Fortescue Future Industries (FFI) har kasta blikket sitt på jordbruksareal ytst på Mula. Foto: Privat

Ammoniakkeventyret i Hemnes

Ein ammoniakkfabrikk på Mula eller på Sundsmarka i Hemnes kan […]

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

28. mars 2024

Del:

Ein ammoniakkfabrikk på Mula eller på Sundsmarka i Hemnes kan forårsake ei katastrofe dersom det skulle oppstå eit stort utslepp av ammoniakk.

Tekst: Sveinulf Vågene, rådgjevar i Motvind Norge


Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. 

Fortescue Future Industries (FFI) er eit australsk selskap som vil byggje to ammoniakkfabrikkar i Hemnes kommune. Som vanleg i slike saker er det intenst hemmeleghald rundt planane. Dei som ynskjer denne industrien velkomen, gjev lite eller ingen informasjon om risikoane og ulempene.

Kraftsløseri

Ammoniakken skal lagast av «grønt» hydrogen som blir kombinert med nitrogen. Produksjon av grønt hydrogen er ekstremt kraftkrevjande. Når ein brukar ammoniakk til drivstoff i skip, får ein totalt tilbake berre 17 % av den energien ein brukar for å lage den. Ammoniakk som drivstoff er difor eit kraftsløseri vi knapt har sett maken til. Planen er at store areal med norsk fjellnatur skal ofrast for å produsere vindkraft til dette sløseriet.

Produksjon av grønt hydrogen er ekstremt kraftkrevjande.

Eksplosivt hydrogen

Grønt hydrogen skal produserast ved elektrolyse på ammoniakkfabrikken. Hydrogen har tre gonger så høgt energiinnhold som bensin. Men det er spesielt den høge brennhastigheita (seks gonger metangass) som gjer hydrogen særs eksplosivt og farleg.

Hydrogen er det minste grunnstoffet som finst og lek gjennom dei fleste material. Det er difor svært vanskelig å handtere. Hydrogeneksplosjonen på UNO-X stasjonen i Sandvika i 2019 var resultat av ein lekkasje der 1,5 kg hydrogen eksploderte. Smellet var så sterkt at det blei registrert på jordskjelvstasjonen i Lommedalen.

Alvorlege katastrofescenario

Ammoniakk er ein giftig gass som spesielt angrip fuktige overflater i kroppen som slimhinner i auge, nase, munn og svelg. Berre 0,5 % ammoniakk i lufta er dødeleg. Ammoniakk blir lagra i flytande form som væske ved nedkjøling eller auka trykk. Tryggingsselskapet SG Safety beskriv korleis gass-skyer kan spreie seg ved ein stor lekkasje: «Væske som fordamper vil […] danne en kald tåke som er tyngre enn luft og legger seg langs bakken. Ved lekkasje kan gass-skyer av ammoniakk spre seg utover områder avhengig av vindforhold.»

Ammoniakkfabrikkar er storulykkebedriftar. Skulle eit stort utslepp av ammoniakk skje på Mula eller på Sundsmarka, vil den giftige gasskya drive langs fjorden med vinden. Store ammoniakklekkasjar kan påverke område på fleire kilometer. Ei av dei største og verste ammoniakk-ulykkene hende i Dakar i 1992 der 129 døydde. Modellering etter ulukka viser at område på nesten 5 km avstand kunne blitt påverka ved litt andre vindretningar.

Det seier seg sjølv at ein fabrikk som kombinerer produksjon av store mengder svært eksplosivt hydrogen og giftig ammoniakk, er eit særs risikabelt prosjekt. Det er ikkje sikkert at dei som bur langs Sørfjorden bør akseptere å leve med ein slik miljørisiko.

Ingen skip går på ammoniakk

Ammoniakk har i lang tid blitt nytta til blant anna produksjon av gjødsel. Men det blir hevda at framtida ligg i ammoniakk som drivstoff for store skip. Då kan det vere interessant å vite at det i dag ikkje finst nokon store skip i heile verda som blir drifta med ammoniakk. Det eksisterer difor ingen marknad for ammoniakk til skip! Ammoniakk for skip er så langt berre ein teknologisk «grøn» draum med mange store utfordringar. Det er denne draumen FFI vil satse på.

Ulønsamt

Den kraftkrevjande produksjonen med elektrolyse gjer ammoniakk til eit særs kostbart drivstoff. Ammoniakkfabrikken er avhengig av subsidier. FFI har allereie fått støtte frå EUs innovasjonsfond for ein liknande fabrikk i Bremanger kommune. Der kan dei med tida hente ut milliardar frå eit større tildelingsprogram. Det neste kan bli krav om Enova-støtte frå Noreg også.

Sidan det er så lite informasjon kan det vere at ikkje alle forstår kva farar og ulemper ein slik ammoniakkfabrikk vil medføre. Det er særs tvilsamt om det vil bli bra for bulysta i Sørfjorden når ein finn det ut. Kven vil ynskje å busetje seg nær ei storulykkebedrift som produserer giftig gass? Ammoniakkeventyret i Hemnes bør kanskje få lov å forbli akkurat det den mangelfulle kommunikasjonen tyder på at det er – eit eventyr.

Ammoniakkeventyret i Hemnes bør kanskje få lov å forbli akkurat det den mangelfulle kommunikasjonen tyder på at det er – eit eventyr.


Teksten ble først publisert av Rana Blad.

Nye innlegg