Haramsøya (Haramsfjellet vindkraftverk)

Foto: Kjell Audun Hagen, Håkon Akselsen, Birgit Oline Kjerstad, Vegard Halkjelsvik, Jill Remme


Ragnhild Sandøy
Journalist


Birgit Oline Kjerstad


Bård S. Solem
Kart/Illustrasjoner

Publisert: 17. mars 2020
Oppdatert: 13. januar 2021 10:57

Saken

Kontroverser

Vedtak om statleg arealplan var eit overgrep imot lokaldemokratiet
Haram Kommune har aldri ønska utbygging av Haramsfjellet. NVE gav likevel konsesjon i 2008 som OED bekrefta i 2009. Det kan stillast spørsmål om heimel for bruk av statleg arealplan i denne saka, og om det er gjort gyldig forvaltningsvedtak når konsesjonen er endra og forlenga utan ny involvering av kommune og lokalsamfunn så seint som i 2019. Siste høyringsvedtak i kommunen vart gjort i ei stemning av alvorleg kraftkrise, delvis skapt av konsesjonssøker Tafjord kraft AS og krefter som den gongen arbeidde for gasskraftverk i Møre og Romsdal. Haram Kraft var uansett ikkje avgjerande verknad på den midlertidige anstrengte forsyningsituasjonen.

Endring av naturreservatgrense utan fagleg vurdering – saksbehandlingsfeil
I 2010 fekk OED MD til å endre grensa for naturreservatet på vestida av øya for å gi plass til vindkraftverket. Dermed vil svært mange av reira som skulle vere verna kome inn i planområdet. Dette skjedde utan ei fagleg vurdering og utan at regionale og lokale fagmyndigheiter var involvert. NOF påpeikte saksbehandlingsfeil og at denne saka burde vore vurdert etter § 49 i Naturmangfaldslova. Det er fuglefredingsområder på tre kantar av fjellet og plasseringa av eit vindkraft her er i strid med Norge sine forpliktelser etter Bernkonvensjonen. Berre 14 m klaring mellom bakke og vingesveip gir problem for fugl, insekt og flaggermus.

Mangel på involvering av rettigheitshavarar – saksbehandlingsfeil etter forvaltningslova
Berre grunneigarar med grunnavtale i planområdet vart varsla om vedtak om forlengelser og endringar av konsesjonen i perioden 2012-2019. Nei til Vindkraftverk på Haramsøya og Haram kommune er uenige i NVE og Zephyr sin definisjon av berørte parter. Personar som får påført verditap på eigedom, som får støy og skuggekast frå turbinar, og lokalsamfunnet som får friluftsområde industrialisert, burde sjølvsagt varslast om søknad om konsesjonsendringar og forlengelsfristar.

Mangelfullt beslutningsgrunnlag
Bygda Ulla ligg i vind og solskygge og vil få støy og skuggekast frå anlegget. På Yste Haram vil bustader, beitområder og naturreservat få turbinane over seg i ein avstand som kan gi generande støy. På ei lita øy i ei tett øyrekke, vil anlegget få store negative konsekvenser for bolyst, livskvalitet og naturmangfald. Konsesjonen kviler på ei utdatert og mangelfull KU frå 2003. Kvaliteten på rapporter om fugl, naturmangfald og arealbruk i MTA-plan prosessen er tvilsam. Både kommune og fylke har gått imot utbygginga.

Dette er for stort inngrep på ei lita øy. Planlagt produksjon er halvert og forsyningssituasjonen er heilt annleis enn i 2009. Samfunnsnytten er ikkje dokumentert

Området og landskapet

Haramsfjellet, stor verdi for fugl og folk i Møre og Romsdal

Haramsøy er ei hattøy med eit markant fjell og grøderike strandflater, midt i øyrekka Nordøyane nord for Ålesund. Øya har namnet sitt etter ørna, Arehammer, og havørn har vore karakteristisk for fjellet og øya opp gjennom historia.

