haramsoya-kjennelse-februar-2021

Haram Kraft AS tilbakeheldt vesentleg informasjon

Uforståeleg at det ikkje får fylgjer for utbygger. Vi byrjar […]

Forfatter:

Motvind Norge

Kategorier:

Publisert:

2. februar 2021

Del:

Uforståeleg at det ikkje får fylgjer for utbygger.

Vi byrjar å lure på om natur og alminnelege folk har rettsvern her i landet. Vi er overraska over at Lagmannsretten ikkje ein gong nemner den nye dokumentasjonen som syner at Haram Kraft AS tilbakeheldt vesentleg informasjon i saka i 2005. Denne informasjonen vart heller ikkje framlagt i sak om midlertidig forføyning i tingretten i oktober. At utbyggar slepp så lett unna på dette punktet er lite tillitsvekkande. Ein konsesjon som er gitt på vesentleg feil grunnlag kan trekkast. Konsesjonsutgreiingsforskrifta er klar på at det er utbyggar sitt ansvar å legge fram alle fakta i saka, og det er ikkje gjort.

Lagmannsretten held seg berre til dei to siste vedtaka, Konsesjon gitt februar 2019 og godkjenning av MTA plan 24 mars 2020, og meiner at så langt som arbeidet er kome har NTVH ikkje sikringsgrunn. Det vil seie at fare for å øydelegge vesentlege miljøverdiar medan vi venter på at hovudsøksmålet kjem opp i retten, ikkje er til stades. Hovudsøksmålet skal gå i Sunnmøre Tingrett i veka før påske. Men i ei slik sak kan det gå år og dag med ankerunder i fleire instansar før endeleg dom er felt.

Lagmannsretten har i liten grad gått inn og prøvd detaljane i hovudsøksmålet, men held seg strengt til sikringsgrunnen. Ein kan seie at det er det retten skal gjere i ei slik sak, men det er merkeleg at retten understrekar at kjennelsen frå tingretten er grundig. Det er grunnleggande for maktfordelingsprinsippet og menneskeretten at retten står fri til å prøve staten sin lovpraksis og maktutøving.  Det er nettopp lovpraksisen til NVE/OED vi meiner er lovstridig. Det er alvorleg for rettstryggleiken til natur og innbyggarar at forvaltningslova , naturmangfaldslova og konsekvensutgreiingsforkrifta ikkje er fylgt. Råka parter har ikkje fått opplysning om søknader, vedtak, konsekvensar og klagerett i rett tid. Dette er eit menneskerettsspørsmål. Det blir i tillegg eit folkehelsespørsmål når personar som tener på utbygginga har fått slik informasjon, medan dei som berre taper ikkje har fått informasjonen dei har lovmessigrett på.  Kjensla av å verte overkøyrd av ein kynisk utbygger, sviken av naboen og staten er ikkje god. Det er brot på folkehelselova. Denne understrekar kor viktig rettmessig medverking er, særleg i omstridde saker. I denne saka tek staten ifrå folk rettar og verdiar på investeringar ved at forlenga fristar og endringar ikkje er handsama slik det skulle etter forvaltningslova. OED meiner at saksbehandlingsfeila ikkje er av betydning, der er vi djupt ueinige.

Det alvorlegaste inngrepet for natur og folk skjer den dagen turbinane vert røyst. Det er då fugledrap, støy og skuggekast startar. Sidan rettsprosessen vil ta tid, vil denne kjennelsen i lagmannsretten føre til at vi risikerer at utbygginga vart fullført medan hovudsøksmålet går. Dermed er uoppretteleg skade skjedd. Det er ikkje slik at alt går tilbake til slik det var før om 30 år. Då har fugledrapa på gått og folk sannsynlegvis skygga unna bustadmiljøa som vert negativt påverka. Det har alvorlege negative konsekvensar for natur, miljø og samfunn. Men i staten Norge er tydelegvis fortenesta til postboksselskap og investeringsfond registrert i skatteparadis viktigare enn lokale verksemder, lokalbefolkninga sine nærmiljø og investeringar.  

No skal styret lese grundig gjennom kjennelsen og vurdere om vi har råd til å gå videre. Det er berre gjennom økonomisk støtte frå friviljuge og eventuelt andre organisasjonar som ser at denne saka er prinsipiell, at vi kan greie å finansiere søksmålet. Slik vi ser det er det tilliten til statsforvaltninga, at den fylgjer lova, og rettstryggleiken til natur og alminnelege folk som står på spel i denne saka.

Siste ord er uansett ikkje sagt.  

Kjennelse av 28.01.2021

Styret for NEI til vindkraftverk på Haramsøy
v/ Birgit Oline Kjerstad  
Mobil: 481 11 549

Pressekontakt:
Aina M. H. Hauge
Mobil: 913 38 497

Nye innlegg