortel at dei er villige til å gjere seg skuldig i sivil ulydnad for å berga sin nærnatur, kunne ein kanskje ha håp om at det ville gjera eit visst inntrykk.

Men, nei. På Hansmark prellar det av. «Bygg meir», befaler han, tilsynelatande totalt upåverka av intensiteten og engasjementet i dei protestane vi ser. Alle verkemiddel må takast i bruk for å få til ei grøn omstilling, og i denne omstillinga synest vindindustri, i Hansmarks bok, å vera sjølve trylleformelen.

Har du ikkje, Hansmark, fått med deg at det beste vi kan gjera for klimaet, er å la naturen vera i fred? Alle verkemiddel, seier du, men ser vekk frå det enklaste, mest opplagde og billigaste. Å la naturen ligga som han ligg.

I staden gjentek du den løgna som andre også prøver å fortelja, at vindkraft er lønsamt. Nei, Sondre Hansmark, vindkraft kjem med ein enorm kostnad. Ein sosial kostnad, uttrykt godt nok gjennom folks fortviling og raseri.

Ein miljøkostnad i form av enorme inngrep i urørt natur, men også ein økonomisk kostnad i form av sterke subsidiar (grøne sertifikat), som vi alle er med å betala for, i tillegg til gunstige skatte- og avskrivingsreglar.

Du òg har som føresetnad i resonnementet ditt at naturen er gratis. Kor rettvist er det, Hansmark, at det finaste tomtelandet vårt, det gir vi vekk, heilt gratis, til i hovudsak utanlandske investorar?

Hansmark nøyer seg ikkje med å setja seg til doms over folk på Haramsøya og Frøya og andre plassar, som tillèt seg å protestera mot overgrepa dei kjenner seg utsette for. Ifølgje han har dei ingenting å klaga over.

Unge Venstre-leiaren lagar seg dessutan høgstemte tankar om korleis Noreg skal bidra til ein grøn revolusjon i Europa.

Samstundes veit vi at om vi bygger ned kvar einaste haug og åskam og holme i landet vårt med vindindustri, så vil det norske bidraget til denne grøne revolusjonen vera neglisjerbart.

Og sjølv kan eg ikkje få meg til å tru at Hansmark, endå så feiande frisk og nytenkjande og ungdommeleg fordomsfri han måtte ha lyst til å vera, kan ønskja å sjå alt som er «furet og værbitt» bli til sundskotne industriområde.

Då blir spørsmålet, Hansmark: Når Haramsøya, Buheii, Vardafjellet, Øyfjellet, Frøya og alle dei andre lokalsamfunna og naturperlene er endeleg nedkjempa av deg og dine forbundsfeller, kor vil du reisa då?

Til kva kommune, bygd, øy eller fiskevær vil du reisa for å fortelja innbyggarane der at dei no er dei neste på lista? At dei òg må ofra seg, og det kjæraste dei har, for noko så storslege som å berga verda, eller i det minste Europa.

Nye innlegg