Fjellplatået Haramsfjellet i øyrekka Nordøyane er omkransa av verdifullt kulturlandskap, fuglefredingsområde og naturreservat på tre kantar, og har nokre av dei flottaste og mest lett tilgjengelege utsiktspunkta på Mørekysten. Dei store fugletrekka vår og haust går gjennom området. Platået er ein mosaikk av verna naturtyper, terrengdekkande myr, kystlynghei og seminaturlig eng og dyrka mark. Små areal og spesielt verdifullt kulturlandskap på strandflatene rundt øya.

Haramsfjellet var ikkje dekt av is under siste istid. Områda som er att av lynghei og myr har såleis ein særleg verdi. Moser, lyng og andre planter gir liv til insekt som igjen gir grunnlag for fuglar å leve der. Sjeldne moser og lavarter finst i terrenget. Det er eit mylder av liv i de solfylte skråningane mot sør og vest om sommaren. Dagsommerfuglar som blåvinge, keiserkåpe og okseøye trivst på kanten av naturreservatet mot vest. Kvevsar, bloddråpesvermer og andre insekt sanker nektar i blomer langs kanten og på den grunne gamle myra og rundt dyrkamarka. Om våren syng lerka i vakre triller og gauken gjel. Går ein stien langs røra ser ein spurvefuglar og mange spor etter større fuglar i form av gulpeboller. Rovfugl bruker luftstraumane langs fjellsidene for å lyfte seg opp og få oversikt og bevege seg frå den eine til den andre sida av øya i søket etter mat. Måsefugler bruker også desse luftstraumane.

Nordøyane er eit svært viktig område for stadbundne og trekkande arter av fugl. Det går enorme fugletrekk forbi og over øyane vår og haust, og store mengder stadbundne fugl overvintrer på og rundt øyane. På kysten av Møre og Romsdal er 26 verneområder for fugl, og tre av desse omkransar Haramsfjellet. Under vardetenninga i oktober 2019 møtte dei rastande vadefuglar som bada i pyttene på Ullahornet.

Heile fjellet var lynghei og terrengdekkjande myr til ca. 1000 da vart oppdyrka på 1970-80 talet. I samband med dyrkinga vart det bygd veg opp og over fjellet. Tradisjonelt har fjellet vore saue- og hestebeite, og det var sommerfjøsar i Ulladalen. No er det ein flokk storfe som brukar beite på dei dyrka områda i Ulladalen.

Høgste punkt på fjellet Mannen er 347 moh. og  Ullahornet 342 moh.
Det er eit fantastisk lys og spektakulært utsyn frå fjellet. Med 180 grader havutsikt gir det å vere på Ullahornet ein vinterdag kjensla av å vere på verdas tak. På klare dager kan vi sjå heilt sør til Stadt og nordover til Sandøy og Ona, ja heilt til Bud. I Sør Aust kneiser Jønshornet og Sunnmørsalpane.

På strandflatene er det tett i tett av kulturminner, og øyane har ein særleg sjeldan geologi med eruptive bergartar oppe i dagen ut mot havet.

Svære vindturbinar over hovudet innanfor dominans og territorieavstand alle stader på dei vakre strandflatene ut mot havet vil vere eit utåleleg tap for regionen.

Vi har ikkje hatt forfattarar eller reiseliv som har marknadsført dette fantastiske øyriket på Nordøyane. Det har fått vore i fred, og det bør det også få vere i framtida.

Status

Klage på MTA plan ligg til sluttbehandling i OED. NVE vedtok oppsettande verknad 4. oktober 2019, og utbyggar får ikkje starte opp anlegget før klagehandsaminga er ferdig.

I klagene ligg det krav frå både kommunen, NOF og Nei til Vindkraftverk på Haramsøy om saksbehandlingsfeil og krav om å vurdere konsesjonen på nytt ut frå nye omstende og ny kunnskap.

Behandling i Haram kommune

(på grunn av kommunesamanslåing er linkar til sakene ikkje mogleg.)

