bernt-brandal

Politikk uten logisk forankring – Ordfører Bernt Brandal i Hareid krever snuoperasjon

Vindturbinar som rasera perler på kysten, flytande industrianlegg midt i det viktigaste gytefeltet for NVG-sild, stastsubsidiert blokkering av dei viktigaste tråldraga på Tampen - dette er dessverre konsekvensane av ein politikk utan logisk forankring!

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

22. mai 2020

Del:

Av: Bernt Brandal
Foto: Hareid kommune / Erlend Friestad

Vindturbinar som rasera perler på kysten, flytande industrianlegg midt i det viktigaste gytefeltet for NVG-sild, stastsubsidiert blokkering av dei viktigaste tråldraga på Tampen – dette er dessverre konsekvensane av ein politikk utan logisk forankring! Det er dette ein kvar med fornufta i behald må kjempe i mot. Forsvar av desse overgrepa er tufta på (i beste fall) kunnskapsløyse.

Kva betyr ord og utrykk som «nasjonal råderett over norsk territorium», «norsk råderett i norsk økonomisk sone», «satsing på havrommet», «den blå åkeren», «fiskeria er framtida», «reiselivssatsing», «Noreg verdas vakraste turistmål eller «berekraft», «grønt skifte», «vere rigga for framtida», «robust energipolitikk»…. Eg klarer ikkje å sjå samanhengen mellom desse og det som no skjer på land, langs kysten og til havs!

Reiselivsmåla vert sprengde vekk, folket sine rekreasjonsområde vert ofra i ein uforståeleg avlatsprosess, gyteområdet for ein av verdas største fiskebestandar vert overbygd og forureina med både høgfrekvent og lågfrekvent støy, råderetten i norsk økonomisk sone vert selde til utanlandske selskap, viktige fiskefelt vert stengde.

Lokaldemokratiet og normal sakshandsaming i medhald av til dømes Plan og bygningslova vert tilsidesett og med Energilova i hand overkøyrer ein folk og næringsinteresser.

Når denne galskapen i tillegg vert subsidiert av den norske stat og den enkelte straumabonnent er vanvitet komplett! Det verkeleg berekraftige vert ofra i rein vankunne – vindkraft er «keisaren sine nye klede» og dei kostar uhorveleg mykje.

Nye innlegg