birgit-oline-kjerstad-haramsoya-profilb

Til alle våre følgarar

Av: Birgit Oline Kjerstad Når det er uro i rekkene […]

Forfatter:

Kronikker

Kategorier:

Publisert:

15. juni 2020

Del:

Av: Birgit Oline Kjerstad

Når det er uro i rekkene kjem det ofte av ei svak leiing, men før de dømmer oss så hugs at vi gjer noko vi aldri har gjort før og vi prøver på noko vanskelig.

Eg tok på meg å vere leder for gruppa av alminnelige folk som opplevde at vindkraftkonsesjonen på Haramsfjellet og vedtaka den kviler på er bygd på urett.

Og det er det vi er, alminnelige folk som ikkje kan sitje passive å sjå på at heimstaden og verdiane knytt til natur og miljø blir øydelagt av kapitalkreftene som står bak vindindustrien.

Det vi har oppdaga er at lovlige, demokratiske vedtak ikke er så tufta på lover og kunnskap som vi trudde. Difor har eg eit håp.

Vi har først og fremst eit håp om at dei som vedtek lovene, stortinget, skal opne augene og sjå kva som er i ferd med å skje. At forvaltninga svikter og overlet til pengekreftene å definere kunnskapsgrunnlaget og kva lover dei vel å fylgje. For stortinget vedtok mål, men ikkje at lover skal brytast for å nå måla.

For det andre håper vi på at Olje- og energiministeren tør å vere politiker og forvalte lovene stortinget har vedteke i tråd med formålet i lovene og ikke etter “forventningane i markedet”. Tina Bru må snu.

Lovene er der for å ivareta land og folk og livsgrunnlaget som naturen gir oss, ikkje pengene. Pengane er eit middel, ikkje målet.
Når alminnelige menneske som aldri i sitt liv har demonstrert eller heva røysta mot sentralmakta, då er det alvor. HØYR! Vi er kanskje både for uorganiserte og amatørmessige,
men vi har ikkje tenkt å bli professionelle demonstranter. Vi vil berre bli høyrt.

Siste høyringsfrist er ute. No har regjeringa nokre dagar til å sjå på saka på nytt.

Kommunen er på ballen og kan vere nøkkelen til å få avdekt om utbygger oppfyller vilkåra i konsesjonsvilkår nr 18 som omhandler støy. Brot på vilkåra betyr at staten kan trekke konsesjonen.

Energilova er klar. Er konsesjonen gitt på vesentlig feil grunnlag kan den trekkast.

Er det gjort saksbehandlingsfeil så kan vedtak vere ugyldige.

Berørte parter vart ikkje varsla om søknad om forlengelse av konsesjonen i 2018 og siste konsesjonsvedtak kan vere ugyldig.

Så då er spørsmålet:
Kva bygger konsesjonen på ?

– usikre vindmålinger.

– ei urett tolkning av kommunen sitt syn på utbygginga. Korleis kan ein ta kommunestyret i 2009 til inntekt for forlengelsesvedtaket i 2019 ? Ja det er færre turbiner, men det er bygging eller ikkje bygging som er det store miljøspørsmålet her, Ikkje om ein turbin står her eller der. Veg, høgde, massetak og lysmerking blir heilt annleis enn visualisert og gjort greie for i 2009. Påstanden om at færre turbiner har mykje å sei for miljøpåverknaden er ein påstand.

– støyrapporter gjer ikkje greie for usikkerheit knytt til lokale forhold. 30-50 hus kan kome over grensa sett i konsesjonsvilkåra. Det er viktige, verdifulle rekreasjons og naturområde som er meir verdt for storsamfunnet utan industri området.

– verdien for biologisk mangfald og særleg fugl, er undervurdert gjennom oppstykking og utplukk av einskilde setningar. Økosystem perspektivet er fråverande og temaet fugl munner ut i ei setning om å telje daude fuglar og sjekke om vandrefalk får ut ungar. Konklusjonane er merkelig lesnad når øya ligg midt i E6 ruta for store fugletrekk av bestander som det er eit internasjonalt ansvar for å forvalte etter Bern konvensjonen.

Nye innlegg