Geitfjellet1 aug 22

Foto: Kari Merete Andersen

Vindkraft i Telemark?

Landskapet vert dramatisk endra når det byggjast ut vindindustri. Biletet […]

Forfatter:

Motvind Norge

Publisert:

14. februar 2023

Del:

Landskapet vert dramatisk endra når det byggjast ut vindindustri. Biletet viser vindkraftanlegget på Geitfjellet i Trøndelag. Foto: Kari Merete Andersen

Vindkraftbransjen har kasta blikket sitt på Vest-Telemark, og grunneigarar i området får no «grønne eventyrtelefonar med gullkanta tilbod». Les den klåre åtvaringa frå Linda Lind!

Tekst: Linda Lind, kunstnar og naturvernar


Eg kjem frå Frøya, men bur og trivst i Vest-Telemark. På Frøya står det 14 vindturbinar plassert på det høgaste området på øya, det som før var det finaste rekreasjonsområdet. Kraftverket har no stått i over to år, og det har vore tallause lynedslag i turbinane. Det har óg vore lekkasjar av hydraulikkolje og ei stor forureining frå eit havari der ein venge på 15 tonn ramla ned. Vengen er enno ikkje overlevert til eigar Trønder Energi/ Statweke Munchen frå Vestas som har sett det opp. Slik det har vorte på Frøya, skuldar alle på nokon andre, og ingen tek ansvar, korkje Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), kommunen, Vestas eller Trønderenergi.

Slik det har vorte på Frøya, skuldar alle på nokon andre, og ingen tek ansvar, korkje Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), kommunen, Vestas eller Trønderenergi.

Forrureininga av bisfenolhaldig epoxy-plast låg i fleire månader, og vinden spreidde plasten utover eit dobbelt så stort område. Det var alt ifrå små fragment til bitar på storleik som plastpåsar som vart liggande att etter grovryddinga. Kor mykje som ligg i vatna og ned i vegetasjonen, veit vi ikkje. Dei grunneigarane som leiger ut sine eigedommar til vindkraftverk, får dei ikkje att slik dei var før dei vart hyra ut. Noreg er eit kupert land som i liten grad egnar seg til vindkraftverk. Nedover i Europa står turbinane på flatt land. I Noreg må det lagast store skjæringar i landskapa for å laga ti meter breie vegar å frakte installasjonane på. Ein turbin krev omlag ein halv fotballbane til å stå på. Landskapet blir aldri det same igjen.

Åslaug Haga drøymer om luftskip som kan frakta turbindelar, men på Frøya måtte det store kranar til for å få ned den havarerte turbinen. Eg veit ikkje korleis Haga tenkjer seg at vedlikehald og reparasjonar som krev enorme kranar, skal gå føre seg med luftskiptransport, så eg tykkjer mest det er luftige draumar. Det kostar omlag ein million kronar å demontere ein vindturbin. Frøya vindkraftverk vart pantsett for 360 millionar euro i samband med at kraftverket tok opp lån for bygginga. Eigendommane til grunneigarane får då heftelsar som får betydning ved salg og overdraging og for verdi fastsetting av eigedommen. Her vil vera snakk om ein verdireduksjon.

Linda Lind. Foto: Privat

Bankane som har gjeve lån til kraftverka kan kreve at panten innfris dersom kraftverka går konkurs. I Sverige er det fleire eksempel på at kraftverk har gått konkurs og der kommunane ikkje maktar å ta rekninga for å fjerne turbinane. Om det ikkje er ein bankgaranti, vil det innebære store tap for kommunane. I verste fall kan reikninga for oppryddingsarbeid falle på grunneigarane. Grunneigarar kan og bli bøtelagde for forureining frå konkursramma kraftverk. Dei fleste vindkraftverk i Noreg er anten heil- eller deleigd av utanlandske selskap, som stadig omset dei vidare. Slik blir det nesten umuleg å finne fram til ansvarlige eigarar.

Kommunane blir lova arbeidsplassar med kraftverka. På Frøya er det no to i fast stilling. Den eine er vaktmann og plukkar opp daude fuglar. Entrepenøren som laga veg og oppstillingsplassar hadde arbeid eit drygt halvår. Ellers vart turbindelane frakta på utenlandske båtar, med utenlandske lastebilar med sjåførar som skattar til andre land. Montering, vakthald og reparasjonar er gjort av gjestearbeidarar. Lokal arbeidskraft er brukt i liten grad.

Når kommunar seier ja til konsekvensutgreiing, mister dei i realiteten kontrollen, for då tek NVE over. Ikkje berre grunneigerar blir ramma av verditap, det blir óg andre med eigedom nær industrianlegga. På Frøya har verdien av boliger i nærleiken av kraftverket gått ned med 30-40 % etter at kraftverket kom opp. Mange ynskjer å flytte frå området, men får ikkje seld husa. Dei har óg lån på husa sine, og greier ikkje kaupe nye stader å bo når dei må selje med tap. Dette tapet er det privatpersonar som må ta, og det øydelegg lokalsamfunn. Fleire slit med helseplager mellom anna på grunn av støy og infralyd. Dei sit fast i husa sine utan å kunne koma seg vekk.

På Frøya har verdien av boliger i nærleiken av kraftverket gått ned med 30-40 % etter at kraftverket kom opp.

No pressar vindindustri på natur i Noreg for å øydelegge noko av det finaste me har i bygdane. Fleire av dei områda som dei ynskjer bygge kraftverk på, er fin urørt natur som har vore matfat og rekreasjon i mange generasjonar. Mange grunneigarar i Vest-Telemark får i desse dagar gullkanta tilbod og grønne eventyrtelefonar frå vindkraftutbyggarar. Det gjeng føre seg hemmelege prosessar kor grunneigarar blir sett opp mot kvarandre og lokka inn i det såkalla grøne skiftet med fine ord, pengar og avtalar. Det er viktig for meg at alle dei som vert lokka, skal få høyre kva dei går inn i. Mi bøn til alle grunneigarar i Vest-Telemark, er at dei seier nei til vindkraft. Vi har alt utnytta mykje av naturen i Telemark til produksjon av vasskraft. Me treng ikkje å produsere ustabil sekundærkraft frå vind som ikke produserer mer enn to- tre månader i året (tal frå NVE). Me har kraft nok til å seie nei.

Mi bøn til alle grunneigarar i Vest-Telemark, er at dei seier nei til vindkraft. Vi har alt utnytta mykje av naturen i Telemark til produksjon av vasskraft.


Nye innlegg