2006 Vedtak imot utbygging (26 mot 10)
2008 Klage på vedtak om konsesjon
2009 Ny høyring Haram Kraft AS og Havsul II, vedtak gjort med ordfører si dobbelstemme, – ikkje ja til Haram Vindkraftverk åleine.
2019 Høyring MTA plan. Bør ta meir omsyn til busetnad på Ulla. Ny veg problematisk.
29. aug  Kommunestyret gjekk einstemmig mot utbygging og kravde konsesjonen vurdert på nytt. Sak løfta som innbyggerinitiativ.
Klage på MTA plan godkjenning. Haram kommune påpeikte saksbehandlingsfeil, mangel på involvering av berørte parter og endra føresetnader.

360graders foto: Vidar Sønderland

 

Siste

Kommunestyret krev stans på Haramsøya

Fylkespolitikerne krever stans i vindkraftutbygging på Haramsøya

Svar fra Nei til vindkraftverk på Haramsøy til olje- og energiminister Tina Bru:
«På tide at folket blir høyrt og konsesjonen opphøyrd»

NRK Dagsrevyen 11.06.2020

NRK: Vindkraft på Haramsøya

https://youtu.be/APU_gf68rz4
https://youtu.be/z72EUKXTy4k
https://youtu.be/IeabDmdictY
https://youtu.be/0TexORmZKXE

Foto: Vegard Halkjelsvik



Lenker

NVE konsesjonssak
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=25&type=A-1,A-6

Vedtak i OED 24.03.20
https://motvind.org/wp-content/uploads/2020/03/haram-kraft-as-haram-vindkraftverk-klage-pa-nves-godkjenning-av-mta-og-detaljplan-l1137365.pdf

Nei til vindkraft på haramsøya
https://www.facebook.com/groups/2335417910107001/

Innbyggerinitiativ Viken
https://www.opprop.net/innbyggerinitiativ_angaende_vikens_eierskap_i_zephyr_as

Tidslinje
2002 – 2007

2002

0?.09.2002 Melding om vindkraftverk på Haramsøya og Skuløy/Flemsøy

2003

14.08.2003 Haram Kraft AS stifta med 2 mill kr. i aksjekapital.
09.01.2003 NVE fastsett KU program.

2004

13.12.2004 Konsekvensutgreiing og søknad. Sweco Grøner AS søkte på vegne av Haram Kraft AS om konsesjon for utbygging av Vindkraftverk på Haramsfjellet. Folkemøte på Haramsøy. NVE ba om innspel til KU. Motstand i lokalbefolkninga vakna.

2005

25.01.2005 KU lå føre og NVE arrangerte folkemøte på Haramsøy samfunnshus.
02.06.2005 NVE  kravde tilleggsutgreiinger.
09.12.2005 Haram Kraft AS leverte tilleggsutgreiingar, høyringsfrist 09.12.2005.
Konfliktvurdert av Riksantikvaren – konfliktgruppe D
Turbinar i Bergedalen på Flem vart tekne ut av planane.
Ny konfliktvurdering – konfliktgruppe C, men verdi for landskap kan bli endra om andre vindkraftprosjekt blir realisert på kysten.

2008 – 2014

2008

24.06.2008 NVE ga konsesjon på 66 MW vindkraftverk med inntil 16 turbiner med rotordiameter 120 m og tilhøyrande 132 kV kraftledning til Alvestad transformatorstasjon. Ca. 200 Gwh produksjon.
Vektlagt betydeleg kraftunderskudd i området og gode vindforhold.
Haram kommune, NOF, Ope Landskap og fleire til klaga vedtaket.

2009

25-26.05.2009 Sluttbefaring OED, MD, og møte med kommunen.
14.12.2009 OED ga konsesjon og ga vedtak med verknad om statlig arealplan.
Igangsetjingsfrist 01.06.2013.

2012

07.08.2012 Konsesjonsendring. Ny frist for igangsetjing.31.12.2014
Forlenga varigheita til 31.12.2039 Søknaden vart ikkje varsla av NVE.
NVE ba Haram Kraft AS orientere grunneigarar og rettigheitshavarar om vedtak og klageadgang. Søknaden vart ikkje almennt kunngjort.

