Vindkraft? – fortenesta blir privatisert og ulempene blir sosialisert
Vindkraft? – fortenesta blir privatisert og ulempene blir sosialisert
Kampen om vindkraftverket på Snøheia rasar med framtidsfrykt og massiv påverknad frå dei som vil tene på dette naturøydeleggjande prosjektet.
Drivkrafta bak dette brutale og omsynslause angrepet på vår natur, livskvalitet og helse er sjølvsagt pengar. Det er ein kamp om å tene store pengar til nokre få, medan vanlege folk sit att med ulempene. Det som lokkar er superprofitt til private eigarar og feite suksesshonorar til prosjektutviklarar og kraftsjefar.
Planinitiativets forbanning
To utbyggjarar har levert planinitiativ for fjella i Høyanger og Sunnfjord til kommunane. Planinitiativet er eit dokument med ein førespurnad til kommunen om løyve for utbyggjar til å setje i gang konsekvensutgreiing (KU). Men, eit ja frå kommunen vil ikkje berre være eit løyve til utgreiing – det er også startsignalet til å setje i gang planprosessen for å regulere om fjellområdet til industriareal! Denne prosessen ynskjer NVE skal gå parallelt med utgreiinga.
Får utbyggjarane ja til å setje i gang KU og omregulering, så vil prosessen normalt gå til det føreligg ei konsekvensutgreiing med konsesjonssøknad og forslag til omregulering av arealet. Sjølv om kommunen i første omgang skulle seie nei til søknaden og omreguleringa så vil det no ligge eit gryteklart vindkraftprosjekt i skuffen. Det kan, på kort varsel, seinare leggjast fram på nytt for kommunestyret til godkjenning. Utbyggjar får dermed også lov å lage seg eit finurleg utgangspunkt for eit framtidig vindkraftkupp!
Verdival
Vindkraft er eit verdival. Seier ein kommune ja til å setje i gang prosessen for å regulere om areala har ein i realiteten teke dette verdivalet og sagt at vindkraft er akseptabelt – no er det berre prisen som skal utgreiast.
Utbyggjarane har systematisk bagatellisert denne viktige avgjerda. I dei få kommunane som hittil har sagt ja til KU er det mykje som tyder på at ein ikkje alltid har forstått kor viktig og inngripande den eigentleg er. Nokon stader har utbyggjarane til og med samarbeidd tett med politikarar for å lure avgjerda kjapt igjennom i kommunestyret. Demokrati tek tid og slik oppstår det eit demokratisk underskot.
Utbyggjarane sine fakta
Mantraet til utbyggjarane på dette stadiet i prosessen er det same over heile landet. «Vi må få fram fakta» heiter det. Ordlyden og argumentasjonen er så lik over alt at ein skulle tru at argumenta var laga i ein fabrikk ein stad og levert til heile kraftbransjen for å bli gjentekne som av papegøyer.
Det er sjølvsagt utbyggjarane sine eigne «fakta» frå kjøpestudia deira som dei vil ha fram. Slik systemet verkar er det utbyggjar som vel ut og lønar konsulentar for å lage dei utgreiingane som går inn i ei KU. Det er også utbyggjar som «kvalitetskontrollerar» og godkjenner utgreiingane for framlegg for kommunen.
Får ikkje utbyggjar det svaret dei ynskjer kan dei legge utgreiinga vekk og gå til ein annan konsulent slik dei gjorde på vindkraftverket Okla på Stadlandet. Den konsulenten som ikkje leverer det rette svaret får ikkje jobb neste gang – og det veit konsulentane.
Vi har nok av konsekvensutgreiingar som ikkje stemmer med verkelegheita. Det er allereie bygd 65 vindkraftverk i Noreg og ein treng ikkje ei KU til for å forstå kva verkelegheita er. Ein kan berre ta ein tur til eitt av dei store vindkraftverka i fjellområda våre og sjå kva øydeleggingar det har blitt der.
Når det gjeld ting som kan tolkast som fordelar ved vindkraftverka, så kan ein trygt lite på at utbyggjarane allereie har lagt ut om det i det vide og breie i alle forum. Vi treng ikkje noka KU for å få desse luftige forteljingane gjentekne.
KU-ar styrt av utbyggjarar må sjåast på som ei forsøpling av kunnskapsgrunnlaget vårt fordi vi ikkje kan vite kva som er sant eller ikkje – og kva som manglar. Vi treng ikkje KU for å vite konsekvensane! Som økonomane seier blir konsekvensen at: «Fortenesta blir privatisert og ulempene blir sosialisert».
Sveinulf Vågene, Bremanger
Geolog og energirådgjevar i Motvind Norge