2014

30.01.2014 Konsejonsendring. Utsatt frist for igangsetjing 31.12.2017 og forlenga varigheit til 31.12.2045. Igjen ber NVE utbygger om å underrette grunneigarar og rettigheitshavarar om vedtak, klageadgang og klagefrist.

2015 – 2020

2018

00.01.2018 Zephyr AS kjøpte Haram Kraft AS
05.04.2018 Konsesjonsendring. Endra anleggskonsesjon. Vindkraftverk, transformator og jordkabel. Ny igangsetjingsfrist 31.12.2020 og ny varigheit. 31.12.2045

2019

25.01.2019 Konsesjonsendring. Kaianlegg, Ro ro, avkjørsel og sjøkabel.
Ny igangsetjingsfrist 31.12.2021 og ny varigheit 2046

07.02.2019 Konsesjonsendring. Vindkraftverk, transformatorstasjon, kabelanlegg, kaianlegg.

30.08.2019 MTA plan for 33.6MW og 8 150 m høge turbinar godkjent av NVE. Samtidig endring av varigeheit for konsesjon frå 25 til 30 år og til 31.12.2051. 

16 aktører klaga saka, derimellom Haram kommune, NOF, Norsk Televisjon AS
Ytre Haram Vasslag og Aksjonsgruppa «Nei til Vindkraftverk på Haramsøy».

04.10.2019 NVE vedtok oppsettande verknad. Utbygger får ikkje starte opp arbeidet før klagene er behandla.  

18.11.2019 NVE sende over klagesak på godkjent MTA plan til OED

Fakta

Tekniske fakta

Konsesjon på 66 MW og inntil 16 vindturbiner med max rotordiameter 120 m.

Effekt: 36,6 MW, MTA plan godkjent av NVE
Årsproduksjon: 100 Gwh (50 % av det som låg til grunn i konsesjonssøknaden)
Tal: 8 stk. Vestas 4,2 MW
Navhøgde: 82 m
Rotorspenn: 136 m (16 m meir enn i opphavleg konsesjon)
Totalhøgde: 150 m
Anleggsvegar lengde: 5,4 km; 3,3 km ny veg og oppgradering av 2,1 km eksisterande jordbruksveg.
Adkomstveg: 1,7 km ny veg opp på fjellet frå ro ro kai.18 % stigning på det brattaste.

Selskap

Eigarskap: Taaleri Energia, Finskregistrert investeringsselskap
Konsulentselskap: Sweco Grüner AS /Multiconsult AS
Utbyggerselskap: Zephyr AS
Entreprenører: Stangeland Maskin AS

HaramKraft AS vart stifta i 2003 av lokale aktørar og søkte konsesjon på Haramsfjellet i 2004. Zephyr AS som hadde vore med sidan starten via Vardar og Østfold Energi, kjøpte seg opp til 100% eigarskap i Haram Kraft AS i januar 2018.

Zephyr AS selde 100 % av aksjane til Taaleri Energia hausten 2019, og Haram Kraft AS endra namn til Taaleri Haram Kraft AS.

Zephyr skal utvikle og drifte anlegget.

Illustrasjoner

        Illustrasjoner: Bård S. Solem, MOTVIND Norge

Media

Kronikker/Leserinnlegg

Beskrivelser

Videoer

Haramsøy. Video og dikt av Oddny Haram Halskjelvik
https://www.facebook.com/100004875496638/videos/1267694973403007/

Haramsøya – Ålesund, Lepsøya, Haramsøya, Ullasundet, Flem skule – Flying Over Norway
https://www.youtube.com/watch?v=hlSUG7FAjis

Sørensgarden fjellslått
https://www.facebook.com/watch/?v=1378084222288688


MAVIC AIR – Haramsøy
https://www.youtube.com/watch?v=C3xB92BrqW4&fbclid=IwAR2QB76CNBmh9rerKKpjt2k2FncRGK5sxkhR5Bu1xxAg4QfAuLyuMk8FOPU

Haramsøy 11 11 2017
https://www.youtube.com/watch?v=X9j1wrwNTQU

Haramsøy
https://www.youtube.com/watch?v=6r6-2LHrjMg